Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Nytt Syn og Segn 1/13 er ute no: Vilje til kamp
14.03.13



Homofobien i Russland har eksplodert dei siste åra, og homofile fryktar for livet. I det nye nummeret av Syn og Segn kan du lese Bjørn Hatterud sitt tankevekkande intervju med to russiske kunstnarar som lever som homoflyktningar i USA.

Johannes Nymark skriv om kampen for sjølvstende i Catalonia, og Janne Nygård og Vebjørn Sture kjem med eit varmt forsvar for sidemålsordninga i norskfaget.

Bjørn Hatterud: Homofili, vald og kristendom
Det er ikkje mogleg å leve som open homofil i Russland i dag, meiner kunstnarane Slava Mogutin og Alexander Kargaltsev, som begge har flykta til USA. Bjørn Hatterud møtte dei i New York for å snakke om den tiltakande homofobien i heimlandet deira.

Mikhail Sjisjkin: ”Først kjem døden, så livet”
Sergej Rakhmaninov skreiv vakker musikk i ei tid då Europa var mørklagt. Mikhail Sjisjkin har skrive eit essay om komponisten, pianisten og emigranten som overvann døden med musikken. Rakhmaninov fekk fram eit Russland som få andre har klart, meiner Sjisjkin, som kanskje er den viktigaste russiske samtidsforfattaren i dag.

Johannes Nymark: Lengten etter tapt fridom i Catalonia
Dei katalanske flagga vaiar høgt under heimekampane til FC Barcelona i det 17. minuttet og 14. sekundet ut i kvar omgang. I 1714 mista Catalonia sjølvstendet, og no vil dei ha det tilbake. Johannes Nymark skriv om den historiske kampen.

Janne Nygård og Vebjørn Sture: Kva skal vi med sidemål?
Norskfaget skal endrast, og nye læreplanar er allereie ute på høyring. I dei nye framlegga er sidemålsordninga under press. Janne Nygård og Vebjørn Sture er aktuelle med pamfletten Kva skal vi med sidemål? og argumenterer for kvifor det er viktig å styrke sidemålsordninga.

Jon Fosse, Aud Søyland, Hanna R. Berg og Gro M. Endresen: Enkét om sidemål
Kva er eigentleg det beste argumentet for ei god sidemålsopplæring i skulen, og kor viktig er ho for nynorsken si stilling i det norske samfunnet? Syn og Segn har stilt spørsmåla til fire som arbeider med språk.

Gunnar Skirbekk: Eit norskfag i krise
Kva rolle skal norskfaget spele i skulen, og kva vil vi at elevane skal få ut av det? Gunnar Skirbekk meiner norskfaget er på villspor, og kjem med gode råd til politikarane om kva grep dei må gjere for å sikre eit godt norskfag.

Kristin Fridtun: Fin med latin?
Språket vårt fløymer over av latinske ord, og det er kanskje ikkje ein fordel. Kristin Fridtun skriv om latinens dragande makt og åtvarar mot eit tommare språk.

Per Halse: ”Grundloven hænger i Bondens Stue”. Språkstrid på rim vinteren 1867/1868
Det offentlege ordskiftet var kanskje meir leikande og levande før i tida. I alle fall når temaet var språk. Per Halse skriv om ein språkdebatt som gjekk føre seg på rim, der sjølvaste Ivar Aasen til slutt kasta seg med i leiken.

Arild Torvund Olsen: Viljen til bråk. Glimt frå den nynorske vinylsoga
Den nynorske plateheimen er mangslungen og full av perler og milestolpar. Arild Torvund Olsen guidar oss gjennom eit utval frå si eiga vinylsamling og byr mellom anna på både Marie Lovise Widnes og Darkthrone.

Helene Urdland Karlsen: Mellom standpunkt. Garborgs debut som kritikar
Arne Garborg var berre 22 år gamal då han debuterte som Ibsen-kritikar og publiserte ein kritisk studie av Ibsen-dramaet Keiser og Galilæer. Helene Urdland Karlsen skriv om det vaklande forsøket.

Øystein Orten: Vidsidh
Ho kjem kavande med ei trille langs vegen. Øystein Orten har skrive ei varm novelle frå ei sunnmørsbygd, der notida møter fortida, og der den lokale dialekta spelar med heile vegen.

Bente Riise: Året for språk. Leiar
Språkleg mangfald er eit gode, meiner Bente Riise. Ho slær eit slag for sidemålsundervisninga og ynskjer alle lesarane eit godt språkår!

For meir informasjon eller meldareksemplar: Redaktør Bente Riise: 90 58 48 38 / bente.riise@synogsegn.no / www.synogsegn.no

Følg oss òg på: Facebook: www.facebook.com/pages/Syn-og-Segn/313256217617

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07