Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn 4/13 ute no: Verdsdiktaren frå Strandebarm
26.11.13



– Eg går lite ut. Har heilt slutta å lese opp. Eg seier nei til absolutt alt. Jon Fosse har bytt ut alkoholen med religionen, og kjenner at den katolske messa gjer han godt. I det nyaste nummeret av Syn og Segn opnar han seg opp i eit intervju med Jan H. Landro og snakkar om alt frå musikk til døden. Dette er også siste nummeret til redaktør Bente Riise.

Jan H. Landro: – Eg er ein tragikomisk diktar. Intervju med Jon Fosse
Jon Fosse fortel med ope hjarte om alkoholmisbruk, katolisismen, si eiga dikting, kjærleiken og korleis han har slutta å lese opp offentleg. Jan H. Landro har skrive eit sjeldan personleg intervju med ein diktar som er Noregs heitaste kandidat til å få tildelt Nobels litteraturpris.

Arnhild Skre: Norgesglasa og den kalde krigen
Mange som vaks opp under den kalde krigen ber med seg ord som mattryggleik, kjellarvern og frykta for alle slags bomber. Dette kan gje utslag i kjellarar og skåp fylte med gamle norgesglas. Arnhild Skre skiv humoristisk, men med eit glimt av alvor, om den murrande kjensla av at verda vi kjenner, kan forgå.

Kjartan Fløgstad: Tvang er fridom, fridom tvang
Dei som er liberale på leiarplass, er det motsette i praksis, meiner Kjartan Fløgstad, og siktar til rikspressa si vegring mot nynorsk i spaltene. Han kritiserer Norsk Journalistlag for å vere feige når dei ikkje vil stille til debatt om temaet.

Bjarne Bjørnevik: All von til rebellane?
Har dagens unge eit generasjonsprosjekt? Bjarne Bjørnevik vann essaykonkurransen til Syn og Segn med dette essayet om kvar rebellane har teke vegen. På eit frekt og intelligent språk leikar den unge essayisten med generasjonsmotsetnader og minnar klokt om at vidfemnande generasjonsprosjekt aldri klarer å femne om alle uansett.

Einar Økland: Det lomma er full av, renn munnen over med
Den vesle, geniale oppfinninga, det enorme spranget i den menneskelege utviklinga; Einar Økland filosoferer over lomma som ord, fenomen og fysisk gjenstand.

Bjørn Hatterud: Da draumen gjekk i svart
Å lese livsforteljinga til Johnny Cash er som å gå gjennom ei kronologisk oversikt over nokre av dei viktigaste hendingane i amerikansk kulturhistorie, skriv Bjørn Hatterud. Vi følgjer mannen i svart gjennom opp- og nedturar i den lange og brokete karrieren.

Jon Fosse: Det som aldri kan døy. Minneord over Patrice Chéreau
Patrice Chéreau (1944–2013) var ein fransk teaterinstruktør, filmskapar, skodespelar og produsent. Noko av det siste han gjorde for teater, var Fosse-stykket Eg er vinden. Her skriv Fosse sjølv fram minnet om ein mann som gav han mykje.

Kristin Fridtun: Ordsaumen
Kan forteljinga om eit ord seie noko om dei som levde før oss? Ordrøter er ofte eldre enn sjølve skrifta. Kristin Fridtun viser korleis etymologi kan viske ut grensene mellom natur og kultur, kropp og ikkje-kropp, og korleis slik kunnskap kan avsløre korleis vi tenkjer.

Jostein Avdem Fretland: Skandaleballetten
For hundre år sidan i år vart publikum sjokkerte av frykteleg musikk, formlause kostyme og synet av ei einsam ungmøy som dansar seg til daude. Jostein Avdem Fretland freistar gje ei forklaring på kvifor Igor Stravinskij sin ballett Vårofferet snudde Paris på hovudet.

Randi Brenden: Kjønn og kjensler
Åsta Holth utfordra den rådande familieideologien i novellene sine. Ho skriv om trassige skogfinnekvinner, kvinner som arbeider, frie kvinner og kvinner som er slavar av eigen seksualitet. Randi Brenden har lese novellene på nytt og ser korleis dei lagar eit tidsbilete av kvinner på den tida.

Hadle Oftedal Andersen: Nattmaskinen. Høgdepunkt i nyare norsk og nordisk lyrikk
Det største problemet den norske og nordiske lyrikken har i dag, er at folk ikkje veit kva dei bør få med seg, skriv Hadle Oftedal Andersen. Han viser fram høgdepunkt frå dei siste tiåra og oppsummerar med ein kanon over den beste nordiske lyrikken.

Bente Riise: Å stå støtt i spagaten (leiar)
Målet mitt har vore at tidsskriftet skal vere både føreseieleg og overraskande, stå støtt i ein nynorsk skrifttradisjon, og samstundes vere aktuelt, skriv Bente Riise. Ho har vore redaktør i Syn og Segn sidan 2006, og avsluttar med dette bladet redaktørperioden sin.

For meir informasjon eller meldareksemplar:
Redaktør Bente Riise: 90 58 48 38 / bente.riise@synogsegn.no / www.synogsegn.no

Følg oss òg på: Facebook: www.facebook.com/pages/Syn-og-Segn/313256217617

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07