Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Er du den nye Syn og Segn-redaktøren?
20.03.13
Har du lyst til å vere med å lage eitt av dei beste tidsskrifta i Norden? Litteraturselskapet Det Norske Samlaget søkjer ny redaktør i Syn og Segn frå og med nummer 3/2013. Søknadsfristen er 25. mars.




Syn og Segn er eit allmenntidsskrift på nynorsk som kjem ut fire gonger i året i eit opplag på 3000. Syn og Segn blir gitt ut av Det Norske Samlaget, eit av dei leiande norske forlaga.

REDAKTØR I SYN OG SEGN

I eit åremål på fire år søkjer Litteraturselskapet Det Norske Samlaget etter redaktør i Syn og Segn med ansvar frå og med nummer 3 i 2013-årgangen.

Syn og Segn er eit av dei sentrale kulturtidsskrifta i Noreg. Tidsskriftet skal fange opp og formidle tendensar innan kultur- og samfunnsliv, og ta opp både nasjonale og internasjonale spørsmål. Syn og Segn har ei klar forankring i det nynorske skriftspråket, og vender seg til ei brei lesargruppe.

Redaktøren vi søkjer må har eit stort kontaktnett på ulike samfunnsområde, og ha evne og vilje til å setje dagsorden. Han eller ho må ønske å vidareutvikle tidsskriftet, og ha ambisjonar om vekst. Erfaring frå redaksjonelt arbeid er ønskjeleg. Redaktøren har ansvar for økonomi og utviklar marknadsplanar saman med redaksjonssekretæren.

Syn og segn har ein redaksjonssekretær som arbeider med redigering av manuskript og har ansvar for abonnementshandtering og den daglege marknads­føringa.

Nærare opplysningar kan du få hos styreleiar John Ragnar Aarseth, mobil 930 376 93, eller forlagsdirektør Edmund Austigard, mobil 482 01 320.

Send søknad med CV og kopi av vitnemål og attestar innan 25. mars 2013 til Samlaget ved Edmund Austigard, Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO eller til e.austigard@samlaget.no

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07