Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Leiar 3/2004: Symptomet Åsne Seierstad
21.09.04- Marit Eikemo og Teresa Grøtan

DET VART TIDLEG ANNONSERT at Åsne Seierstad skulle til USA i haust. Saman med frilansfotograf Paul Audestad skal ho produsere ei rekkje reportasjar i høve det amerikanske presidentvalet. Reportasjane vil ho selje til
Aftenposten, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen og Fædrelandsvennen. Ifølgje Dagbladet skal ho også selje reportasjar til ei finsk, ei svensk og ei islandsk avis.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at Åsne Seierstad ønskjer full økonomisk utteljing for reportasjeturen sin. Ho opererer i ein mediemarknad der ho, som ein av yttarst få nordmenn, greier å gjere store forretningar på journalist- gjerninga si. Åsne Seierstad er i tillegg noko så uvanleg som ein norsk journalist av internasjonalt kaliber. Også utanlandske aviser vil presentere Seierstad som si utsende når det skal rapporterast heim om store verds- hendingar.

All ære til Seierstad for denne suksessen.

Det er vanskelegare å forstå kvifor fire norske aviser blar opp store summar for å sikre seg det same utanriksstoffet som tre andre norske aviser også skal trykke – samtidig. Kva er Åsne Seierstad eit symptom på i norsk presse?

Kva skjedde med den eksklusive historia? Kva skjedde med dei ekstra- ordinære bileta – og kva skjedde med avisene sin integritet og sjølvstendige stemmer? Endringane skjer så umerkeleg at vi knapt registrerer dei før Aftenposten-redaktør Hans Erik Matre plutseleg får det som hanvil: Ein felles eigarskap mellom Aftenposten og dei store regionavisene Bergens Tidende, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad der dei tre siste i praksis vil fungere som lokale variantar av Aftenposten. Aftenposten vil på si side fungere som felles Oslo-kontor for alle.

I dag eksisterer det alt innkjøpsavtalar mellom fleire av dei store avisene i landet. Mellom Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen og Fædrelandsvennen er det i prinsippet fri flyt av stoffutveksling.
Aftenposten er også med på denne utvekslinga på nokre område. Vegen er såleis kort til å systematisere samarbeidet ytterlegare. Matre meiner sjølv det er unødvendig at alle regionavisene sit med dei same kompetanseområda,
og ser føre seg eit tettare samarbeid og stoffutveksling mellom dei og
Aftenposten. Dette kan til dømes resultere i at éi avis lagar livsstilsstoff, ei anna avis lagar litteraturstoff og ei tredje avis lagar motorstoff, medan utanriksdekninga blir sett ut på felles anbod og gitt til den med høgast medieprofil.

Regionavisene kan ende opp som reine lokalaviser med felles innanriks- og utanriksstoff. Kvar for seg vil dei risikere å miste sin funksjon som meiningsberande organ med evne til å sette sjølvstendig dagsorden – også nasjonalt. Mange vil hevde at vi er langt på veg allereie. På sitt beste kan regionavisene fungere som nødvendige korrektiv til dei dominerande Oslo- tabloida. I verste fall kan dei redusere seg sjølv til éi felles avis med kvar sine lokale bustadannonsar.

Nedbygginga av redaksjonane sitt utanriksnett er ikkje eit norsk fenomen. I den globale tidsalderen blir mediebiletet paradoksalt nok meir og meir lokalt, og vi blir meir og meir provinsielle. Interessa for utlandet avgrensar seg snart til å handle om ukritisk reiselivsstoff og tilhøyrande charterannonsar.

Redaksjonelt tilsette over heile Europa opplever at avisene bruker stadig mindre pengar på å sende eigne journalistar og fotografar på reportasjeturar til andre land for å sette seg inn i, forstå og rapportere frå andre
samfunn, konfliktar og kulturar. For svært mange aviser blir løysinga
utvekslingsavtalar med andre aviser, byråstoff – og sporadisk innkjøp av billeg frilansstoff. Med mindre du har ein marknadsverdisom Åsne Seierstad, er frilansarbeid for norske aviser stort sett eit idealistisk føretak.

Over heile landet kan vi lese om Åsne sitt Amerika denne hausten. Ikkje eit vondt ord om hennar rapporteringsevne, men når regionavisene har svidd av store delar av reise- og frilansbudsjettet sitt på henne, er det ikkje mykje igjen til andre sine blikk, stemmer eller meiningar. Og så god er ingen journalist, at ho bør råde grunnen åleine.

Utanriksstoff har rett nok aldri hatt stor plass i dei norske avisene, men sjeldan har det vore så nedprioritert som no. Folk er rett og slett ikkje interesserte, blir vi fortalde. Det er ikkje dette som sel – med mindre ei Åsne Seierstad fører pennen – og det er i det minste noko? Eller er ho tvert imot eit symptom på ei omseggripande einsretting som trugar mediedemokratiet?

Marit Eikemo og Teresa Grøtan
Teresa Grøtan vikarierer for Hilde Sandvik,
som er i fødselspermisjon.

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07