Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn nr 1/2005
I årets første utgåve spør vi: Kva har vi eigentleg å feire i Noreg? Den svenske journalisten og forfattaren Emily von Sydow meiner det heller er EU som burde feire meir enn 10 år utan Noreg, historikar Gaute Losnegård skuldar riskpolitikarane for å gå ut med ei kongeleg befaling om feiring, mens journalist Katrine Sele skriv ein fantastisk rapport frå livet i kommune-Noreg.

LEIAR
I leiaren krev redaktørane Ragnfrid Trohaug og Teresa Grøtan at utdanningsdirektør i Oslo kommune Astrid Søgnen, og direktør i Utdanningsdirektoratet Petter Skartveit, må gå av etter fadesen med sidemålsforsøket i vidaregåande skole i Oslo.
av Teresa Grøtan og Ragnfrid Trohaug

FRÅ 1905 TIL KORTREIST MAT
Hundreårsjubileet skal feirast med pomp og prakt, og regien er ikkje overlaten til tilfeldigheitene. Men det folkelege engasjementet som ein gong fanst, ser ut til å ha forsvunne i byråkrati. Rikspolitikarane viser liten nåde i si herskelyst, og direktivet om å gå i gang med feiringa av 1905 føyer seg fint inn i rekkja av oppgåver kommunane må gå i gang med utan oppfølging verken med pengar eller ekstra ressursar.
av Gaute Losnegård

FALSKE NOREG
Ja, eg veit at det er hundre år sia Noreg blei fritt frå Sverige. Og jo, eg har hørt spøken om at «hundre år utan union er nok», apropos ein ny, norsk medlemskapssøknad. Men frå mitt middelaldrande Brussel-perspektiv er det
kanskje endå tydelegare at det er ti år sia EU blei fritt frå Noreg, og Noreg kunne halde fram med å gi næring til sjølvbildet sitt som i grunnen er falskt: bildet av landet utanfor, som er befolka av naturnære raringar.
av Emily von Sydow

NOREG, EUROPA?
Det er noko uavklara i forholdet Noreg har til både Amerika og Europa. Vi seier at vi er europeiske, men blir meir og meir amerikanske. Er Noreg i ferd med å forlate Europa??
av Karl Kerner

DEN NORSKE KOMMUNEN: EI KJÆRLEIKSHISTORIE
Å, om eg kunne!
Å, om du ville!
Å, om vi berre!
Eg trudde at historia om den norske kommunen var ei trist historie.
Så reiste eg til Vanylven.
av Katrine Sele
Les meir her!

NORSKE NYBYGGJARAR
Frå Syn og Segn, mai 1905
av Edvard Langset:

KULTIVER DITT BARN
Tips til intellektuelle småbarnsforeldre i tidsklemma.
av Atle Skorstad

BAK KULISSANE
Då motstandarane i brennbart-debatten møttest i NRK 6.12.04, gjorde Hans Fredrik Dahl noko rart. Han starta med å be om å få sjå introduksjonskorta til Viggo Johansen og fekk skriva om presentasjonen av seg sjølv.
av Ragnhild Bjørge

HUNDRE ÅRS BOKBUSINESS
Hundre år etter oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige har moderniseringsministeren funne ut at det er på tide å løyse opp dei tette banda mellom forlag og bokhandlar. Meyer har talt, og no er det berre for koret å synge. Ideologiane kryssar klinger på underleg vis i diskusjonen om bokbransjens framtid.
av Nina Refseth

UBEHAGET I FEMINISMEN
Over ølglaset byrjar ho sakte å snerre, og den hyggelege samtalen
sporar raskt av. Heime til jol ser eg, hyggeleg å sjå deg, men du. Det kjem fram at ho finn meg umåteleg irriterande, eg er politisk korrekt, argumenterer ho. Fordi eg syner interesse for denne analysen hennar, blir ho raskt varm og hektisk, orda ber henne ikkje heilt, ho finn det nødvendig å imitere meg, og viftar med hendene: Kommunisme! Feminisme! Inniblant desse kampropa ho legg i munnen på det imiterte meg, saknar ho si eiga kommenterande stemme, så ho legg inn livaktige og presist etterlikna spylydar som skal representere hennar syn på mine plakataktige standpunkt.
av Karin Haugen

FYSIKKEN SI ROLLE I DEN VESTLEGE KULTUREN
Scenen er ein liten småbrukarfamilie i Trøndelag i 1950-åra. Medan dei et nonsmaten, fortel faren om naturvitskap: «Ikkje noko menneske har kome seg så langt av garde som til månen enno, men ljoset treng berre eit einaste sekund derifrå og hit. Frå sola treng det åtte minutt, og frå næraste stjerne – fire år. Men i målestokken til universet er det for inkje å rekna. Millionar av år treng ljoset frå stjernetåkene og hit. Difor veit vi ikkje kva som hender der no, berre litevetta om det som hende før menneska kom seg tenkjande på føtene!»
av Johan Moan

TEKST OG TEIKNING
av Karin Moe

Kjartan Dannatt er vinnaren av essaykonkurransen for studentar som Syn og Segn lyste ut før jul. Vi meiner at vinnaressayet «Alle reiser startar heime» er ein tekst som smeltar saman litteratur og geografi. Det er denne samankoplinga mellom det skrivne og det opplevde, det litterære, politiske og personlege, som gjer teksten god. Essayisten evnar å zoome inn og ut på materialet sitt, og slik blir det ein tekst med godt overblikk.

Essayet «Religion og menneskerettar» av Dagrun Astrid Aarø Engen er òg ein velskriven tekst, og ligg på www.synogsegn.no/rettpånett

ALLE REISER STARTAR HEIME
I 1935 reiste den britiske forfattaren Graham Greene saman med
kusina Barbara til Liberia, ei reise som resulterte i to reiseskildringar,
Graham Greene si bok Journey Without Maps (1936) og Barbara Greene si Land Benighted (1938). Dette essayet byr på nokre tankar rundt den litterære reiseboka i form av ei lesing av Journey Without Maps som ei indre reise, på same tid ei oppteikning og ei leiting etter sjølvet. Reisa som vert fortald, er samstundes ei flukt frå eit dysfunksjonelt heimesamfunn og ei jakt etter meining og ein alternativ levemåte, ei forteljing om sjølvet sitt
ønske om stabilitet gjennom ei gjenoppdaging av minne.
av Kjartan Dannatt

HIMMELEN OVER KONTORSTOLEN
Intervju med Brit Bildøen
av Anne Karin Torheim

Syn og Segn har bedt fire forfattarar skrive om den avgjerande augneblinken.

DEN AVGJERANDE AUGNEBLINKEN
av Brit Bildøen

AVGJERANDE
av Espen Stueland

DIKT
av Ingrid Storholmen

CHOIR FM
av Ole Idar Kvelvane

Bli abonnent!
Kjøp heftet!

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07