Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Nytt Syn og Segn 2/13 ute no: Er det liv under sperregrensa?
29.05.13


Blir 2013 året då det politiske sentrum omsider sløkkjer lyset og takkar for seg? I det nye nummeret av Syn og Segn kan du lese Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn om framtida til sentrumspartia i Noreg.

Janne Nygård har møtt kulturminister Hadia Tajik til intervju om framtida og politikken, og Kristin Fridtun skriv personleg og tankevekkande om transpersonar og korleis det er å vekse opp med ein kjønnsidentitet som ikkje enkelt let seg setje i bås.

Sveinung Rotevatn: Mellom raudt og blått
Sentrumspartia, med eit lite atterhald om Senterpartiet, kjem til å framleis spele ei viktig rolle i framtida, skriv Sveinung Rotevatn. Han tek for seg parti for parti og skisserar opp sannsynlege framtidsscenario med utgangspunkt i dagens politiske situasjon.

Janne Nygård: Eit skrivande menneske. Intervju med Hadia Tajik
Janne Nygård møtte Hadia Tajik til samtale om språkskifte frå bokmål til nynorsk, forventningane til henne som ung og ambisiøs, om framtida og kulturpolitikk. Ho seier at kulturdepartementet er det ultimate ytringsfridom- og demokratidepartementet, fordi kultur er meir enn berre hyggelege opplevingar til alle.

Terje Torkildsen: Sex, action, bannskap og ansvar
Kva er godt språk i ein ungdomsroman, spør Terje Torkildsen. Han skriv for dei som ikkje vil lese, for ungdommar som kanskje ikkje har vakse opp med fleire titals hyllemeter litteratur i heimen. Og då må ein kanskje skrive på ein annan måte enn det som konsulentar og forlagsredaktørar tilrår.

Jørgen Norheim: Å skrive Gulag. Varlam Sjalamovs lakoniske prosa
Varlam Sjalamov si livsoppgåve skulle bli å skildre vondskapen han opplevde som fange i Gulag, skriv Jørgen Norheim. Den russiske forfattaren sat sytten år som fange i dei russiske konsentrasjonsleirane og overlevde. I fjor kom det siste verket hans ut på tysk.

Patti Smith: Ullsankarane
Patti Smith blir kalla ”pønkens gudmor”, og boka hennar Sanka ull kjem ut på Samlaget hausten 2013. Vi serverer ein smakebit frå den komande boka allereie no!

Kristin Fridtun: Transtankar
”Eg gløymer heile tida at eg er ei kvinne,” skriv Kristin Fridtun. Korleis er det å vere i tvil om kva kjønn ein er, og kva gjer folk når dei møter ein person dei ikkje klarer å plassere i ein kjønnskategori? Fridtun lettar på slipset og kjem med personlege forteljingar frå livet utanfor kjønnsnormene.

Liz Buer: Forsvinninga av artane – og korleis ein potetbonde har teke vare på norsk plantearv
Halvparten av norske grønnsakssortar forsvann under industrialiseringa av landbruket, skriv Liz Buer. Ho tek oss med til Snertingdal, der ein potet-bonde har teke vare på eit stykke norsk plantearv.

Janne Nygård: Heile bygda byggjer skytebane
Kva er det som får ei bygd til å leggje ned fleire tusen dugnadstimar for å byggje ei ny skytebane? Janne Nygård undersøkjer bakgrunnen for skyttarlagsrørsla i Noreg, og kvifor ho enno står sterkt i mange lokalsamfunn. Med foto av den norske stjernefotografen Oddleiv Apneseth.

Bjørn Hatterud: Noregs særaste dialektskilje
Tvers igjennom Brumunddal sentrum renn ei lita elv. På den eine sida av elva seier dei stein og bein, og på den andre sida sten og ben. Bjørn Hatterud, som sjølv har røter i Brumunddal, utforskar det som må vere Noregs særaste dialektskilje.

Bjørg Nesje Nybø: Skoltesamane – eitt folk, tre land
Sjølv om Noreg har teke språket frå dei, er skoltesamane likevel ei livskraftig gruppe, skriv Bjørg Nesje Nybø. I dag er skoltesamane fordelte på tre land og utgjer til saman om lag 1000 menneske. Kven er dei, og korleis lever dei i dag?

Eivind Meland og John N. Nessa: Velferdsstaten – steinar for brød?
Kan ei allmennreligiøs vending i den terapeutiske kulturen bidra til ei meir berekraftig utvikling og eit alternativt fundament for velferda? Spørsmålet er det John N. Nessa og Eivind Meland som stiller, begge med bakgrunn som fastlegar.

Gunnar Skirbekk: Religion i moderne demokrati. Ein kritisk merknad til Stålsett-utvalet
Kva plass skal religionen ha i eit moderne Noreg? Gunnar Skirbekk er kritisk til Stålsett-utvalet, og meiner at framlegget deira gjer eit allereie dyrt og problematisk system endå verre.

Bente Riise: Viktige ting på nynorsk (leiar)
Nynorsk blir for lite brukt i media og i næringslivet, skriv Bente Riise, redaktør i Syn og Segn. For at nynorsken skal bli sett på som viktig, må språket brukast på viktige felt, og ikkje berre vere eit språk som er fint i dikt. Nett no trengst det også eit krafttak for meir sakprosa for barn og ungdom.


For meir informasjon eller meldareksemplar: Redaktør Bente Riise: 90 58 48 38 / bente.riise@synogsegn.no / www.synogsegn.no

Følg oss òg på: Facebook: www.facebook.com/pages/Syn-og-Segn/313256217617

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07