Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Bak kulissane
13.02.05- Ragnhild Bjørge
Då motstandarane i brennbart-debatten møttest i NRK 6.12.04, gjorde Hans Fredrik Dahl noko rart. Han starta med å be om å få sjå introduksjonskorta til Viggo Johansen og fekk skriva om presentasjonen av seg sjølv.

HANS FREDRIK DAHL MODERERTE presentasjonen slik at Johansen faktisk introduserte han med å seia at Dahl hevdar at «også i de nynorsktalende områdene kunne nazismen slå rot». Som om det var dette Dahl hadde skrive og hevda i ordskiftet tidlegare!

«Om språk, makt, språkmakt, maktspråk og falsk historie» skriv forlaget bakpå boka Brennbart av Kjartan Fløgstad som kom ut hausten 2004. Boka startar i 1904 og dreg linene frå då til no. Fløgstad slår hol på mytane om nynorsk og målrørsla sitt påståtte hopehav med Nasjonal Samling, mytar som historikarar har reprodusert utan grunnlag i årevis.

Mytane om andre verdskrigen er mange. Nokre av dei fortel at særs mange målfolk var medlemer i Nasjonal Samling, at målrørsla samarbeidde med quislingstyret, og at målrørsla kom dårleg ut av rettsoppgjeret etter andre verdskrigen. Ein som fremjar desse mytane, er Hans Fredrik Dahl, professor ved institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, quislingbiograf og forfattar av Norsk idéhistorie, band V.

I Brennbart kritiserer Fløgstad Dahl for at han i Norsk idéhistorie mellom anna ?skriv at «Andelen av mål- og norskdomsfolk som sluttet opp om Quisling var ikke ubetydelig».

I ordskiftet som har gått både i aviser og på fjernsyn, trekte Hans Fredrik Dahl seg litt når det kjem til at målrørsla skal ha samarbeidd med nazistane. I eit pubordskifte i Oslo innrømde han at det er vanskeleg å hevda at målrørsla kom dårleg ut av rettsoppgjerdet etter andre verdskrigen. Det veit han ikkje noko om, sa han.

I fjernsynsstudioet i NRK heldt Dahl fram med brunskvettinga si, og hevda at det må vera noko med nynorsken, eller kanskje med målrørsla, som fall saman med nazismen, og som må vera grunnen til at målrørsla ikkje kom styrkt ut av krigen. Brått fylgde han dette opp med ei utsegn om at nynorsken kjem til å døy. Kvifor? Av di språket vil bukka under på grunn av at Noreg no er vorte eit fleirkulturelt samfunn.

NYNORSKE BOKBÅL
Boka Brennbart handlar ikkje berre om krigen, for Fløgstad tek òg opp den aktuelle sidemålsmotstanden i Oslo. Han skriv om bokbåla i 2004 der skuleelevar fyrde med nynorsk litteratur og nynorske ordlister i hovudstaden, og han trekkjer trådane attende i tid. Han ser på den falske historieskrivinga i favør av Riksmålsforbundet, og korleis dette er med på å nøra oppunder nynorskmotstanden hjå den kulturfiendtlege (men gjerne bunadberande) hovudstadseliten i dag.

Det var mykje ein kunne bita seg merke i om ein fylgde ordskiftet i haust. Ein ting var å sjå korleis Hans Fredrik Dahl gjekk rett i fella Kjartan Fløgstad sette opp. Eller rettare: Korleis han stadfeste nett det Fløgstad skreiv i boka, at mytane om målrørsla under krigen er med på å halda oppe mytane om nynorsken i dag, og er med på å avla nynorskhat og bokbål i 2004.

Det er så si sak at Dahl ikkje underbyggjer påstandane sine, det set han «berre» i eit dårleg lys som forskar. Problemet for dei dette gjeld, nynorskbrukarar, norskdomsrørsla og målfolk, er at han har skrive populærvitskap som folk les, der han forfalskar historia. Når Fløgstad tek han i dette, reagerer han med å halda fast ved påstandane sine – framleis utan å underbyggja dei. Utan å forklara kvar han hentar informasjonen sin frå. Samtidig tek han opp att og opp att desse uunderbygde påstandane, som han slår fast med orda «det er jo et faktum… » Diverre kan nokon koma til å tru at han har rett.

Men forsto Dahl kva Brennbart var? Forsto han kva han let seg ut på? Brennbart er eit heitt innlegg i kampen mot den kulturfiendtlege, nynorskfiendtlege og nyliberale høgresida i hovudstaden og i regjeringa. Mot dei som vil kvitta seg med nynorsken, med det norske språket, samstundes som dei jublar for kulturelt mangfald og fleirkulturalitet. Det er eit åtak på dei som finn seg i at skuleelevar i Oslo brenner nynorsk litteratur og ordlister. Eit åtak på pressa, som dekkjer dette ukritisk. På pressa som er for obligatorisk sidemålsopplæring, men som har redaksjonelt forbod mot nynorsk i spaltene sine. På sidemålsforsøket i Oslo, som ikkje er meir enn ein dårleg løynd freistnad på å verta kvitt nynorsken ein gong for alle.

Eit nytt viktig spørsmål dukkar opp her, for er det verkeleg det fleirkulturelle som trugar nynorsken på livet? I Oslo er det ungdomsskulen på Holmlia, som er mellom dei skulane i Noreg som har flest elevar med ikkje-norskspråkleg bakgrunn, som har sett i gang sidemålsforsøk der dei brukar nynorsk i andre fag enn i norsk. Det er dei som slåst for nynorsk i Oslo, dei som er mot nynorskfritaket i vidaregåande skular, og som både likar og som kan skriva språket. Det er ikkje dei monokulturelle skulane på vestkanten som slåst for «norsk» språk. Og det er Stephen Walton, brite og professor i nynorsk skriftkultur i Volda, og ikkje Dahl eller ein annan professor i Oslo, som skriv i Dag og Tid (4.12.04) og kan fortelja at «…det er dei skulane i forsøket [som gjeld fritak frå sidemål i Oslo] med flest framandspråklege elevar som også er dei skulane der flest elevar har valt å halde på sidemålet».

Hans Fredrik Dahl utbasunerer altså nynorskens snarlege undergang mest i same andedraget som han hevdar at språket står for ein supernasjonalsjåvinistisk ideologi, som har fellesdrag med nazismen, og fylgjer opp med at det fleirkulturelle Noreg har ikkje plass til norsk språk. Og då, akkurat då, stadfester han dei 120 sidene i Brennbart. Han har sjølv argumentert langs linene som Fløgstad dreg opp. Med dette stadfester han maktspråkarrogansen ved å bruka resirkulerte mytar om nynorsken til å spå språket ein nær og uunngåeleg undergang.

LANGSLET SOM DOMAR
Dahl har ikkje stått einsam i ordskiftet. Ikkje mange har stadfest påstandane han har kome med om målrørsla, men det er ein del som har vorte råka av boka til Fløgstad og har kasta seg inn i ordskiftet. Ein av desse er Lars Roar Langslet. I Brennbart har Fløgstad òg kika riksmålshistoria hans, I kamp for norsk kultur, etter i saumane, og funne ut at Langslet lyg om korleis organisasjonen posisjonerte seg under Quisling-styret. Langslet legg seg flat for denne kritikken i starten av ordskiftet, men dette er ikkje eit godt ordskifte for han og Riksmålsforbundet. Det forstår alle. Det eg har lyst å nemna, er korleis Langslet reagerer når han møter motstand frå fleire enn Fløgstad.

Stein Ørnhøi er ein av dei som stør Fløgstad og tek ordskiftet opp eit nivå: I Aftenposten 11.12. stiller han viktige spørsmål, og krev svar frå myteforvaltarane og frå «samfunnet». Eitt av spørsmåla er korleis Langslet kunne forfalska historia til Riksmålsrørsla utan å vera klar over det, eller som han skriv: «uten bruk av vond vilje?» Vidare plasserer han ansvar for å fortelja historia slik ting verkeleg har hendt, hjå oss alle, men særleg hjå historieskrivarane.

For kva skjer etter innlegget frå Ørnhøi om dei tagale historikarane? Langslet vaknar att (Aftenposten 14.12.), og ligg ikkje lenger langflat. Han set seg til doms over argumenta til Ørnhøi og freistar diskvalifisera han som debattant. Ein interessant strategi, men folk torer sjeldan bruka slikt i denne typen ordskifte. Langslet møter innlegget frå Ørnhøi med å seia at «Han har trolig
bare kopiert andres beskyldninger, uten å se om de har dekning.» Det er vanskeleg å dokumentera vond vilje hjå nokon, og såleis er det mogleg for Langslet å argumentera seg vekk ifrå den utsegna, men det er ikkje like lett å koma unna fakta. For fakta om samarbeidet mellom Riksmålsforbundet og NS er ikkje ny kunnskap og er heller ikkje vanskeleg å finna, lesa eller dokumentera. Ikkje for Fløgstad, ikkje for Ørnhøi og då vel heller ikkje for Langslet?

Langslet freistar faktisk å føysa kritikaren ut av ordskiftet, og hevdar at argumenta hans ikkje er gyldige. Han freistar å innføra nye spelereglar i det offentlege ordskiftet. Motparten har nemleg ikkje tenkt ut tankane heilt sjølv. Han var ikkje fyrst ute med dei, dimed kan han ikkje takast alvorleg. Resten av innlegget bruker Langslet på å gå til åtak på Ørnhøi og andre som stør Fløgstad, og kallar dei «Fløgstad og hans klakører ». Det dei skriv, er «konspirasjonsteorier [som bør] henvises til psykiatrien», og det er ikkje nokon grunn til å ta på veg for at han har gjort ein liten feil i ei historiebok,
hevdar han. Det er no ikkje fyrste gongen ein historikar gjer feil.

Hersketeknikkar er velkjende i ulike ordskifte, men det er ikkje ofte at ein kan koma frå slikt på ein god måte. Triksa er ofte nyttige, og kan fungera både som gode avsporingar og kraftige spark. Er ein redd ein ikkje har gode nok argument til å møta motstandaren sin med, men vil skremma eller låtteleggjera han eller ho, er slike triks gode å ha – om du ikkje vert avslørd, sjølvsagt.
Kanskje var Langslet redd for å verta kledd naken og ville difor heller låtteleggjera Ørnhøi? Og kanskje var det noko slikt Dahl frykta då han sa til meg i NRK-studio før Redaksjon ein-sendinga i desember: «Ja, du må for all del si noe du også – dersom du har noe nytt å bidra med, altså!»
?

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07