Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Rettsleg uskuld
11.11.04- Ingrid R. Lundeberg og Svein Atle Skålevåg

– Korleis dei sakkunnige i rettsspelet utfordrar demokratiske grenser

Representantar for vitskapen inntar stadig oftare rollene som vitne eller meddommarar i rettssaker. Dei sakkunnige si rolle i retten set demokratiet på prøve.

EI TYDING AV RETTSLEGGJERING inneber ei samfunnsendring der domstolane og andre rettsanvendande organ har tatt makt ifrå politikken. Dette tjuveriet får urovekkjande følgjer for demokratiet, blir det hevda. Rettssalen blir ein stadig viktigare politisk møtestad ved at sosiale og kulturelle problem i aukande grad blir bringa inn for, og behandla av rettsapparatet. Interessekampar blir oftare kjempa i lovas namn; konfliktar blir oftare kjempa med rettslege verkemiddel. For stadig fleire forhold blir retten ein viktig instans for handlingsregulering og -fortolking. Allmenn menneskelege forhold som tidlegare sto fritt for uformell regeldanning tilpassa dei konkrete behova og omsyna til dei involverte menneska, blir no erstatta av rettslege reguleringar eller meir omfattande reguleringar som er fastlagde ovanifrå. Det er lova si makt som set standard for samkvem, og menneska må lese den stadig meir omfattande og avanserte lovboka når dei skal finne ut kva som er rett og gale.

Dette er rettsleggjering slik ho ofte blir forstått. Slik til dømes Maktutgreiinga forstår omgrepet. Og kvifor skulle dette vere eit problem? Kva slags normativ føresetnad ligg under domstolane si operative makt, den makta ein no ser som pervertert? Korleis ser maktutgreiarane for seg at domstolane ideelt skal te seg?

Eit normativt utgangspunkt i den demokratiske rettsstaten er at retten ideelt sett skal vere uttrykk for politisk makt. Den operative retten blir her tilskriven domstolane som ei juristregjert, lokaliserbar, institusjonell makt som utgjer sentrale avgjerdssystem. Politiske prioriteringar og verdival som er nedfelte i lovteksten, skal ikkje korrigerast av dommaren. Rettsapparatet er eit politisk styringsverktøy og skal i dette ideelle biletet utelukkande utføre oppdrag på politisk mest mogleg eintydige ordre. Samtidig skal rettsapparatet tilby eit rom og eit språk som individet kan nytte for å få vern mot vilkårlege inngrep og for å sikre dei grunn ressursar for å kunne utvikle verdige liv. Retten er, på ei og same tid, ein reiskap for og eit vern mot politikken. Og som vern må han stå i eit balansert forhold til politikken. Det må finnast ein maktbalanse. Denne maktbalansen er forkludra, hevdar maktutgreiinga. Makta er forskyvd. Retten dominerer.

Men problematikken omkring rett og demokratisk makt er ikkje uttømd ved å peike på forholdet mellom politikken og retten. Det som ytterlegare kompliserer spørsmålet, finn vi når vi følgjer med inn i retten, og ikkje blir ståande på utsida saman med dei andre. For i det rettslege spelet om makt finn vi stadig gjennom historia ein rettsleg hybrid som fordreiar dette maktforholdet mellom politikk og rett: Det finst ein tredje spelar, ved sida av Retten og Politikken, og det er Vitskapen.

SANNINGSVITNA
For drygt hundre år sidan vart det norske rettsvesenet gjenstand for ei radikal omvelting, som ein del av venstreopposisjonen sin demokratiske revolusjon. Reformeringa av rettspleia byrja med at Det norske Storting i 1887 vedtok ei straffeprosesslov (lov om rettargangsmåten i straffesaker av 1/7 1887) – ei lov som regulerte måten rettsapparatet skulle handtere straffesaker på1. Med denne lova blir prinsippa om munnleg rettargang og «bevisumiddelbarhet» innført, noko som skulle sikre transparens i prosedyrane. Domstolane skulle ikkje vere eit lukka, mystisk og ugjennomtrengeleg apparat, men tvert imot ope og gjennomsiktig. Den mest synlege nydanninga var likevel (gjen)innføringa av eit lekmannselement i straffepleia i form av ein jury eller ei lagrette.2 Derfor vart lova også kalla jurylova. Embetsmennene skulle ikkje lenger dømme aleine, skilt frå vanlege
folk si rettskjensle. Juryen skulle vere eit bolverk mot eit insulært embetsmanns skjønn, han skulle gi mindre ekspertise og meir folkevett i rettspleia, og ordninga er slik eit døme på at regimeskiftet stakk djupare enn berre til regjeringsspørsmålet. Juryordninga var ei (re)demokratisering av det gamle tinget, den samfunnsinstitusjonen som over fleire hundreår hadde gått frå å vere dei frie bøndene sitt organ til å bli eineveldet sitt organ.

Sjølv om straffeprosesslova slik innebar ei demokratisering ved at juristane fekk utfordra sitt makthegemoni, var det andre embetsmenn som fekk styrkt si makt i kjølvatnet av denne storstilte reformeringa av rettsapparatet. Frå og med straffeprosesslova vart nemleg ein annan mektig figur formelt introdusert for rettsapparatet: den sakkunnige. Vitskapen vart konstruert som ein hybrid i retten sitt apparat.3 27 år seinare vart denne figuren reetablert og allmenngjord i tvistemålslova, som regulerte sivilretten slik straffeprosesslova regulerte strafferetten, og dermed gjord til ein universell
figur i den norske rettspleia.4 Både straffeprosesslova og tvistemålslova har sidan den tid hatt eigne kapittel om sakkunna, stort sett uendra og bortimot likelydande.5 Desse kapitla (eller effekten av dei) etablerte sakkunna som ein særeigen type vitnemål.

Den sakkunnige skulle i motsetnad til andre vitne få uttrykke seg skriftleg, eventuelt supplert av munnleg forklaring. Det var domstolen som skulle gi dei sakkunnige mandat, og som skulle avgjere kva spørsmål som hadde rettsleg relevante. Kva dei sakkunnige skulle kunne seie, var i prinsippet avgrensa av det rettslege oppdraget, som helst vart gitt skriftleg. Dei sakkunnige skulle vidare, i motsetnad til andre vitne, få konferere med kvarandre og høyre på kvarandre si forklaring. Og dei sakkunnige skulle kunne gjere si undersøking utan at retten var til stades (her tenkte nok lovmakarane i si tid først og fremst på rettspsykiatrane). Dei sakkunnige vart med dette i visse samanhengar til ein slags rettens filial, gjennom at lova slo fast at visse typar undersøkingar kunne flyttast ut av rettsromma og gjennomførast av andre enn rettens medlemmer – trass prinsippet om «bevisumiddelbarhet ». I staden for å eksponere seg for det offentlege blikket, som resten av dei rettslege spelarane var underlagde i forhandlingane, skulle dei sakkunnige kunne legge fram eit dokument, ein skriven rapport om kva som hadde skjedd, medan retten vende blikket ein annan veg. Slik vart det bestemt i 1887, og slik har det vore sidan. Slik har vitskaparane i retten hatt ein særskild status som forvaltarar av sanninga, nokon som ikkje treng nærare påsyn, men på same tid har dei ikkje vore gitt arbeidshøve og fridom som i sitt eige laboratorium.6 Dei har måtta avgrense arbeidet sitt i høve til krava slik det står skrive til dei i invitasjonsbrevet frå retten ; dei har gått inn i retten med bundne hender.

Introduksjonen av sakkunna i rettspleia vitnar om korleis demokratiseringa måtte følgjast av institusjonar som kunne verke som ei motvekt. Større lekmannsskjønn vart balansert av større ekspertskjønn.7 I vår samanheng blir brigdinga av rettspleia før og etter førre hundreårsskifte eit sentralt augeblikk i historia til den konstellasjonen av rett og politikk som vi lever i i dag. Demokratisering vart den gong noko som vedrørte både dommarar, domsmenn, vitne og ekspertar i retten. Og ho avfødde, kanskje paradoksalt, sakkunna, ein ny, eller iallfall nyregulert figur på den rettslege scena. Slik
er sakkunna, som institusjon, i sitt opphav besmitta av politikk. Og den figuren står der, i vitneboksen, stadig oftare i dag, men i langt fleire forkledningar.

Sakkunna har ein direkte legitimitet i kraft av å vere eit Sanninga sitt vitnemål.
Men fungerer vitskaparane verkeleg som eit meir eller mindre uproblematisk
talerøyr for røynda: Er dei vitskaplege teoriane rettsleg uskuldige? Spørsmålet er om ekspertveldet styrker rettstryggleiken, eller om det svekker han. La oss sjå nærare på sakkunnigmakta, slik dei tar plass og utspeler seg i konkrete saker.

KAN VI NOKON GONG STOLE PÅ VITSKAPARANE?
Sakkunna er mangfaldig. Rettsmedisinen er med fleire hundre års historie i strafferetten blant dei disiplinane med lengst tradisjon i rettspleia.8 I dag står vel å merke rettsdøra i både sivil- og strafferettspleia vidopen for mange fleire ekspertar. Kulturmangfald, aukande samfunnsmessig kompleksitet og vitskapleg spesialisering gjer at domstolen no oftare engasjerer ekstern sakkunne når rettsspørsmål skal løysast. Dei sakkunnige blir inviterte inn i rettssalen av effektivitetsog rettstryggleiksomsyn. Dei skal styrke retten si dømmekraft, effektivisere rettsprosessen og sikre at reglane blir brukte på
udiskutable fakta som kan oppklare saka og gi ein meir rettferdig dom. Men eksempla er mange opp gjennom historia, og meir og mindre alvorlege, for ikkje å seie spektakulære, på at sakkunnigmakta har hatt eit avgjerande, heller enn eit rettleiande ord med i laget. Og det er ikkje så reint lite som kan stå på spel i slike rettssaker.

«Damaged in heart and mind in a way never to be undone.» Dette er dei verdskjende orda frå den amerikanske høgsterettsdommaren Earl Warren (ved US Supreme Court) som ved dom gjorde slutt på raseskiljet i det amerikanske offentlege skolesystemet i 1954. Dommen var resultatet av ein over 30 års kamp om likeverdige utdanningsvilkår som vart ført av tusenvis av svarte i dei fleste av rettssalane i landet. Denne høgsterettsdommen førte til ei dramatisk forandring for svartes livssituasjon. Men kva var det som beviste at segregeringa ifølgje høgsterettsdommar Earl Warren hadde påført dei svarte så stor skade at dei var «damaged in heart and mind in a way never to be undone»?

Det var ekspertforklaringar og resultat frå sosialpsykologiske studiar som gav den dømmande makta overtydande data om kva psykiske og intellektuelle skadar dei svarte hadde fått fordi dei levde under eit todelt skoleregime. Det var særleg ein studie som vart avgjerande, og som førte fram som fellande bevis i høgsterett. Studien var utført av doktor Kenneth Clark, professor ved City University of New York. For å forsøke å føre prov for at svarte vart påførte skade av skolesegregeringa gjennomførte professoren i sosialpsykologi eit sosialt eksperiment med dokker; den såkalla «doll test». Han gav ei gruppe svarte barn i New York valet mellom å leike med ei svart eller ei kvit dokke. Dr Clark fann då at alle barna konsekvent føretrekte å leike
med den kvite dokka. Så gav Dr. Clark barna i oppgåve å teikne dei to dokkene. Dei svarte barna løyste også denne oppgåva symptomatisk. Alle barna teikna den kvite dokka både større og meir attraktiv enn den svarte dokka, som vart teikna lita og stygg. Resultata frå «the doll test» og forklaringa frå Dr.Clark medverka til at høgsterettsdommaren trekte sin konklusjon: Det var prova over all rimeleg tvil («beyond reasonable doubt») at
segregeringa hadde gjort skade på barna. Segregeringa hadde, ifølgje høgsterettsdommar Earl Warren «damaged them in heart and mind in a way never to be undone».

I dei svarte sin kamp om rettsleg anerkjenning får vi prise oss lykkelege over at Dr. Kenneth Clark klarte å overtyde retten om at det ikkje var nokon rimeleg tvil om at dei svarte var påførte uoppretteleg skade i «hjarte og hovud » på grunn av raseskiljet i skolen. Men trong ein verkeleg Dr. Clark for å finne ut at det var rettferdig? Og kva om han hadde funne noko anna?

Eit ferskare eksempel: I England er det sakkunnige vitneprovet no for alvor sett på dagsordenen. 54 mødrer er nett i ferd med å bli lauslatne. Dei har vorte feilaktig dømde, viser det seg. Mødrene har sete inne på grunn av dei statistiske mistaka og teorien om Münchhausens syndrom, oppfunnen av den medisinske professoren Sir Roy Meadow. Sir Meadow, som har vore rekna som den fremste eksperten på krybbedød, har gitt hundrevis av sakkunneerklæringar i antatte barnedrapssaker. Professoren, som fort vart husvarm i rettssalane, hevda i sine vitneprov at kvinnene lei av Münchhausens syndrom. Dette var ifølgje Meadow ein psykisk sjukdom der kvinner freistar å skade barna sine for å trekkje merksemd mot seg. På bakgrunn av statistikk hevda han at sidan krybbedød ikkje kunne førekomme fleire gonger i same familie, så må ei mor med ei slik oppleving reknast som forbrytar. Nyare forsking har rekna ut at Meadow tar feil. Så no er det snakk om å ta opp att i alt 258 tilsvarande saker der mange allereie har sona si straff. Mange har også i kjølvatnet av saka vorte dømde som mislykka omsorgspersonar og vorte fråkjende foreldreretten til dei andre barna sine.

Saka har skapt stor uro, ikkje berre i rettssystemet, men har funne den lange
vegen inn i laboratoriemørkret. «Conviction by mathematical error?» var treffande nok overskrifta i ein leiarartikkel i British Medical Journal, skriven av Stephen J. Watkins, Director in public health.9 At uskuldstida for lengst er over, også for vitskaparane sin del, at vitskapen er feilbarleg, burde vi vite om no. Kvifor blir det då slikt rabalder når vitskapen blir avslørt i lovas namn? Og kva skal retten eigentleg gjere for å ta høgd for slike sakkunnige mistak?

I Noreg har vi tilsvarande saker som i det siste har nådd flomlyset frå offentlegheita. Ei av dei mest kjende er Liland-saka. Ein mann vart uskuldig dømd for to øksedrap i «Lille Helvete» i Fredrikstad i 1970 fordi feilaktige analysar frå obduksjonen førte til at drapstidspunktet vart sett minst ein dag før drapet skjedde. Sjølv om over ti vitne hadde sett ofra i live etter dette medisinsk definerte drapstidspunktet, festa retten heller lit til dei to medisinske professorane sine analysar. På det reelle drapstidspunktet viste det seg at Liland var utelukka som gjerningsmann. Liland vart frikjend då saka vart tatt opp på nytt, men også då på bakgrunn av konklusjonar ifrå fire andre professorar, som på grunnlag av den same obduksjonsrapporten konkluderte med at drapet skjedde seinare enn tidlegare antatt. Hans lagnad vart på nytt avgjort av lækjekunstnarar i dei same kvitfrakkane. Ny teknologi knuser gamal bevisbyrde eller gjer i det minste den gamle tvilsam nok.

Men kan rettssystemet opne sine rettsarkiv kvar gong vitskaparane finn at det no er bevist over all rimeleg tvil at tidlegare fellande prov ikkje lenger held?

I Svanhild-saka vart sakkunnige si rolle i retten til stadige førstesideoppslag. Denne rettssaka handla om Svanhild Jensen hadde kapasitet til å ha den daglege omsorga for dei to mindreårige barna sine. Dei sakkunnige fekk i oppgåve å undersøke omsorgsevna hennar. Sentralt i denne undersøkinga sto IQ-testar. Saka var prega av sakkunnig strid, og striden gjekk hovudsakleg ut på om Svanhilds IQ var innanfor normalområdet eller ikkje. Svanhild hadde sjølv engasjert sakkunnige. Dei konkluderte med at ho hadde
IQ på 95, som er tilnæma normalt. Dei rettsoppnemnde sakkunnige derimot, konkluderte med at Svanhild var mildt psykisk utviklingshemma med ein IQ på 55. Slike tal, det eine eller det andre, kan verkeleg utgjere ein stor forskjell i ein person sitt liv. For ein ting er kven retten skulle lite på. Påstand sto mot påstand. Talknusar mot talknusar. Men rabalderet i media gjekk lenger, ved å utfordre sakkunna si definisjonsmakt: For kan IQ i det heile tatt seie noko som helst om ein person si omsorgsevne?

Lagmannsretten blir tvinga til å ta stilling i denne vitskaplege kontroversen.
Dommarane må skjere igjennom og gi nokre stemmer privilegium. I dommen
slår dei vel å merke fast at verken høg eller låg IQ i seg sjølv kan felle dom over morsevna. Samtidig får dei sakkunnige på Svanhild si side ein knusande kritikk. Dommarane valde å sjå heilt vekk frå deira forklaring. Ved IQtestapparata deira hefta så mange metodiske manglar at resultata ikkje kunne tilleggast vekt. Dei vart karakteriserte som spekulative, utan profesjonalitet og med uvitskapleg framgangsmåtar. Hålogaland lagmannsrett
stolte heller på dei rettsoppnemnde sakkunnige og dømde for omsorgsovertaking. Barnevernet i Kvænangen vann fram.

I Svanhild si sak var striden mellom ekspertar dominerande. Sakkunna opptrådde her stikk i strid med vilkåra for retten sitt invitasjonsbrev: Dei skapte usemje, utryggleik, kompleksitet og kaos i staden for ein saksorden basert på fakta som var meisla i stein. Ei fleirstemmig sakkunne set dommaren si dømmekraft under press. Rettssalen blir på sett og vis gjord til ein vitskapleg marknadsplass. Dommaren blir tvinga til å sette ein verdi på dei ulike vitskaplege produkta og omsetje dei i retten sitt sanksjons- og fordelingssystem. Men kvifor får nokre spelarar favorittstempel frå dommarane, mens andre ganske raskt blir bedde om å setje seg ned eller rett og slett om å forsvinne ut døra? Rettstryggleiken for Svanhild og for mange andre står og fell på dette spørsmålet.

Dei sakkunnige, vitskapen sine kvinner og menn, blir presenterte for eit mangfald av problemstillingar når dei tar plass i rettssalen: Var den amerikanske segregeringspolitikken skadeleg for dei svarte? Finst det kvinner som skader barna sine for å trekke merksemd mot seg sjølv? Når, heilt nøyaktig, vart to menn i Lille Helvete i Fredrikstad slått i hel med øks? Var Svanhaug eigna til å vere mor? Nokre av spørsmåla knyter an til det spesifikke (når vart denne mannen øksehogd?), mens andre knyter an til det ålmenne (finst det kvinner som skader barna sine?).Nokre har opplagde politiske, det vil seie samfunnsmessige konsekvensar (var den amerikanske segregeringspolitikken skadeleg?), mens andre tilsynelatande berre vedkjem enkeltindivid. Vanlegast er det at spørsmål er både-og, noko som syner seg tydeleg i dei effektane nokre av desse sakene har hatt i massemedia: Skadeverknader av segregering i dei amerikanske skolane fekk store konsekvensar ved at skolane vart de-segregerte (iallfall i prinsippet). Spørsmålet om kvinner som drep barna sine, og om dødstidspunktet for dei to mennene i Lille Helvete, fekk langt om lenge konsekvensar då sakene kom opp igjen, og sette spørsmålsteikn ved fagkunnskapen til dei sakkunnige.

VITSKAPLEG RETT – TIL KVA FOR EIN PRIS?
Den sakkunnige har i rettsspelet ei privilegert stemme ved at han blir gitt spesifikke sanningseffektar: Når partane strir seg imellom om fakta, kan den sakkunnige sikre den vitskapleg validerte versjonen av sanninga. Denne sanninga kan bli det ankeret retten sin versjon av hendinga blir festa i. Det faglege, vitskapsbaserte skjønnet som blir praktisert i retten, skil seg nettopp gjennom sine konsekvensar frå det skjønnet som blir praktisert i laboratoria og på kontora rundt om på universitet og forskingsinstitutt. Med «rein vitskap» forstår vi ein apolitisk vitskap. Men gjennom sine onsekvensar blir det vitskaplege skjønnet i retten politisert. Kan vi då seie at rein vitskap kan eksistere i retten?

I forskinga si verd er det berre det framtidige forskarsamfunnet som kan felle
rettferdige dommar over vitskaplege utsegner. Vitskapen vil alltid ha ein open slutt. Oppattaking av saker er regelen og ikkje unntaket i forskarverda. Saker og funn kan når som helst bli prøvde på nytt og kreditterte og diskreditterte. Prov blir fort tilsidesette som gamle og utrangerte. I eit meirog mindre postmoderne vitskapsunivers vil strid mellom konkurrerande teoriar heller vere regelen enn unntaket. Det vil seie at i prinsippet kan alt få eit sakkunnig forsvar. Men rettsapparatet vil kollapse dersom det opnar domstolsdøra hjarteleg kvar gong vitskaparane begeistra kjem ut av laboratoriet for å vise fram kva dei kan finne ut med dei nye instrumenta sine, som dei ikkje fann i
går. Dei gamle apparata som dei for berre ei stund sidan innstendig bad retten om å stole på, er no vortne unøyaktige, ufullkomne, museums- gjenstandar eller i verste fall utan verdi. I den vitskaplege etterpåklokskapen sin dømmande tale vil rett og rettferd aldri bli slått fast ein gong for alle. Gamle bevis falmar i lys av nye vitskaplege metodar, og i prinsippet blir inga sak der dei sakkunnige har medverka, nokon gong sluttført. I domstolane,
på si side, finst eit siste ord. Nokon må alltid seie det ordet som er endeleg. Retten må dømme, han må seie noko – det er det som gjer han til rett.

Dette er då den grunnleggande kontradiksjonen i forholdet mellom rett og vitskap: Retten ønskjer vitskapen si hjelp for å sette punktum for granskinga, til å stoppe rørsla, men dette er vitskapen ikkje i stand til å gjere utan at ho sluttar å vere vitskap. Den sakkunnige har sin autoritet frå vitskapen han representerer, men den same vitskapen sitt etos må han gi opp for å kunne fungere som sakkunnig. Gjennom rettsleggjering gir politikken frå seg makt til retten. Men rettsleggjeringa gir også makt til vitskaparane. Regelproduserande politikarar og pågåande rettsaktivistar gir domstolane så mykje å gjere, og tillegg den dømmande makta så omfattande og komplekse oppgåver, at sakkunnige etter kvart blir ein stadig meir sjølvsagd hjelpefigur
i rettspleia. Retten ber pent om hjelp til å skape orden og system i den fragmenterte, mangfaldige og ustabile røynda, som dei er tvingande nøydde til å regulere og felle dommar over. Dersom retten skal lykkast i å ta avgjerder ,krevst ei viss form for orden i sakene sine, og ikkje ein bevisførsel der «anything goes».

Sakkunnigmakta utfordrar demokratiske grenser på ein subtil måte. Vitskaparane si samfunnsmessige rolle kjem i rettssalen til sitt ytste uttrykk. Deira vitneprov, deira kunnskap og definisjonsmakt, forankra i tunge og kulturelt verdsette sanningsregime, inngår i politiske frigjeringskampar, for skuldig og uskuldig dømde, verdig og uverdig trengande. Dei omskaper sosiale og kulturelle høve og problem til eit univers av etablerte sanningar, noko som er udiskutabelt. Men rettshistoria fortel oss at vitskapen ikkje har
nokon rettsleg fasit. Retten må alltid ta høgd for vitskaplege mistak. Sakkunne kan ikkje sikre rettferdige dommar.

Sakkunna gjer oss merksame på at rettsmakta har mange fleire stemmer enn den juridiske. Rettsleggjering forstått som eintydig styrking av domstolen si rolle og juristane og dommarane sin profesjonsideologiske dominans er derfor ei misvisande skildring av røynda. Dei sakkunnige si avgjerande rolle i retten sitt sanksjons- og fordelingssystem stiller samtidig prinsipielle spørsmål ved maktfordelingstenkinga, domstolsmakta sin autonomi og legitimitet. Vitskaparane si rolle i rettsapparatet gjer at vi ikkje like lett kan
identifisere og plassere retten i ein bestemt lokalitet og profesjon eller i konsistente avgjerdsprosedyrar og kunnskapskjelder. Sakkunna pregar retten sine strukturelle føresetnadane for maktutøving, og det er desse føresetnadene og dei sosiale konsekvensane dei har, som må problematiserast. Det er eit demokratisk problem at det er ei juristregjert domstolsmakt som får så å seie all merksemd i denne rettsleggjeringsdebatten. Det er viktig å ikkje la seg redusere av dette innsnevra blikket på kva retten er. For rettsmakta sine kjelder er mangfaldige.

Spørsmålet om retten og vitskapen stel frå politikken, blir meiningslaust når vi sluttar å respektere dei diskursive grensene mellom desse verksemdene. Både rett og vitskap er alltid allereie politikk, og demokratiet har for alltid mista den reinheita det måtte ha hatt på forum i Athen, eller i venstreopprørarane sin stortingssal i 1884.

NOTAR
1 Straffeprosesslova var berre starten på eit større lovreformarbeid som seinare også skulle omfatte tvistemålslova, domstolslova og tvangsfullbyrdingslova,som alle vart vedtekne i 1915.

2 I 1814 vart spørsmålet om ei demokratisering av rettspleia sett på dagsordenen på Eidsvoll. Tanken var at embetsmennene sin påverknad gjennom rettsapparatet skulle balanserast av påverknad frå vanlege borgarar. Men det er mogleg at dette ikkje appellerte til eidsvollsmennene, grunnleggarane av embetsmannsstaten. Forslaget til folkeleg deltaking i rettspleia vart lagt på is, men skulle komme til å vere ei kampsak for bonde- og venstreopposisjonen i embetsmannsstaten. Det er dermed kanskje ikkje
til å undrast over at juryen vart relansert ved regimeskiftet i 1884, rett nok i ei moderert utgåve i forhold til forslaget frå 1814.

3 Med sakkunne meiner ein i denne samanhengen ein kunnskap av rettsleg tyding som har institusjonell forankring i ulike vitskapar. Sakkunnigprov er ei sakkunnig vurdering av faktiske forhold i ein bestemt rettssak.

4 Både domstolslova, straffeprosesslova og tvistemålslova seier oss noko nærare om korleis og kvifor sakkunne blir brukt. Domstolslova og tvistemålslova er frå 1915, og med få unntak har desse lovene ikkje vore endra. Tvistemålslova er vel å merke nett no i ferd med å bli revidert i heilskap (sjå til dømes NOU 2001: 32).

5 Sakkunna er mangfaldig, og ikkje berre i si vitskaplege forankring, men også i høve til sin formelle funksjon. Dei ulike sakkunnerollene som ein kan finne i rettssaker, er fagkunnig meddommar (mest vanleg i sivile saker), partsoppnemnd sakkunnig, rettsoppnemnd sakkunnig og sakkunnig vitne. Domstolane oppnemner sakkunnige som skal vere retten sine nøytrale og partsuavhengige rådgivarar med nødvendig habilitet og distanse til partane (jamfør straffeprosesslova og tvistemålslova). Normalt er det ein av partane som krev at retten skal setjast med sakkunnige, men dei står også fritt til å kalle inn sakkunnige som eigne vitne. Sakkunnige kan også ha rettsførebuande og utgreiande roller, engasjerte av partane liksom
politi- og påtalemyndigheita.

6 Omgrepet «vitskaparane» er henta frå den franske vitskapssosiologen Bruno Latour, og er brukt for å få fram det enkle faktum at vitskapleg kunnskap er noko som blir til gjennom eit sosialt arbeid. Kunnskap er ikkje noko som vi kan finne rein og ubesudla «der ute», og som menneska kan oppdage og plukke opp – vitskapleg kunnskap er skapt kunnskap, som idéhistorikaren Espen Schaanning seier det. Og vitskapens menn og kvinner er følgjeleg vitskaparar.

7 Er denne antydninga av ekspertisen som demokratiet sin vonde tvilling for søkt? Det finst litteratur som kan støtte opp om denne spekulative tesen. Michel Foucault skriv i Overvåkning og straff om Disiplinen som rettsstatens eller Lovas bakside, fødd saman med han, og saman med det moderne klassesamfunnet: «Da det moderne klassesamfunn med dets gjennomgripende klassedømme ble til, var de disiplinære metoder det politiske motstykke til de rettsnormer som skal fordele makten i samfunnet.» (Foucault 1997 s. 197–198) Nå skal ikkje «disiplin» i dette sitatet forståast som sakkunne, eller «rettsnormer» som juryordning. Men vitskapane om mennesket, som vart ein så viktig del av den rettslege sakkunna, er ifølgje Foucault grunnlagde på det han kallar disiplinen, og dei demokratiserande trekka som blir gjorde i straffeprosesslova, hadde unekteleg verknad på maktfordelinga i samfunnet. Og slik kan vi i dette sitatet sjå ein parallell til straffeprosesslova si samanstilling av sakkunne og juryordning.

8 Rettsmedisinarane kombinerte frå gamalt autoriteten til det offentlege embetet med autoriteten til den akademiske vitskapen. Den einaste sakkunna
som vart spesifikt nemnd i 1887, var den rettspsykiatriske.

9 Sjå Stephen Watkins, «Conviction by mathematical error?» i British Medical Journal (2000): 320:2–3. Debatten om kva rolle sakkunna skal ha i rettssaker,
har prega dagsordenen i både tidsskrifta og massemedia i England sidan.


Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07