Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn 2/12 ute no: Demokrati, kontroll og opprør
30.05.12



Psykisk sjuke kan bli underlagt eit kontrollregime som er verre enn i fengsel, skriv Arve Kirkevik. I det ferske nummeret av Syn og Segn teiknar han opp eitt dystert bilete av korleis dei regionale tryggingsavdelingane kjem til å sjå ut om regjeringa får det som ho vil.

Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt barnebarnet til ein tidlegare Stasi-fange, og Sverre Storøy undersøkjer kor demokratiske valmetodane vi nyttar eigentleg er.

Jan Zahl: Oslofolk er visst flinkare
Er det fordi Oslofolk er flinkare enn andre at dei får over halvparten av alle statlege kunstnarstipend og garantiinntekter her i landet? Jan Zahl ser på kven som får dei statlege kunstnarkronene, og finn tydelege geografiske skilnader: Bergen: 6,4 prosent. Stavanger: 1,4 prosent. Oslo: 56,4 prosent.

Arve Kirkevik: Breivik-paragrafane. Kollektiv straff for psykisk sjuke
Regjeringa foreslo 1. mars i år omfattande endringar i lova for psykisk helsevern med berre tre vekers høyringsfrist. Arve Kirkevik meiner det er heilt feil at dei innlagde ved regionale tryggingsavdelingar skal bli utsette for endå fleire restriksjonar og kontrolltiltak berre for å råke ein person.

B.V. Henry: Den arabiske våren. Kulissane og realitetane
I desember 2010 sette ein fortvila ung mann i Tunisia fyr på seg sjølv i protest mot styresmaktene. B. V. Henry skriv om den arabiske våren, den vestlege flørtinga med arabiske diktatorar og korleis vegen vidare kan sjå ut.

Astrid Sverresdotter Dypvik: Døden i arkivet
Tre tusen sider med papir frå Stasi-arkivet fortel om lagnaden til Günter Bradhering, som sat dei siste sju månadane av livet sitt i fangenskap i Rostock i DDR. Astrid Sverresdotter Dypvik møtte barnebarnet hans, som leitar etter svar på kvifor og korleis bestefaren døydde.

Sverre Storøy: Er demokratiske val demokratiske? Får veljarane sin vilje?
Det er ikkje automatisk slik at det er dei kandidatar eller framlegg med flest røyster som vinn eit val. Alle valmetodar har svakheiter, men likevel er frie val sjølve grunnlaget for folkestyret. Sverre Storøy skriv om forskjellige valsystem og korleis ein kan utnytte dei.

Stephen J. Walton: Matriarkar som bryt handbak, og festgalne transvestittar
Heilt sør i Mexico ligg Juchitán, ein myteomspunnen liten by, som seiast å vere full av matriarkar og transvestittar som likar å ta seg ein fest. Stephen J. Walton skriv om sitt møte med den litt uvanlege byen.

Karl Egil Johansen: Nord for moralsirkelen? Kristenliv og ekteskapsmoral i Nord-Noreg
Er det slik at seksual- og ekteskapsmoralen har vore litt meir liberal Nord-Noreg enn sørpå, og er talet på born fødde utanom ekteskap høgare enn andre stader? Karl Egil Johansen går den nord-norske ekteskapsmoralen etter i saumane, og gjer eit overraskande funn.

Agnes Ravatn: «Lyg litt meir, Vetle-Erling!» Erling Lægreid om delfinar, Hamsuns kvinner og tulleri og tullera
Erling Lægreid var ikkje kjend for å vere smålåten. Agnes Ravatn vitja han på Kalvegjerdet i Årdal sommaren 2010, saman med Erlend O. Nødtvedt. Ravatn tek oss tilbake til ein av desse sommarkveldane der dei sit på plattingen hans og pratar om alt frå Hauge til Hamsun.

Margunn Vikingstad: Ein vaklande kritikk
Korleis bør ein kritikar gå fram når han eller ho melder omsett litteratur? Ofte blir det ikkje kommunisert godt nok at det finst ein omsetjar mellom originalen og det omsette verket. Margunn Vikingstad meiner kritikarane må løfte blikket opp frå boksidene og våge å utfordre sjølve omsetjinga.

Bente Riise: Rett og urett. Leiar.
Ein kan ikkje lage eit lovverk berre for å straffe éin person, for lova gjeld for alle, skriv Bente Riise. I mange år har gjeldande politikk vore å rive ned dei gamle gjerda i psykiatrien. På Dikemark bygger dei no opp att gjerda, i tilfelle Breivik skulle hamne der.

Elles i Syn og Segn 2/12:
Bent Are Iversen: Ting imellom. Fotoserie.
Michael O’Siadhail: Dikt og draum

For meir informasjon: Redaktør Bente Riise: 90 58 48 38 / bente.riise@synogsegn.no / www.synogsegn.no
Følg oss òg på: Facebook: www.facebook.com/synogsegn

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07