Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Direktørane må trekkje seg
14.02.05- Ragnfrid Trohaug og Teresa Grøtan
Bokmål og nynorsk er ifølgje norsk lov sidestilte. Utdanningsetaten i Oslo kommune bryt offisiell norsk språkpolitikk med Utdanningsdirektoratet si velsigning.

NÅR EIT AV STYRINGSORGANA VÅRE legg fram forslag,på kommunalt eller nasjonalt nivå, reknar vi med at det ligg grundig arbeid bak. I god tru tenkjer vi at nokon har gått nøye igjennom saka, før ho kjem på bordet. Byråkratar og politikarar har som arbeid å tenkje på den store samanhengen, og finne ut kva løysing som er best på vegner av folket.

Vi som borgarar skal kunne stole på at byråkratane og politikarane vil oss vel; stole på at dei har testa fjellgrunnen før dei sprengjer tunnelen, at bruspennet er riktig laga, og at lyskrysset verkar som det skal. Dette ser vi på som sjølvsagt. Men i kjølvatnet av sidemålsforsøket i Oslo-skulane har vi fått demonstrert det motsette: Nynorskforakt pakka inn i fagdidaktisk språk, servert som eit «forsøk» under tett oppfølging frå forskingsfagleg hald.

Men ingen fagmiljø i Noreg vil ta i forsøket med eldtong. Det er politisk styrt,
uvitskapleg og har ikkje dei naudsynte rammevilkåra som må til for å gjere det relevant, meiner forskarar ved fleire universitets- og høgskolemiljø. Professor i lesevitskap, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen ved Universitetet i Stavanger, ristar på hovudet over det ynkelege framlegget og ber etaten kontakte eit gallupbyrå for å få gjennomført «forskinga» si. Det einaste tilbodet kjem visstnok frå Göteborgs universitet, men er av uforståelege grunnar halde unna ålmenta. I jubileumsåret for frigjeringa frå Sverige lyder det unekteleg komisk at det einaste tilbodet kjem frå svenskar.

Ingen vil heller sitje i referansegruppa som Utdanningsetaten i Oslo kommune har prøvd å opprette. Språkrådet, som er staten sitt eige språkorgan, nektar å sitje i ei referansegruppe som undergrev stillinga til nynorsk.

Bråhasta med å gjennomføre forsøket gjorde også at dei det handla om, nemleg elevane, ikkje fekk naudsynt informasjon om konsekvensane av å gå ut av vidaregåande utan eit fullstendig vitnemål. Først etter at fristen for å bestemme seg var gått ut, fekk elevane ved Foss videregående skole vite at dei ville bli utestengde frå framtidige jobbar i 110 kommunar, fire fylke og 180 000 kommunale stillingar, og dessutan 21 000 bedrifter i nynorskkommunar. Dei kjem ikkje inn på ei rekkje studium på universitet og høgskular her i landet, til dømes lærar- og journalistutdanning, og alle norskfag.

Departementet tilbyr altså ei ordning som gjer at elevane ikkje kan velje studium eller arbeid fritt, og det på grunn av eit allereie eksisterande regelverk som prøveprosjektet ikkje gir fritak for. Dei folkevalde på Stortinget har nemleg bestemt at bokmål og nynorsk skal vere obligatoriske skriftlege fag i skolen.

Dette illustrerer kjerneproblemet i denne farsen: det går ikkje an å lage sidemålsfritak for elevane i vidaregåande skole utan at ein legg om heile språkpolitikken i Noreg. Kausalitetstenking har med andre ord vore heilt fråverande i prosessen med å gi Oslo-elevane ein sidemålsfri, og då i hovudsak nynorskfri skolekvardag.

I ei tid der utdanningsminister Kristin Clemet ivrar for at elevar og studentar skal kome seg utanlands for å bli fleirspråklege, er det rart at ho og hennes folk ikkje ser nytten av å øve opp begge dei norske språkføtene hos dei norske elevane. Det er ein misforstått tanke at ein blir dårlegare i språk om ein må bale med fleire enn eitt. Det er som i fotballen: er du god på begge bein, er du ein meir komplett fotballspelar enn den som berre skyt med høgrefoten. Dette blei nyleg stadfesta i ei undersøking om nordiske
ungdommar si språkforståing, leidd av professor Helge Sandøy. Norske ungdommar kom best ut, og dei nordiske forskarane var ikkje i tvil: Det språklege mangfaldet, med dialektvariasjonar og sidemål i skolen, er ei viktig årsak til at dei norske ungdommane skil seg positivt ut.

Det er ingen tvil om at sidemålsopplæringa i den forma ho har i dag, er både umotiverande, veik og ineffektiv. Noko må gjerast, det meiner både skolefolk, målfolk, riksmålsforkjemparar, elevar og akademikarar generelt. Ein kritisk gjennomgang følgd opp av betringsforslag kunne norskfaget utan tvil hatt godt av.

Men dette «forsøket» er ikkje vegen å gå. Bokmål og nynorsk er ifølgje norsk lov sidestilte. Utdanningsetaten i Oslo kommune bryt offisiell norsk språk- politikk med Utdanningsdirektoratet si velsigning. Astrid Søgnen, direktør i Utdanningsetaten i Oslo kommune, og direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim, bør ta konsekvensen av denne alvorlege fadesen, og seie ifrå seg stillingane sine.

Ragnfrid Trohaug og Teresa Grøtan
Marit Eikemo og Hilde Sandvik er i permisjon.

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07