Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

På næringslivet sine premissar
25.11.05- Mona Ringvej
Grunnlovskonferansen 2005 som opnar i Bergen 14. november, spring ut av næringslivets hierarkiske struktur. Når det første steget skal tas mot ny grunnlov for Noreg, er folket effektivisert bort.


Småbonden Ole Olsen Amundrød frå Larvik grevskap sat klemt saman med 111 andre representantar på 72 m2 i rikssalen på Eidsvoll i 1814. Han sa ikkje noko, denne bonden i møte med så mykje fintfolk, men han var til stades, og stemma hans talte med då Grunnlova blei skipa. Ein tredel av riksforsamlinga sine menn var bønder, stemt inn av kyrkjelyd og valmenn. Sjølv om dei ikkje alle var småbønder, verkar deltakinga deira sjokkerande radikal i møte med programmet til Grunnlovskonferansen i Grieghallen i Bergen i haust. Konferansen sitt uttalte mål er ei ny grunnlov i landet. Konferansen, som ”i prinsippet er åpen for alle” , har jamvel lagt nokre prinsippar på hylla då invitasjonane vart sendt ut. Til å formulera grunnlaget for ei ny grunnlov og for å diskutera kva slag demokrati vi skal ha, har dei invitert aristokratiet i norsk tenking. Professorar, rikspolitikarar, direktørar og redaktørar er det som set seg rundt konferanseborda i november.

«Det er mange av oss som mener det nå er på tide å se på Grunnloven med nye øyne.» heiter det i invitasjonen på nettsida, underteikna av dei tre menn jussprofessor Jan Fridthjof Bernt, generalsekretær i Norsk redaktørforening Nils Øy og Pål Lorentzen, styreformann i Sparebanken Vest. Bernt seier det enno tydelegare i eit intervju med Bergen Næringsråd: «Grunnloven må reformeres». I følgje Bernt samsvarer grunnlova ikkje lenger med det han kallar «de grunnleggende verdiene» i norsk samfunn. Dagens samfunn er prega av nye utfordringar som klimaspørsmål, spesialisering, internasjonalisme og immigrasjon, hevdar initiativtakarane.
I følge programmet skal konferansedeltakarane diskutera menneskerettar og demokrati i ei verd med terrorfrykt, dei skal diskutera nasjonalstaten og EU, politisk styring og administrativt ansvar på ulike nivå. Mellom anna skal professororane Eivind Smith og Janne Haaland Matlary føredra om overnasjonalitet. Etterpå er ordet fritt mellom rikspolitikarane Jagland, Hagen, Halvorsen og Lønning. Partisekretær Martin Kolberg føredreg om politisering av velferdsstaten. LO-leder Gerd Liv Valla og direktør i NHO Finn Bergesen jr. vil snakka om konstitusjonelt ansvar for næringslivet, og til sist vil politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle konkludera med spørsmålet ”Hvem tar ansvaret for det norske demokratiet”.

Jamvel om bidraga og konferansen synest å diskutera breitt og stilla opne spørsmål, er det noko som skurrar i presentasjonen. Konferansen er så grunnleggande viktig i målsetjinga, så relevant for dei fleste av oss borgarane, så oppteken av demokrati og likevel så lukka. Nokre av dei vesentlege haldepunkta til konferansen er lagt ut på ut på internett, presenterert som § 1, 49 og 50 i Grunnlova, om kongerikets sjølvstende, folkesuverenitetsprinsippet og den ålmene stemmeretten. Spørsmålet mitt er kor er det arrangøren vil med å kopla seg til desse paragrafane? Kvifor desse grunnleggande spørsmåla utan retoriske undertonar i det heile? Kva slags «grunnleggende verdier» er det dagens og morgondagens norske samfunn skal byggja på, i følgje arrangørane?

Kjelda sitt utspring
Eit svar på det får ein om går til kjelda for konferansen, Sparebanken Vest. Sidan 2003 har sparebanken arrangert seks Vestlandskonferansar, og er etter kvart blitt ein så viktig politisk aktør på Vestlandet at Bergens Tidende har kalt han eit politisk parti. Ein av dei viktigaste hjernane bak konferansen er styreformann og høgsterettsadvokat Lorentzen. Det er den statlige detaljstyringa som har framprovosert Vestlandskonferansane sitt uttalte mål om større grad av regionalt sjølvstyre, og i den samanhengen setja spørsmålet om meir lokaldemokrati på dagsorden. Til støtte for visjonane sine har sparebanken henta inspirasjon fra EU sin regionalpolitikk, der dei mindre einingane skal tilleggast større makt.

På denne måten har Vestlandskonferansane vore eit vitalt og energisk svar på lokalpolitikken sine trongare kår dei siste åra. Statleg styring og byråkratisering av kommunene har fortrengt den lokale bestemmingsretten. Det politiske rommet mellom lokalt og statleg plan har forsvunne til fordel for eit byråkrati, og slik er demokratiet på mange måtar svekka i Noreg.

Denne situasjonen er mellom anna dokumentert i Maktutgreiinga si sluttbok, og skildrar her ei utvikling der tenesteyting i kommunane basert på rettar har omdanna folk frå borgarar til brukarar . I følgje Maktutgreiinga tek rettssystemet i siste instans over siste rest av sjølvstendig lokalstyre. Denne analysa er eit lokalt døme på kva demokratiomgrep Maktutgreiinga opererte med i sitt arbeid, og som resulterte i analysen om demokratiets forvitring. Maktutgreiinga har elles fått mest merksemd omkring sin tolking om at Nasjonalstaten har mista styringsrett andsynes overnasjonale rettsinstansar.

I Maktutgreiinga sitt demokratiomrep er det likevel nokre moment som ikkje har vore langt framme i foredraga Vestlandskonferansen har arrangert. Medan det er dei folkevalde representative organa som er Maktutgreiinga sin demokratiske kjerne, ser Vestlandskonferansen ut til å ha byrja i ein litt annan ende. Igjen finn vi nokre eksklusive forsamlingar av leiarar frå næringsliv og organisasjonslivet, og det er i deira fokus Vestlandskonferansen sitt demokratiomgrep ser ut til å ha fått si byrjing. I staden for eit fokus på folk og styring, er det næringslivet sine rammevilkår i nasjonalstaten som ser ut til å vera det endelege utspringet til den viktige Grunnlovskonferansa i Grieghallen.

Det byrja friskt med visjonar om meir lokaldemokrati. Valdeltakinga under lokalvalet 2003 var berre på 55 prosent. Inspirert av regionstenkinga i EU ønskte Sparebanken Vest å skapa ei plattform for den regionale debatten på Vestlandet med sine konferansar. Fordi dette er eit omfattande tema, ønska Sparebanken å invitera kunnskapsrike og kreative menneske, for i samråd å tenka høgt og fordomsfritt. Samstundes vart det slått fast at «Sparebanken Vest skal være en drivkraft for utvikling i samfunns- og næringsliv» .

Visjonane var klåre då manifestet «Det kraftfulle Vestlandet» vart lagt fram på bankens tredje konferanse i november 2003. Gulatinget skulle vekkjast til live. Eit sjølvstyrt Vestland skulle sikra nærleiken mellom politikarar, innbyggjarar, kultur – og næringsliv. Vestlandet sine rike ressursar og skaparkraft har ikkje gitt regionen den krafta han kunne ha hatt, slo deltakarane fast. Manifestet inneheldt difor ein strategiplan for overtaking av statleg makt innafor kultur, næring og samferdsle, sjølvstendig innteksgrunnlag, mellom anna gjennom fri skattleggingsrett, etablering av eit Vestlandsuniversitet, og konkret: Ein grunnlovskonferanse i 2005, for å diskutera lokalt og regionalt sjølvstyre. Som eit siste punkt proklamerast det óg at målet er å skapa ei folkerørsle i regionaliseringas teneste .

Når Grunnlovskonferansen no er ein realitet, syner det at målsetjinga i manifestet har hatt stor gjennomslagskraft. Kanskje ser vi Gulatinget oppstå óg, i pakt med manifestets mål?


Næringslivet sine premissar
Ved eit slikt utspring til grunnlovskonferansa blir ein slått av eit historisk spørsmål: Korleis kan ein skapa institusjonelle endringar og endringar i makttilhøve i samfunnet? Er det gjennom initiativ ovanfrå, der massane lar seg riva med av leiarane, eller er det gjennom initiativ nedanfrå at ein kan få til endringar? Vestlandskonferansen inviterer kreative menneske til å delta i debatten og hentar slik kunnskap der den er å finna, kan ein gjerne seia. Det er likevel slik for samfunndebattantar som for historikarar at dei svara ein får, ofte er gitt gjennom dei kjeldene ein vél å spørja. Når Spareanken Vest inviterer til debatt, går spørsmåla ut til det hjørnet av samfunnet der næringslivet set premissane for kva som er viktig, kva som er politikk – ikkje minst om kva som er rett politikk. Det er også næringslivet sine premissleverandørar som blir inviterte til å snakka i den åpne og spørrande offentlighet sparebanken har etablert.

Kven kan klandra dei for det, kan ein spørja, når nedbygging av industrien nettopp er eitt av dei problema som regionane slit med. Å invitera næringslivet for å få opp i dagen kva utfordringar det står overfor er sjølvsagt både viktig og interessant for utviklinga av regionane, som er avhengig av å halda oppe talet på arbeidsplassar, men det har ei viss tyding for debatten at det berre er desse premissleverandørane som er inviterte. Kva skjer då med det programfesta målet om å skapa ei folkerørsle for eit samla Vestland? Når denne folkerørsla skal mobiliserast, er då heller ikkje tidfest i den strategiske planen.

Ein skaper ikkje folkerørsle av ein prinsipielt åpen konferanse med fleire tusen kroner i deltakingsavgift, så tida er tydelegvis ikkje inne enno. Dei som har råd til å betala det for å høyra kloke hovud snakka om demokratiet sine vilkår på Grunnlovskonferanse, er nok helst næringslivets eige representantar. Med arbeidsplassen som sponsor er det mogleg her for desse utsende å innta dei politiske analysane frå politikar- og forskarhald, samstundes som det er ei opplæring i korleis rammevilkåra for næringslivet kan tilpassast politisk retorikk.


«Bredt sammensatt»?
Eit av dei fyrste stega på vegen mot ei grunnlovskonferanse var rapporten «Verdiskapning på Vestlandet» (2004) skriven av forskar ved Norges Handelshøyskole, Grete Rusten. Rapporten var skriven på oppdrag frå Sparebanken Vest og etablerer nokre «fakta» om vilkåra for lokal verdiskapning. Etter at rapporten kom ut vart det skipa ei tenkegruppe, «bredt samansatt» av to stortingsrepresentantar, fem næringslivstoppar, to næringslivsforskarar forutan dei fem representantane frå Sparebanken Vest sjølv .

Ved ei slik samansetjing er det ikkje til å undrast at dei politiske målsettjingane om folkerørsle og lokaldemokrati var mindre synlege frå starten av. Tenkegruppa sitt arbeid blei presentert under Vestlandskonferansen i juni 2004, under tittelen «Vekst i vest – nødvendig for Norge». Konklusjonane formulerte strategiar for å gjera næringslivet på Vestlandet konkurransedyktig i ein global marknad. Mellom dei meir politisk orienterte utfordringane for vestlandsregionen, heitte det, var næringslivets høge kostnadsnivå, svak infrastruktur og sterk sentralstyring. Plenumsdebattar følgte hovedinnleiarane sine føredrag, utan at det ser ut til å ha trekt andre perspektiv inn i den opne tenkninga om regionane si framtid. Føredraga som oppsummerte arbeidet vart haldne av rektor ved handelshøyskolen BI, Torger Reve og sjef for Ulsteinkonsernet, Gunvor Ulstein. Medan Torger Reve fokuserte på at Vestlandet må utvikla ein felles næringspolitikk, støtta Gunvor Ulstein opp med føredraget «Eit sterkt næringsliv er ein føresetnad for ein sterk region» .

Målet for Sparebanken Vest sine konferansar er tydelegvis framleis større grad av lokal styring, men kor demokratisk den er tenkt, blir meir og meir uklårt etter kvart som arbeidet mot ein grunnlovskonferanse har skride fram. Også på denne konferansen i 2004 heiter det at politikarar treng korrektiv frå velgarane – og ei slags folkeleg legitimering gjer sporadiske innhogg i retorikken, utan at det slår igjennom i så konkrete vendingar som dei næringspolitiske stragetiane. Vestlandskonferansen har næringslivets dynamikk i seg. Den er så dynamisk og effektiv at den berre spør kjeldene i samfunnet sin absolutte elite. Den går direkte på makta, og spør toppane. Dimet står konferansane i fare for å miste sitt politiske utspring, og med den legitimiteten.

At også eliten tenkjer ulikt er sjølvsagt. Under Vestlandskonferansen i 2004 fekk publikum og arrangør mellom anna med seg ei påminning frå professor Per Selle. Han hevda i eit innlegg at skal regionstankegongen vinna fram, så må ein søkja politisk makt. Han peika på at debatten så langt hadde vore diffus, fordi den ikkje har sett i gong tankar om kva slag nye politiske institusjonar regionalistane ser for seg. Det demokratisk lanserte nærleiksprinsippet kan ikkje dyrkast som alminneleg idé, men må gis eit politisk innhald. Som ein naudsynt føresetnad for å settja i gong politisk endring, la Selle óg vekt på folkeleg engasjement og identitet, og på dei politiske forpliktingane som følgjer den politiske makta, som til dømes velferd. Han la og vekt på det behovet folk har for å identifisera seg med eit slikt prosjekt for at det skal bli gitt makt. Denne delen av prosjektet er likevel lagt på vent. I staden ekspanderar prosjektet i eit så medrivande tempo at det allereie har bragt inn dei nasjonale strategane til hastemøte i Grieghallen. Det gjenstår å sjå om denne voldsomme ekspansjonsstragien er kledeleg for eit slikt lokaldemokratisk prosjekt.


Folket sin plass
Når Sparebanken Vest enno ein gong inviterer til konferanse, har banken tatt steget opp frå regionstenkinga og gitt konferansen eit nasjonalstatleg fokus. Mektige aktørar som Lo og NHO, Norges Handelshøyskole, Universitetet i Bergen, Norsk redaktørforening og stiftelsen Fritt Ord stør opp. Talelista er mektig, og ein kan gjerne argumentera for at ein konferanse er noko heilt anna enn ei riksforsamling. Men når spørsmåla som blir reist rører ved oss alle, skulle ikkje bonden Ole Olsen Amundrøds frender óg ha hatt ein plass her? Emblemet for konferansen er OSS, som står for Organisasjon - Samfunn - System. Men er det verkeleg «oss» konferansen gjeld?

I Politikken skriv filosofen Aristoteles at overgangen til demokrati ikkje startar med å la borgarane strøyme inn i beslutningsorgana. Det viktigaste demokratiske elementet, hevdar han, er å la dei få tilgang til å påverka den politiske dagsorden. Folket må få vera til stades der forarbeidet blir gjort . Den samme maktforståinga finn ein óg i Steven Lukes definisjon i Power, A Radical View .

Konferansenarrangørane har plukka sine «vesentlige holdepunkter» fra tre av paragrafane i Grunnlova. Her står det mellom anna at kongeriket er eit «frit, selvstendigt, udeleligt og uafhændeligt Rige.», «Folket udøver den lovgivende Makt ved Storthinget», «Stemmeberettigede ere de Borgere, Mænd og Kvinder». Kan hende kan ein ikkje krevja at folk skal bli halt inn frå næraste Seven-eleven-kø for å koma med eit bidrag til konferansen, men eg kan ikkje sjå at borgarane frå Grunnlova på noko vis er representerte. Og om folk skal få stå i fred i køane, så finst det vel andre stemmer å lytta til i Noreg enn det absolutte teknokratiske aristokrati som denne konferansen har klart å samla? Om miljøspørsmålet er ei av vår tid sine største utfordringar, kor er så Natur og ungdom eller Bellona? Konferansen skal setja fokus på immigrasjon, kor er representantar for minoritetane? Båe temaer er presenterte som karakteristikkar på eit Noreg i endring, og nettopp difor ei av grunngjevingane for at Grunnlova ikkje lenger svarar til røyndommen i dag. - I tråd med det tunge fokus på næringslivet er det óg påfallande at også arbeiarane er fråverande i møte med temaet ”Streikeretten – Rett til å skyte seg selv i foten?” Om ein då ikkje aksepterar Gerd Liv Valla som arbeidar.

I intervju som er publisert fleire stader stader , går det fram av initiativtakar Jan Fridthjof Bernt si grunngjeving for ein fullstendig gjennomgang av grunnlova, at ho moglegvis ikkje er eit egna styringsverkty og uttrykk for dei «grunnleggende verdiene som dagens samfunn vil bygge på.» Konferansens heimeside på nettet konkretiserer dette, men representantar for det endra samfunnsbiletet har likevel inga stemme under konferansen. Det er eit paradoks.
Konferansen spring ut av næringslivets hierarkiske struktur, med det samme næringslivet si urokkelege tru på seg sjølv, ambisjonsnivå og effektivitetspress. Forventar ein effektivitet er det ikkje rom for mange ulike stemmer i det førebuande arbeidet. Konferansa har reindyrka kildenes einhet, her er ikkje ein gong rom ein einsleg ung førsteamanuensis eller heilt alminneleg journalist. Taletid får berre dei godt vaksne redaktørar og professorar.

Regisserer folket
Det er eit misforhold mellom Vestlandskonferansens samfunnsmessige mål og dei verkemidla konferansen har tatt i bruk. Stemmene er for samstemte frå kvar sin utkikkspost. Å skapa begeistring og folkeleg oppslutning er heilt tydeleg ikkje målet for denne konferansen, i staden tykkjest målet å vera å regissera eit slikt engasjement på eit seinare tidspunkt.


Dette skal antakeleg finne sted ein gong før 2015, året då Vestlandets regionale livskraft skal ha manifestert seg. Om borgarane har gått lei i mellomtida gjenstår å sjå, men om Sparebanken Vest skal lukkast i det storstilte prosjektet sitt, vil det no vera heilt naudsynt at banken tek opp att noko av den demokratiske retorikken som blei presentert i Vestlandsmanifestet, der nærleik mellom politikarar, innbyggjarar og kultur- og næringsliv tok ein større plass. Å spørja kva andre enn eliten sjølv meiner er ein god start – men ikkje i form av ei spørjeundersøking som den konferansen presenterte i juni i år, der meiningar blir pressa og vridde inn i små boksar og kategoriar, som sidan blir fritt tolka av analytikarane. Samanhengen mellom resultatet av undersøkjinga, - folkets fortolka stemme som meiner at Grunnlova er viktig- , og deira tagnad under grunnlovskonferansa er ikkje sterk nok til å skapa folkeleg legitimitet rundt prosjektet.

Bonden Amundrød sa ikkje mykje på Eidsvoll, men han var likevel til stades. Han høyrde debattane og ikkje berre vedtaksforslaga. I følge Aristoteles var dette godt nok teikn på eit demokrati. Ein kan vera vera usamd i hans demokratiforståing, men Grunnlovskonferansen 2005 reiser likevel visse spørsmål om teknokrati, offentligheit, makt og demokrati. Og kor blei det av Gulatinget oppi det heile? – Staden der bøndene møttes for å diskutera politikk og skipa lovar?




Artikkelen blir trykt i Syn og Segn nr 4/2005, som er i sal frå 21. november.















Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07