Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn 3/12 ute no: Farlege kvinnetrendar og utvida forfattarutdanning
17.09.12



Moderskapsmaset og det perfekte husmorsidealet kan true likestillinga i Noreg, meiner Toril Moi. I det nye nummeret av Syn og Segn møter ho Astrid Grov til eit intervju om cupcakes, deltidsarbeid og morsrolla.

Eldrid Lunden skisserer opp korleis ei fullgod forfattarutdanning burde vere, og Solveig Brandal skildrar rettssaka då Åsne Seierstad til slutt vann i saka mot bokhandlarkona Suraia Rais.

Eldrid Lunden: Forfattarutdanning – in the making. Eit litteraturkritisk prosjekt
Vi kan skode tilbake på tretti år med skriveutdanningar i Noreg. Kvifor har ikkje utbygginga av forfattarutdanningane i Noreg kome lenger på desse åra? Eldrid Lunden skisserer opp kva ho legg i ei fullgod forfattarutdanning.

Solveig Brandal: Seierstad, Cappelen Damm og bokhandlarkona Suraia Rais
Det er svært uvanleg at forfattar og kjelde tørnar saman i norsk rett om krenking av privatlivets fred. I ankesaka handla dei sentrale spørsmåla om litterær sjanger og samtykke.

Astrid Grov: Kvinner og cupcakes. Intervju med Toril Moi
Norske kvinner bakar, strikkar og vaskar om kapp for å bli den perfekte husmora. På kva måte kan oppblomstringa av dei gamle husmoraktivitetane vere til hinder for likestillinga? Astrid Grov møter Toril Moi til ei samtale om feminisme og likestilling i dagens Noreg.

Tove Kårstad Haugsbø: Illustratøren Nikolai Astrup og den tapte boka
Kunstnaren Nikolai Astrup er kanskje mest kjend for dei store oljemåleria sine, men han var òg ein dyktig illustratør. Tove Kårstad Haugsbø undersøkjer dei etterlatne illustrasjonane hans og prøver å kome nærare eit svar på kvar den forsvunne boka Jølster-bogen har tatt vegen.

Karen Marie Kvåle Garthus: Frå nynorsk til bokmål: Språkskifte i norsk skule
I Valdres skiftar om lag sytti prosent av elevar med nynorsk som hovudmål til bokmål, medan jamnaldrande i Sogn og Fjordane held på språket sitt. Kvifor er det slik? Karen Marie Kvåle Garthus har utført ei undersøking om språkskifte og prøver å komme med eit svar.

Atle Måseide: Skisse til eit språkleg danningsprosjekt i skolen
Norskfaget skal danne oss, men kva vil det seie å vere eit danna menneske? Atle Måseide meiner at framlegget til revidert læreplan, og dårlegare kår for nynorsk, svekkar norsk som danningsfag.

Kirsti Lunde: Gudbrandsdalsosten – berre ein ost?
Då TINE varsla at dei skulle flytte produksjonen av Gudbrandsdalsost ut av Gudbrandsdalen, reiste dølane seg i protest. Kirsti Lunde utforskar engasjementet og historia rundt den norske osten.

Bjørg Seland: ”Til befordring av Guds rige”. Folkeleg pietisme og vekkingkristendom
Bedehuskulturen hadde si stordomstid frå 1870 til 1940. Bjørg Seland skriv om dei tette, pietistiske miljøa, og om skiljet mellom dei rett-truande og dei verdslege som kunne gå tvers igjennom små bygder og familiar.

Bente Riise: Eit stort, ope land. Leiar
Det var ein klår og knusande rapport 22.juli-kommisjonen og Alexandra Bech Gjørv la fram i august. Bente Riise skriv om terroråtaka som kunne vore hindra, og konsekvensane rapporten burde ha for å utbetre terrorberedskapen i Noreg.

Elles i Syn og Segn 3/12:
Sara Olivia Berntsen: Nær. Fotoserie
Michael Ondaatje: Dikt og draum

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07