Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn 2/2004
VERDA OM NORDMENN
Kva er Noreg? Kven er nordmennene? Dette nummeret av Syn og Segn let skribentar frå den store verda svare.

Innhald


LEIAR
Maktutgreiinga hevdar at internasjonale rettskonvenjonar er eit trugsmål mot det norske folkestyret. På leiarplss argumenterar Marit Eikemo og Teresa Grøtan for at minoritetsvernet i Norge er styrkt gjennom internasjonale rettskonvensjonar som er blitt del av norsk lov.
Av Marit Eikemo og Teresa Grøtan

VI OG VERDA
Vi nordmenn er noko for oss sjølve. Som alle andre.
Av Teresa Grøtan

LANDET DER MENN LAGAR MAT
I Noreg gjer mannen innkjøp og lagar mat, mens kvinna berre sit og ser på. Kva slags mann er det?
Av Buli Edjeta

I april i år reiste sosialantropologi-studenten Buli Edjeta frå Etiopia til
Sunnfjord. Han skulle gjere eit minifeltarbeid på oppdrag for Syn og Segn. Buli budde ei knapp veke hos familien Øvretveit i Sande, med far Ole Johannes (37), mor Bodil Helene (40) og barna Aurora (11), Ingrid (10), Gjertrud (7) og Rakel Rose (4).
Buli skriv om oppdraget: «Dette stykket handlar om eit personleg møte. Ta det
berre som ei reiseskildring.»

NORSK KVINNER
ELLER: KORLEIS VERE EI INTELLIGENT OG FEMININ MOR?
Eg innrømmer at eg ofte er sjalu på norske kvinner.
Faktisk ganske ofte.
Av Asun St. Clair

FRÅ PERSIA TIL PEERS RIKE
I det flyet nærma seg Oslo, såg eg ut vindauget: ein skyfri, men disig himmel, små øyar omkransa av sølvskimrande vatn og ingen spor etter bygningar eller hus. Båtar på veg frå øyane såg ut som små prikkar, og minte meg om Ibsens entusiasme for skip som kom og gjekk. Så det var dette som var den mektige, sublime naturen!
Av Behzad Ghaderi Sohi

BREV FRÅ KOLONIEN
No når den kalde krigen er over – kva skal me med Finnmark?
Av Lars O. Haugen

FRIDOMSKRIGAREN VERSUS SPRÅKFLANØREN
Medievennlege Carsten Jensen er ute med si trettande bok og tredje reisebok. Jensens siste bøker har fått mykje merksemd også i norsk presse.
Dette kjem kan hende av ei god blanding av massiv marknadsføring, populært emne og vakre bilete – og, legg eg til, ein trygg språkleg distanse til det som kan uroe og problematisere eins eige liv.
Av Nina Goga

KJØPT MAKT
Det er nokså allment akseptert at det er «bra» at tida med partipresse er over, at norsk presse er blitt «betre» etter at ho blei «uavhengig». Det kan godt vere. Problemet er at panegyrikken rundt pressa si lausriving frå partia stenger for ein diskusjon om dei politiske sidene ved ei presse som er eigd av private konsern og rike kapitalistar og redigert av deira tilsette redaktørar.
Av Paul Bjerke

KONFLIKTSKY KULTURJOURNALISTIKK
Det er nokså allment akseptert at det er «bra» at tida med partipresse er over, at norsk presse er blitt «betre» etter at ho blei «uavhengig». Det kan godt vere. Problemet er at panegyrikken rundt pressa si lausriving frå partia stenger for ein diskusjon om dei politiske sidene ved ei presse som er eigd av private konsern og rike kapitalistar og redigert av deira tilsette redaktørar.
Av Hedvig Skonhoft Johannesen

ABC I KORLEIS IKKJE SPREIE DEMOKRATI
USAs «Utvida Midtausten-initiativ»
Tida er komen for å innfri amerikanske løfte om fred og fridom i Midtausten. Så langt har resultata vore magre, for å seie det forsiktig. Men 8. juni blei det
lansert ein plan som skal reformere den turbulente regionen og introdusere demokrati, økonomisk vekst og ny optimisme. Ifølgje Washington.
Av Knut V. Bergem

KVA KAN KATALANARANE LÆRA OSS?
Nynorsk blir framstilt som noko som forsurar skuletilværet for den urbane Oslo-ungdommen i dagens strid om sidemålsstilen. For ein Spania-kjennar minner retorikken frå høgrefolk i hovudstaden ikkje så reint lite om Madrid-sentralistane sine argument motkatalansken i det nordaustlege hjørnet av Spania.
Av Johannes Nymark

EIT UTFRIKA SIRKUS
Då fleire norske filmar opplevde stor suksess i fjor, såg mange kommentatorar dette som starten på ei ny tidsrekning – etter Wam og Vennerød. Likevel finst det teikn som tyder på ei ny interesse for filmparet,
snart ti år etter at dei laga sin siste film saman.
Av Jan Thomas Hasselgreen

SAKLEG ORDSKIFTE OM KVINNELEG REPRESENTASJON
Av Kåre Lunden

Bli abonnent!

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07