Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Nytt Syn og Segn 4/12 ute no: Utstøtt, uønskt og møtt med vrangvilje
16.11.12



Pårørande til alvorleg sjuke pasientar blir stilt på sidelinja og det er på tide at dei får eigne rettar, skriv Ellen Kristvik. I det nye nummeret av Syn og Segn skriv ho ærleg og personleg om pårøranderolla.

Anne Viken og Frank Willy Djuvik har vitja kunstgalleria i Sogn og Fjordane og meiner gjestane vert møtte med vrangvilje, og Torbjørn Kalberg skriv om korleis romanen Don Quijote skildrar utreinskinga av muslimar i Spania.

Jens Kihl: Modalen, målstyring og macarena
Er ein kommune meir enn eit udemokratisk underbruk av staten? Eller er kommunen noko meir? Jens Kihl reiste til Modalen kommune for å finne ut korleis det står til med lokaldemokratiet.

Ellen Kristvik: Livsviktig og underkjent. Om å vere nærståande til ein som er alvorleg sjuk.
Ein alvorleg diagnose snudde livet til Ellen Kristvik opp ned. Som pårørande sat ho med eit stort ansvar og full av spørsmål, men vart møtt med fråvere av informasjon. Kristvik meiner det er på høg tid å vurdere praksis og regelverk.

Brynjulf Jung Tjønn: Berre kjærleik og død
Med romanen Bovara (2012) fullførte Jan Roar Leikvoll ein dyster trilogi som til tider gjer vondt å lese. Brynjulf Jung Tjønn har skrive eit essay der han med eit samlande blikk ser på eit av Noregst mest spennande forfattarskap.

Torbjørn Kalberg: Don Quijote og den katolske einsrettinga
Den verdskjende romanen Don Quijote handlar om meir enn ein røyndomsfjern riddar som parodisk kjempar mot vindmøller. Torbjørn Kalberg skriv om korleis verket òg skildrar islam var reinska ut av Spania til fordel for eit kulturelt einsretta katolsk samfunn.

Anne Viken: Ei reise i kunstformidling og vrangvilje
Kunstgalleria i Sogn og Fjordane legg fram fallande publikumstal år etter år. Anne Viken og Frank Willy Djuvik legg ut på ei reise for å oppleve museum og galleri frå publikumssida, og finn vrangvilje og lite informasjon.

Gudleiv Bø: Folkesegner og folkesjel
Kva var livsprosjektet til Peter Christen Asbjørnsen? I år feirar vi 200-årsjubileet til den folkekjære forfattaren. Gudleiv Bø skriv eit essay om Asbjørnsens fascinasjon for segnene og mangfaldet i den norske forteljartradisjonen.

Ole-Kristian Krukhaug: Offentleg pubertet – pubertal offentlegheit?
I dag oppdaterer mange både Facebook og Twitter allereie før frukost, og respekten for fellesrommet og offentlegheita er endra. Ole-Kristian Krukhaug skriv i eit essay om korleis det pubertale uttrykket har tatt overhand og kva konsekvensar det kan ha for samfunnet.

Noralv Veggeland: Den demokratiske kapitalismen i krise
Dagens Europa er prega av økonomisk, politisk og sosial uro, og det er tett mellom TV-bileta av unge mennesker som trekk i gatene for å protestere mot urett. Noralv Veggeland skriv om korleis vi kan forstå den økonomiske krisa og EU sine forsøk på løysingar som inneber overnasjonalitet.

Bård Drange: Kvar vart det av Occupy-rørsla?
Det er gått eitt år sidan Occupy-rørsla samla seg til sin fyrste demonstrasjon, og rørsla fekk raskt verdsomspennande merksemd. Men kvar er dei no? Bård Drange freistar finne ut kva rørsla verkeleg er, og kva som gjekk gale.

Ken Oprann: Fredagsbøn. Fotoserie.
Kvar fredag samlar muslimar verda over seg til fredagsbøn. Ken Oprann har reist verda rundt for å fotografere ulike muslimar i bøn frå Reykjavik og Alta til Sarajevo, Addis Abeba og Cape Town.

Muhammad Iqbal: Mors draum. Dikt.
Iqbal er rekna som den pakistanske nasjonalpoeten, men er lite omsett til norsk. Dette diktet minnar mykje om vårt eige draumekvede, og er omsett frå urdu av Assad Nasir.

Bente Riise: Fellesskap og krise. Leiar
Å vere utestengd er ingen god posisjon, anten det er i helsevesenet, i arbeidslivet, i politikken eller demokratiet, skriv Bente Riise.

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07