Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Bak den grøne katarakt(1):
20.05.05- Hadle Oftedal Andersen

KVINNEMODERNISME OG BYGDEMODERNISME

Eit kort og ganske humørlaust åtak på den aldri uttrykte føresetnaden for vurdering av litteratur her til lands, nemleg at den småbyaktige levemåten ein finn blant menn i våre «større» byar representerer moderniteten i si mest outererte og tankevekkande form. Og at det er gjennom forfattarar som reflekterer denne tenkemåten at den norske kulturen leverer sine viktigste bidrag til den internasjonale litteraturen.

Du er død.
Levende menn
har forlængst vendt sine hænders vold
og strør sine drømmers vilde prakt
annetsteds hen.
Fordi du er død.

frå Claes Gill: Maria, 1939.

– Kjøt: senar og segar i rytme,
frå bleikraude fingertuppar,
til oklane, dei rundar seg
ned mot helen.
– Taktar og rytmar.
Dans. Trall.

frå Kristofer Uppdal: Bloddrope-trall, 1919

Tøy glir gjennom dei, blir til klær
klær glir gjennom dei, blir reine og glatte,
sveiper seg angande kring lemmene våre,
ligg og lyser kvitt over bord og seng.

frå Halldis Moren Vesaas:
Lykkelege hender, 1936.

Mitt ansikt har jeg mistet
i disse ville rytmer.
Bare min hvite kropp danser
over den grønne brudebuketten
i din hånds ild.

Gunvor Hofmo: (Over et maleri), posthumt.


FINGRAR I DRAUM. Fingrar i arbeid. Fingrar i erotikk.

Eg lar desse fire sitata stå som inngang til den norske 1900- talsmodernismen.

Men før me kjem så langt, må me ta ein liten omveg om 2000-talet.?

Omvegar fører som kjent lengst.

Omvegen byrjar her:
Prosalyrikk er lyrikk der både venstre- og høgremargen er rette. I Danmark og Sverige har dei for alvor oppdaga denne forma i løpet av dei siste ti åra eller så. I Noreg har me i alle fall hatt prosalyrikk sidan 60-talet.

Av og til er det vanskeleg å avgjera om ein har å gjera med prosalyrikk eller kortprosa. Av norske utgjevingar dei siste åra har Arne Østrings Blind og Bjørn Skogmos Underholdning sjangernemninga prosa. Men begge bøkene ligg tettare på diktsamlinga som sjanger.

For ein lyrikkinteressert lesar er det derfor all grunn til å sjå nærmare på desse bøkene. Ikkje minst fordi måten bøkene eksisterer i grenselandet mellom prosaen og lyrikken på, gjev grunn til å spørja seg om det faktisk er noko heilt nytt ein her har med å gjera.

Og det heilt nye, det uhøyrde, og søkinga etter dette, er som kjent motoren i litteraturen.

Eller i alle fall ein av motorane.

Den andre motoren har ikkje med ny form å gjera.

Den andre motoren har med ei utviding som søker seg vekk frå den formmessige fornyinga, og i staden søker å utvida erkjenninga gjennom det ein noko plumpt kan kalla motiv og tema.

Dette siste har det gjerne vore nynorsklitteraturen og kvinnelitteraturen som har stått for. Utviding gjennom søkelys på bygda. Utviding gjennom søkelys på kvinneleg kvardagsliv.

Det er truleg først med blikk for at dette òg er ei utvikling, eit steg vidare, ein avantgarde, at ein kan få auge på det modernistiske ved forfattarar som Olav H. Hauge, Tarjei Vesaas, Alf Prøysen, Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas.

Frå 60-talet og utetter har ein dessutan fått forfattarar som kombinerer det nynorske og det kvinnelege med den formmessige fornyinga.

Når det gjeld det kvinnelege, kan ein i alle fall løfta fram Eldrid Lunden, Cecilie Løveid og Inger Elisabeth Hansen. Parallelt med den franske feminismen byrjar dei å eksperimentera utifrå tanken om at den mannsdominerte verda er styrd av eit mannsdominert språk. Dette prøver dei å bøta på gjennom å stilla opp eit alternativ, altså eit nytt, kvinnedominert språk.

Dette nye språket har dei same orda som det gamle, sjølvsagt, det er framleis norsk. Men det er sett saman på ein annan måte. Det kvinnelege kjem til uttrykk gjennom ny form.

Slik blir den kvinnelege 70-talslitteraturen avantgardistisk.

For både Lunden og Løveid høyrer til dei som introduserer prosalyrikken, i Noreg og i Norden.

Dessutan blir punktromanen, diktsamlinga som òg er ein roman, rekna til dei norske nyvinningane som i våre dagar blir eksporterte til Danmark og Sverige.

Her er òg Lunden og Løveid rekna for dei fremste, saman med Paal-Helge Haugen.

Men dette var ikkje så nytt i 1968 som ein kanskje skulle tru.

Det var nytt innanfor den «eksperimentelle» litteraturen.

Men innanfor nynorsklitteraturen hadde dei store diktsamlingane eksistert lenge. La meg minna om Haugtussa (1895) av Garborg, Gullbergland (1915) av Vaage, Frå Sunnfjord til Rio (1933) av Sande, Kulten (1930–47) av Uppdal, Lykka for ferdesmenn (1949) av Vesaas, Seint rodnar skog i djuvet (1956) av Hauge.

Ingen av desse bøkene er modernistiske, om ein med modernisme meiner storbytematikk og framandgjering.

Men om ein med modernisme meiner tradisjonen frå Nietzsche, den som interesserer seg for menneskeleg biologi, for instinkt og gudløyse, for vitalisme og ekspresjonisme, for mennesket som skaper seg sjølv i dialog med arkaiske biletstrukturar, så er desse nynorske diktsamlingane tettare på utviklinga enn dei ein vanlegvis reknar for modernistiske pionerverk i Noreg.

I tradisjonen frå Nietzsche er det den nynorske lyrikken som er modernistisk.

I tradisjonen frå Nietzsche er det den nynorske lyrikken som står jamsides Munch og Vigeland.

Og det er tradisjonen frå Nietzsche som blir dominerande i og med tanken om den postmoderne tilstanden. Derfor, mellom anna derfor, er det tettare samband mellom den nye litteraturen og den gamle nynorsklyrikken enn mellom den nye litteraturen og dei ein vanlegvis reknar for pionerane: Obstfelder, Bull, Boyson, Gill, Brekke, Christie. Ikkje Jacobsen. Jacobsen høyrer, saman med Hauge og Vesaas, til dei ein løfter fram når den nye nivelleringsmodernismen kjem til landet på 60-talet. Jacobsen hadde forstått erotismen alt på 30-talet.(2)

Utan at eg eigentleg ønskjer å redusera dei nemnde bokmålsforfattarane. Men eg kan ikkje dy meg: Når bokmålsmodernistane interesserer seg for det arkaiske, så er det ikkje det arkaiske Noreg dei bryr seg om. Alt anna, men ikkje dét. Så dei sit i staden i dei elfenbeinskvite tårna sine og drøymer om elfenbeinskvite statuar frå antikken.

I dag veit me at desse statuane opphavleg hadde farge. At det
greskromerske Arkadia var like farga, like dionysisk som det nynorske. Men bokmålsmodernisten tenderer mot å sjå verda på same måte som Thomas Glahn, han som reiser ut i den nordlandske naturen og ikkje ser anna enn gresk mytologi og dottera til urbanitetens lokale ambassadør. Han vil gjerne ha natur. Det er dette som er prosjektet hans. Men denne naturen får ikkje vera altfor bondsk. Det skal ikkje mange skakkgådde sko og tynnslitne kjolar til før han byrjar å kjenna ubehag. Og dette er ikkje ein kritikk av Hamsun. Tvert imot. Det er ei innvending mot dei som ikkje ser den kritiske ironien i at Glahn seier «den nordlandske sommer» og meiner noko heilt anna.

Eg ønskjer heller ikkje å nedvurdera den lesbiske avantgarden, som parallelt med den nødvendige fristillinga frå normene for samliv, altså ekteskapet mellom mann og kvinne, søkte seg mot brot med dei litterære normene: Hofmo, Tollefsen og dei andre som blir omtalte som «venner» i norske litteraturhistorier frå den forlengde victoriatida. Når det gjeld kva dei lesbiske har hatt å seia for framveksten av norsk litteratur, saknar me faktisk noko så grunnleggande som ein kjennskap til kven det gjeld. Eg har ein gryande
mistanke om at enker, skilde og lesbiske har fungert som avantgarde i høve til kvinners moglegheit til å ytra seg offentleg her til lands. Skram, Undset og Sandel kjenner eg tilfeldigvis til. Men kven er dei andre? Og eg er heilt sikker på at ein bommar totalt dersom ein ser føre seg, og forventar, at gifte kvinner på 20- og 30-talet skulle kikka opp frå matlaging, barnepass og klesvask – utan vaskemaskin! – og byrja å skriva om korleis verda ikkje er som før.

Og seinare, etter krigen, kan ein spørja seg kor ein finn det norske motsvaret til Sartre og Beauvoirs frie samlivsform, som ei medveten synleggjering av alternativet til dei tradisjonelle kjønnsrollene. Ja, kor finn ein eigentleg dette? Det finn ein sjølvsagt i Vesaasane sin heim, ved Vinjevatn i Telemark.3

Med dette er me tilbake ved bygdemodernismen: Det bør vera på tide å sjå igjennom reklamemakeriet og hypen som høyrer den formmessig fornyande modernismen til. Eller rettare sagt: den modernismen som gav seg sjølv monopol på å vera formfornyande. Det er på tide å sjå på kvinnelyrikken og den nynorske lyrikken uavhengig av den ekstremt snevre definisjonen av modernisme som blei nytta for å løfta fram – og for å kritisera – visse forfattarar for 50 år sidan.

For bak storbymodernismen og tungetaledebatten lurer ikkje bare skogane.

Bak storbymodernismen lurer òg kvinnemodernismen og bygdemodernismen.

Og det er ikkje for ingenting at det er her, blant kvinnene og i bygdene, at ein etter kvart finn dei største norske eksportane når det gjeld modernistisk formspråk.

For dei unge svenske forfattarane er det Lunden og Løveid som gjeld. Ikkje Ulven.

Internasjonalt handlar det om Vesaas, Hauge, Fosse. Ikkje Borgen, Brekke, Kjærstad.

For ein franskmann eller ein engelskmann er nemleg den norske urbaniteten provinsiell.

Den norske urbaniteten er bare så vidt urban nok til å berøra danskar.

Den norske urbaniteten er så provinsiell at dei som skriv om han, flyttar utanlands.

Det er den norske provinsen som er så universell at han talar til folk som lever i verkeleg store samfunn, og som talar til dei frå ein urgrunn dei ikkje lenger trudde dei hadde kontakt med.

Men dette skit me jo, for å vera heilt ærlege, i. For det er nå eit faktum at i Noreg er det Noreg som gjeld, og lite anna. Og når det gjeld Noreg, så har me dei siste åra fått ein ny type suksesslitteratur. Hos forfattarar som Hanne Ørstavik, Karl Ove Knausgård, Linn Ullmann, Erik Fosnes Hansen og Erlend Loe ligg fokuset på det breie og kommuniserande snarare enn på det smale og eksperimentelle. Samstundes dukkar spørsmålet om kvalitet opp. Og dette får meg til å tenka. For tidlegare har slike poeng – det at det av ein eller annan grunn er viktig å seia at noko ikkje er bra, eller at det i alle fall ikkje er så bra – gjerne vore ei ære ein har reservert for kvinnelege forfattarar: Undset, Moren Vesaas, Hagerup, Wassmo.

Og nå spør eg:
Kva kjem dette av?
Held litteraturen på å bli femininisert?

NOTAR:
1 Tittelen er inspirert av «Min grønne katarakt», ein parodi på modernisme som skriv seg frå tungetaledebatten på 50-talet. Gill hadde nytta ordet «katarakt», som er nemninga for underjordiske bielvar til Nilen, i det diktet eg siterer i opninga til denne artikkelen. Men eg vender tungetaledebatten ut av sine eigne føresetnader. I min versjon peikar det grøne mot landsbygda, og den underjordiske elva mot kvinnekjønnet. Og me har altså rørt oss vidare, frå peikinga, frå mystifiseringa av kvinna og eksotismen knytt til det som ikkje er norsk byliv. For i den forståinga eg her tar til orde for, er ikkje kvinner og landsbygd abstrakte metaforar for sjelelege kriser inne i byen. Det finst nemleg òg eksistens, og med det eksistensielle kriser, i kvinner og i folk frå utkantstrok.

2 For dagens mannlege ny-vitalisme, sjå til dømes Bertrand Besigye, Arild Rein, Carl Frode Tiller, Erlend Loe (Doppler). For gårsdagens kvinnelege nyvitalisme, sjå til dømes Eldrid Lunden, Anne Bøe, Ellen Einan, Lisbet Hiide.

3 Halldis skriv om dette i biografiane sine, om korleis dei la vinn på å visa at kvinner kunne ha eit sjølvstendig og aktivt yrkesliv sjølv om dei var gifte. Og når det gjeld den andre sida av den frie samlivsforma, den seksuelle, så kan ein konstatera at dette òg er nemnt, så vidt.

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07