Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Ei grepa jomfru - SOS 4/2004
10.11.04- Solveig Brandal
Jomfru Maria er i vinden. Tidsskriftet Time Magazine har kåra ho til tusenårskvinna, og Den norske kyrkja, som i fem hundreår har skydd jomfru Maria som paven, feirar no gamle mariafestar i kyrkjeåret.

Forskarar reknar jomfru Maria som den viktigaste kvinnemyten i vestleg kultur, og feministar lyftar henne fram som kvinnesymbol. To kvinner har særleg gjort sitt for å gjere jomfru Maria synleg: psykoanalytikaren og litteraten Julia Kristeva, som har arbeidd kritisk med mariamyten, særleg i ”Stabat mater”, og popartisten Madonna. Ho leikar seg rått med mariadogme, frå ho for mange vart kjend ”Like a Virgin”, til samleplata ”The Immaculate Collection”, som fritt speler på mariadogmet den syndefrie unnfanginga, på engelsk The Immaculate Conception.

I Noreg er likevel mariamyten framand. Jomfru Maria er ho som sit med Jesus i fanget i julekrybba, og meir ser vi ikkje av henne. Vi har slått oss til ro med Luthers lære og trur at jomfru Maria var mor til Jesus og ikkje noko meir å bråke om. Madonnas opprør og Kristevas gransking går oss hus forbi.

Men vi har ein mariakultur her i landet òg. Jomfru Maria var svært populær i mellomalderen, på 1400-talet kunne ein snakke om eit eige Marias kyrkjeår, så mange markeringar var det til hennar ære i offisiell kristendom. Og i folketrua var ho også stor, tenk berre på alle spora etter henne i folketru, folkedikting og mytar knytte til dyreliv og flora. Vi har Maria gullsko og marihøne, jomfru Maria dukkar opp i folkeviser og eventyr. Men i tillegg har vi altså mange ukjende legender.

Jomfru Marias legender
Legendene om jomfru Maria har lenge vore gøymde og gløymde. Men vi har ei rik samling marialegender på norrønt. Handskriftmaterialet ligg i København og i Stockholm, men eit redigert utval finst også i bokform, gjeve ut av C.R. Unger mot slutten av 1870-talet. Svært få er likevel omsette til moderne norsk.

Frå 1100-talet og utover var jomfru Maria den mest framståande figuren i den kristne trua, og dei tallause forteljingane om hennar jartegner kom også til Norden. Dei eldste jartegnene vi veit om som er omsette til norrønt, er frå 1100-talet, men særleg kong Håkon Magnusson (1299–1319) er kjend for å ha vore interessert i latinsk kultur og litteratur, og han sette i gang fleire storstilte omsetjingsarbeid, også av legender. Nokre av dei norrøne legendene er opphavleg norrøne, truleg skrivne på Island.

Ei marialegende var delt i to: den første delen handla om livet til Maria, om barndommen og oppveksten hennar og til slutt om hennar død. Ein eigen sjanger, mariaklage, fortalde om korleis Maria leid ved Jesu kross, og ei slik klage følgde gjerne med marialegenda. I den andre delen av legenda var ei samling forteljingar om Marias mirakelgjerningar. I Norden vart dei kalla jartegner. Dei fortalde om korleis jomfru Maria hjelpte folk. Og Marias jartegner viser at ho hadde særleg medkjensle med dei verste og mest elendige av syndarar. Her er drapskvinner som står i elden og skal brennast på bålet, og horebukkar som smådjevlar riv og slit i for å få med til helvetet. Men Maria grip inn. Når nauda er størst, er jomfru Maria nærast.

Maria som mediator
Som Mor til Gud har Maria makt. Ho fekk rolla som mediator, formidlar av Guds nåde til menneska. Den som ærar Maria og ber henne gå i forbøn, Ave Maria, får hjelp, for Gud er Marias son og gjer som ho seier. Gud er allmektig, men kan ikkje nekte Mor si nokon ting. Slik er Maria vegen til Guds nåde.

Mest kjend er Maria likevel som jomfru. I mellomalderen innebar det også at ho var åndeleg sterk og stod imot synd. Frå 1100-talet og utover kjempa kyrkja for at kristne skulle leve jomfrueleg, sølibatskravet for prestar vart innført, og fleire og fleire gjekk i kloster. Mariajartegner viser korleis Maria hjelper i kampen mot lyst og synd. Uskuldige munkar og nonner fell for lekamens lyster, gjerne etter lokking frå djevelen sjølv. Men Maria hjelper likevel, ho plukkar opp dei fortapte og bergar dei frå evig pine. Ei jartegn fortel om ei abbedisse som vert gravid. Ho angrar og gret for Maria, som lovar å hjelpe henne. Men biskopen i det området får likevel nyss om kva som har hendt, og han kjem med to menn for å undersøkje abbedissa:

Biskopen tok då fram to geistlege og bad dei bli med henne og kjenne etter med hendene for å finne ut om ho hadde skikka seg rett. Dei leita, men kunne ikkje finne anna enn at ho var god og heil. Så gjekk dei tilbake til biskopen og sa ho var uskuldig.

Det høyrer med til historia at abbedissa tilstod alt for biskopen, og det gjekk bra til slutt. Guten som ho bar fram, vart endåtil sjølv biskop då han vart vaksen.

Det festa seg tidleg tankar i kristendommen om at Maria aldri kunne vere noko anna enn jomfru. Ho fekk tittelen evig jomfru, Aepartenos, på kyrkjemøtet i Kalkedon i år 451, og det tyder at Maria var, er og alltid kjem til å vere jomfru. Trua på den mirakuløse jomfrufødselen kjenner vi både frå evangelistane Lukas og Matteus og frå den lutherske kristne læra i vår tid. Dei kristne tok med seg idear om jomfrudom frå mellom anna gresk mytologi, der jomfrutilstanden vart sett som magisk, kraftfull og som teikn på åndeleg styrke. Den klassiske jomfrugudinna var Artemis, kjend i Romarriket som Diana. Kyrkjefaren Augustin ( 354–430) var ein av dei som kopla det greske synet på jomfrudom til kristen tru. Han utarbeidde læra om arvesynda og sa at arvesynd er seksuell lyst og død. Å vere jomfrueleg er å ta opp kampen mot synda og stå imot oppløysinga av både sjel og kropp. Asketiske ideal vart framheva i kristendommen, og jomfru Maria vart sett på som eit førebilete i den jomfruelege levemåten. Å leve i sølibat var ein moralsk siger.

Jomfru Maria var eit vern for munkane og nonnene i sølibat. Ho viste at den guddomlege reine kjærleiken var sterkare og betre enn den lekamlege. Ifølgje Bernhard av Clairvaux (d. 1153), grunnleggjaren av cisterciensarordenen og ein ivrig ærar av jomfru Maria, var ho det einaste mennesket som hadde fått oppleve å vere fullstendig fylt av Guds kjærleik. Og slik var ho eit førebilete for alle kristne. Dei som ville likne henne, kunne håpe på å oppleve Guds kjærleik, i himmelen.

Eit uoppnåeleg kvinneideal
Maria vart også eit kvinneideal. Augustin gav kvinna skulda for syndefallet og meinte at kvinna meir enn mannen var styrt av lyst. Augustin fann sjølvsagt støtte for dette i Bibelen. I forteljinga om syndefallet står det at Eva let seg lokke av slangen i Paradiset, og ho lokka igjen med seg Adam. Augustin såg det slik at det var kvinna Eva som hadde skulda for at synda kom inn i verda.

Maria vart kalla Den andre Eva fordi ho gjorde godt att den skaden som Eva hadde påført menneska. Eva var skuld i syndefallet, Maria vart æra for å føde Frelsaren. Ja, Maria føder ikkje eingong Jesus i smerte. Herren straffa Eva og hennar døtrer for syndefallet med vonde fødslar, men legender om Marias liv fortel korleis Maria fødde Jesus i rein glede.

Skiljet er skarpt mellom jomfru Maria og andre kvinner. Andre kvinner vert kalla Evas døtrer, Maria vert det som alle andre kvinner ikkje er: rein, syndefri og utan del i lyst og død. Maria kjenner ikkje lyst, og ho treng heller ikkje døy. Jomfru Maria får fare til himmelen heil i sjel og lekam.

Kristne kvinner vert i mellomalderen, og seinare, stilte overfor ei umogeleg oppgåve. Dei skal likne eit ideal som per definisjon er noko anna enn dei sjølve. Også i jartegnene ser vi korleis levande kvinner ber fortaping i seg, medan jomfru Maria leier til frelse. Kvinnene vert kopla til lekamleg lyst og død, medan jomfru Maria grip inn og får nåde frå Gud til tilgiving og nytt liv.

Maria vert stor på 1100-talet, og ho viser seg frå mange sider. Ikkje berre er ho jomfrueleg mor til Gud, men vert også dyrka som ei skjønn kvinne. Ho vart elska som Vår Frue, som Kristi Brud, som Sulamit, Dronning, ei rein lilje, ei høgverdig leiestjerne. Trubadurar song til hennar ære, ikon viste henne som ei herleg herskarinne, kyrkjer vart vigde til Marias ære.

Men Maria kjende også dei meir vanskelege sidene av menneskelivet. Særleg på 1300-talet, då pest herja i Europa, vende folk seg til Maria som Mater Dolorosa. Maria opplevde det verste som kan hende ei mor, å miste barnet sitt. I mariaklagen fortel Maria sjølv korleis ho opplevde smerta ved å sjå sonen døy på krossen:

”Son min, son min, høyr, du søte son min, mi kjæraste og mest inderlege glede! Ve meg! Elendig er eg! Korleis skal eg få døy før deg? Å, stakkars meg, kvar skal eg gjere av meg? Son min døyr frå meg! Kvifor døyr ikkje eg, den sørgjelege mor hans? Son min, son min, einboren og elskeleg, son min, søtaste, la meg ikkje bli igjen! Ta meg med og la oss begge døy! Eg skuldar deg å døy saman med deg, eg som fødde deg til død.”

Tårene til Maria ved Jesu kross fekk eit eige rom i mariamyten. Ein tenkte seg at dei hadde underfull kraft. Dei var skirande reine og kunne reinse for synd og gi nytt liv. I mellomaldersk bilettradisjon vart Marias tårer likna med vårregnet. Skal nytt liv gro etter vinteren, må dei små spirene få væte. Tårene til Maria viser vegen frå død og tap til håp om nytt liv og glede.

I mariajartegnene ser vi fleire døme på at vegen frå synd til frelse og forsoning går gjennom angerfull gråt. Den som angrar og græt av eit reint hjarte, får Marias hjelp og nåde. Dei får ein sjanse til. I jartegnene om abbedissa vert det fortalt slik:

Etter langvarig gråt og sorgfulle bøner sovna ho. I tyngste søvnen viste den sæle Maria seg for henne saman med to englar. Ho var venleg og trøysta abbedissa: ”Eg har høyrt di bøn og sett dine tårer. Synda di har eg fått tilgiving for av son min, han som er den mest miskunnsame mot syndarar. Sidan han har løyst deg frå synda, vil han også fri deg frå all den klander og skam uvenene dine har påført deg.”

Djevlar mot englar
Mariajartegner er spennande litteratur som gir høve til mangfaldige og rike tolkingar. Her er klassiske konfliktar om det gode i kamp mot det vonde, og hendingane speglar mellomalderens verdsbilete: djevlar står mot englar, helvetet trugar, og himmelen bergar.

Jartegnene vart brukte i oppbyggjelege samanhengar i kloster og kyrkjeliv, men det er lett å sjå at behovet for å forkynne har gått saman med behovet for å fortelje ei saftig og sjokkerande historie. Ja, forteljingane er så grove at ein vanskeleg kan tenkje seg at jartegner kunne ha vorte lesne av kyrkja i dag. For syndene som skjer, er ikkje småtteri, det er utruskap og hor, incest og drap, og Maria blindar ville vikingar og gir den lystne abbedissa jomfruhinna tilbake.

Stilistisk er jartegnene også svært interessante. Dei vert delvis fortalde i klassisk norrøn stil med korte setningar og ytre handlingsreferat, gjerne med understatement og humor. Og så kjem det meir florisant stil innimellom, som med blømande adjektiv og bilete gir rørande bilete av kjenslelivet. Abbedissa uttrykkjer seg slik i bøn til Maria:

Du mi mest gåvmilde dronning, den høgste og mest heilage av menneske, velsigna Maria, Herrens mor! Du er nærast Gud i ære og dygder, og nest etter Gud, son din, er du ly og vern for kristne i alle slags lagnader. Heilage menn lovprisar deg, du gir syndarar nåde og sjuke helse, du trøystar dei ynkelege. Vend i nåde og miskunn ditt auge mot meg og mitt elende! Hjelp meg i din godvilje framfor son din, min Herre og vår Frelsar, så han skånar meg for den klander og spott som no ventar meg frå folk, for eg er ikkje rein. La han vise nåde mot meg og frelse meg frå den skam eg må bere for mine brot. No legg eg meg i dine hender, du velsigna Maria, eg skal elske og tene deg med livslang kjærleik…”

Jartegnene har også dialog. Særleg frå 1200-talet vert denne utbygd, noko som ein set i samanheng med framvoksteren av kyrkjespel i same perioden. Mange jartegner vart brukte som grunnlag for mirakelspel i kyrkjene i mellomalderen.

Jartegnene vart ein del av den norrøne folkekulturen. Nokre vart seinare dikta om til mariaviser, som vi kjenner i overlevering frå Island. Og det var ikkje alltid at folk var samde med den offisielle teologien når det gjeld Marias posisjon. Folk gav gjerne Maria meir makt enn det kyrkja ville gi henne. Dei knytte henne til eldre gudinner, og ho arva ansvar etter både Frøya og Frigg. Maria verna alt som skulle bere grøde og avle, ikkje berre på åkeren og i fjøset, men også i heimen. Maria tok seg særleg av gravide og fødande kvinner, og ho passa også på når livet var slutt. Maria hadde ansvar for det kraftfulle området mellom liv og død.

Den bortgløymde Maria
Det finst fleire titals norrøne mariajartegner som aldri vert lesne, og som aldri har vorte omsette til norsk. Dei har rett og slett vorte liggjande. I moderne tid må forteljingane omsetjast og formidlast av folk som er kunnige i norrønt, og det verkar ikkje som om forskarmiljøet har brydd seg med det. På det romantiske og nasjonsbyggjande 1800-talet, og delvis 1900-talet, var norrøne fagfolk mest opptatt av å finne det genuint norrøne i vår litterære forhistorie, og dei interesserte seg ikkje vidare for omsett religiøs litteratur. Denne tradisjonen har på mange måtar halde seg, for framleis vert norrøn litteratur i skuleverket formidla og framheva som eddadikt, heltekvad, sagaer og så vidare. I religionsfaget i vidaregåande skule vert jomfru Maria knapt nemnd, og heller ikkje i den historiske framstillinga av mellomalderen.

Ein kan ikkje sjå vekk ifrå at jomfru Maria har vore eit vanskeleg emne å forske på. Etter reformasjonen har det vore strid mellom katolikkar og lutheranarar. Ikkje før i 1843 vart det igjen lovleg å vere katolikk i Noreg, og då under pålegg om å ikkje truge statsreligionen. Jomfru Maria var og er dessutan eit sterkt katolsk symbol.

I tillegg er jomfru Maria kvinne. Det var feministane frå 1970-talet og utover som grov henne fram igjen frå den lutherske gløymsla, og det er kvinner som både målber viktig kritikk mot mariamyten, og som vil ha Maria fram i lyset att. Det verkar som om mange saknar det feminine elementet som jomfru Maria er, både i religiøse krinsar og i kulturlivet elles.

Vi har vår mariakultur her i landet. Dei mange legendene om jomfru Maria er ei fantastisk kjelde til kunnskap om denne arven, for det var mykje godt gjennom mariajartegner ho vart kjend for folk den gongen. Slik ho vert framstilt i jartegnene, slik kjende dei henne.

Dei norrøne mariajartegnene er i dag vår mellomalderlitteratur så godt som noko. Ein skil ikkje lenger mellom importert og norrøn mellomalderlitteratur. Forskarar argumenterer for at all norrøn skriftkultur har oppstått i møte mellom det latinske og det norrøne, og i dette møtet oppstod også mariajartegner. Ved å omsetje og lese norrøne mariajartegner i dag kan vi sjå glimt av jomfru Maria slik våre formødrer og forfedrar kjende henne.

Sitata er henta frå artikkelforfattaren si bok Jomfru Maria-legender frå mellomalderen, Verbum forlag (2004).

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07