Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn 4/2004

Syn og Segn 4/2004
LEIAR
I selskap med Gadaffi
Norsk oljeindustri hentar ut enorme ressursar i mange fattige land, og mange stader der menneskerettane ikkje blir respekterte. Det medfører eit ansvar. Det ansvaret tar ikkje norske oljeselskap i dag, og det har dei aldri gjort. Indirekte støttar norske selskap brot på menneskerettane. Korrupsjon driv dei med sjølve, skriv redaktørane i leiaren.
av Teresa Grøtan og Ragnfrid Trohaug

NO CURE, NO PAY – SKULENS KVALITETSRESEPT
Verdas rikaste skule burde ha dei beste resultata, men har det ikkje. Statssekretær i Utdannings- og forskingsdepartementet, Bjørn Haugstad, trekkjer fram særleg desse veikskapane ved skulen: svakt læringsutbytte, større forskjellar, lite tilpassing og mykje bråk. Diagnosen er stilt, og resepten har vore «Kvalitet i skulen». I perioden 2000–2004 investerte regjeringa 670 millionar på kvalitetsutvikling i skulen.
av Sissel Espeland

HOMO ACADEMICUS VS. TYRANNOSAURUS BUCKS
Folk på universitetet skrik og ber seg og lagar opprop når nokon prøver å gje dei ein dose marknadsrealisme. Det er bra. Men kanskje litt defensivt i lengda?
av Magnus E. Marsdal

RETTSLEG USKULD
– Korleis dei sakkunnige i rettsspelet utfordrar demokratiske grenser
Representantar for vitskapen inntar stadig oftare rollene som vitne eller meddommarar i rettssaker. Dei sakkunnige si rolle i retten set demokratiet på prøve.
av Ingrid R. Lundeberg og Svein Atle Skålevåg

MILANO 2003
Biletserie
av Paul S. Amundsen

SPLITTA OM VERDA
Presidentvalet i USA i haust handla meir om USA sitt forhold til verda enn noko val i landet sidan Vietnamkrigen. Utanrikspolitikken til president George W. Bush har grave ei djup kløft i det amerikanske samfunnet.
av Tove Bjørgaas

SPANSK RØR
Ti bomber, ein masse lygner – og brått vart alt forandra.
Snakk om the politics, stupid.
av Håkon Hovland

TIL JESUS KJEM TILBAKE
Det er berre eitt parti i sørafrikansk politikk: ANC.
av Terje S. Skjerdal

ORD OM JORD I NORD
Eg er so gamal
at eg held meg til ljå.
Stilt syng han i graset,
og tankane kan gå.
Det gjer ikkje vondt heller,
segjer graset,
å falla for ljå.

Ljåen, Olav H. Hauge (1966)

av Karl N. Kerner

DET ER LETT Å LYGA NÅR DET ER LANGT HEIM
Kjartan Fløgstad i Sauda, Media Thule og Latin-Amerika

Ikkje berre er det lett å lyga når det er langt heim, som det heiter i Ivar Aasen si samling med norske ordtak og hermer.
Mange gonger må ein lyga når ein er heimanfrå, for å få andre til å forstå kva som er sant. Og ofte treng ein avstand til heimen for å kunna lyga skikkeleg. Kjartan Fløgstad har gjort det til ein leveveg både å lyga og å vera langt heimanfrå.

av Borghild Gramstad

OPP MED DAMPEN
I år er det 150 år sidan det fyrste toget rulla frå Kristiania til Eidsvoll, og det norske jernbaneeventyret starta. Kvifor vart gløden snudd til nedgang og oppriving?
av Bjørn Karsrud

NOBELKOMITEEN OG SYNET PÅ MINORITETSSPRÅKA
Ein kommentar i tilknyting til Johannes Nymarks artikkel «Kva kan katalanarane læra oss?» (Syn og Segn 2/04)
av Lars Groven

RETT PÅ NETT
Les òg tekstar som ikkje er å finna i papirutgåva.

Bli abonnent!

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07