Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Leiar 2/05: Perler for svin
22.05.05- Hilde Sandvik og Teresa Grøtan
I staden for den forhasta, ordrike og nokså luftige Stortingsmelding 22 om kultur og næring, som blei lansert i mars, vil Syn og Segn rå kulturpolitikarar til å studera saka mellom Artlab og Hydro.

«FORDOMSFRIHET I FORHOLD til andres kompetanse og valg av virkemidler er en absolutt forutsetning», skreiv informasjonsdirektør i Norsk Hydro, Cecilie Ditlev-Simonsen i Dagens Næringsliv 21. oktober i fjor. Her kunne ho visa til kor innovativ Norsk Hydro er. I høve hundreårsjubileet hadde konsernet «bevisst sett etter samarbeidspartnere som viser engasjement og forståelse for selskapets historie, strategi og verdiplattform, men som også aktivt oppsøker annen spisskompetanse og gjerne samarbeider med andre byråer for å utvikle de beste løsningene». Først på skrytelista av samarbeidspartnarar sto «det lille arkitektsdrevne byrået Artlab».

Fem månader seinare var heile samarbeidet med Artlab, og med det kontraktar til 100 millionar kroner, kansellerte. Eit spektakulært kunstprosjekt med internasjonale toppnamn i Frognerparken blei for mykje for fordomsfrie Hydro, som no, ifølgje DN, ønskte seg ei meir folkeleg markering av jubileet.

Artlab stemna Hydro for kontraktbrot og enda opp med forlik, men ikkje utan ein nokså skjerpa tone i pressa. Ein av kunstnarane uttalte at ho hadde kjent seg avfeia på ein arrogant og foraktfull måte av Hydro. Etter eit møte hadde ho lurt på kva ho eigentleg hadde vore med på. Norsk Hydro svarte på si side med at Artlab hadde gått ut over sine fullmakter. Samstundes erklærte konsernet at dei kom til å føra vidare kontrakten med nokre av fotografane, mellom anna Lars Ramberg, som aldri har vore fotograf, men installasjonskunstnar.

I staden for den forhasta, ordrike og nokså luftige Stortingsmelding 22 om kultur og næring, som blei lansert i mars, vil Syn og Segn rå kulturpolitikarar til å studera saka mellom Artlab og Hydro. Det bør setjast av midlar til ein forskar som kan gå gjennom dokumenthaugane og prospekta. Kunstnarane bør intervjuast, og kontraktane bør gåst gjennom. Slik kan ein få eit verkeleg verdfullt grunnlagsmateriale for å sjå kva det er som skjer når kunst og kapital skal snakka saman i Noreg.

Til dømes kunne det ha vore interessant å få svar på følgjande spørsmål: Kvifor valde Norsk Hydro i det heile å engasjera eit selskap som aldri har profilert seg på det folkelege, om det var folkefest dei ville ha? Kvifor hyra dei ikkje inn Ivar Dyrhaug med eventbyrået hans først som sist? Mannen som kan arrangera middagar i Afrika den eine dagen og tur til Karibia for å lansera slagord for Dressmann den neste, kan utan tvil tenkja storslått folkeleg.

Vi gjettar på at Norsk Hydro ønskte å spela på sin nye kjerneverdi «Livskraft» gjennom å bruka eit «innovativt» miljø. Og her er mdreiingspunktet for heile Stortingsmelding 22. Ordet «innovasjon», som har tatt over for det like tomme «kreativitet», blir brukt 210 gonger i dokumentet. Kva det eigentleg tyder, står det lite om. Meldinga kjem heller ikkje nokon veg med å formidla korleis kunstnarleg nybrotsarbeid/innovasjon kan ha ein verdi i forhold til nyskaping i næringslivet og framleis ta vare på den kunstnarlege integriteten. Eit av dei næraste døma på det i meldinga er eit eige underkapittel via nokre kunstnarar som fekk i oppdrag å utsmykka snøbrett.

At stortingsmeldinga tek seg bryet med å visa til noko så kuriøst, er kanskje nettopp eit signal om kor dårleg det står til med tenkinga kring kultur og kapital i Noreg. Kanskje skulle utgreiarane tatt hintet alt under arbeidet med meldinga, der det blir hevda at «kultur kan vere ei drivkraft i den økonomiske utviklinga». På seminara som blei arrangerte i forkant, sto næringslivstoppane Jacob Lund, Eivind Reiten og Christian Bjelland på programmet. Ingen av dei kom.
Kanskje var det ikkje rart. Dei som var inviterte til å bidra til meldinga, skulle få 5000 kroner for å vera til stades på tre seminar, vera innleiarar og bidra med skriving. Det er berre kulturlivet som let seg kjøpa med slike småpengar.

Hilde Sandvik og Teresa Grøtan
Marit Eikemo er i permisjon

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07