Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn 3/2005
05.10.05
Syn og Segn 3/05 med litteratur- og kjønnsdebatt – og eit stykke teater.

Vi har gleda av å presentera einaktaren Telemakos av Jon Fosse. Dette er Fosse si tolking av av Odysseeen sin første song. I samband med det, trykkjer vi også Ragnar Hovland si nylesing av Fosse sine romanar.

Elles blant sakene:
Skal norsk samlivs- og kjønnsdebatt koma seg vidare, må ein avsverja både kulturfundamentalisten Toril Moi og naturfundamentalisten Gro Nylander, hevdar Heming Gujord i artikkelen Mor og far mellom Moi og Nylander.
Om bokaktuelle Nylander seier Gujord: «Om nokon skulle trenge argument for å vise at mannleg utruskap eigentleg er heilt naturleg, er det berre å forsyne seg her.»
Om Moi: «Fridom og foreldreskap går berre ikkje saman. På dette punktet går ikkje rekneskapen til Moi opp.»

Vidare presenterer litteraturkritikar og redaktør Susanne Christensen tre tesar om litteratur og nasjonal identitet: «Litteraturen kan ikkje både vere nasjonal og god», hevdar ho mellom anna. Medan den verdskjende forfattaren Amos Oz meiner vi finn Djevelens sanne andlet i litteraturen – og Djevelen er for tida i endring.

Elles kan vi nemna Hans Marius Hansteen sin artikkel Sofisten Immanuel Kant og den stridbare samtalen. Hansteen hevdar vi har oversett det radikale og aktuelle i filosofien til Kant. Kakhaber Loria frå Tblisi skriv om Hamsuns kaukasiske mysterier – eit forsvar for Hamsuns blikk på Georgia.

Gudrun Kløve Juuhl hevdar bokmål er blitt gjengspråket til Oslo-makta, vil ein vera med i gjengen skiftar ein språk. «Ein må slutta å skuva under teppet at resultatet av dei frie, individuelle og godt grunngjevne vala om å byta frå nynorsk til bokmål, også er innordning og einsretting», skriv ho med klare adressatar.

Innhaldsliste:

LEIAR : TIDSSKRIFT UNDER PRESS
Etter at sakprosaen no har fått eiga innkjøpsordning er det på høg tid at tidsskriftsstøtta blir vurdert på nytt. Tidsskriftsstøtta i Noreg er no dårlegast i Skandinavia, samstundes som det allmennkulturelle tidsskriftet i augneblinken er skvisa frå fleire hald. Ny referee-ordning, auka portosatsar og dårlegare offentleg økonomi er blant trugsmåla, skriv Hilde Sandvik i leiaren. Ho meiner den solide tidsskriftkulturen er avgjerande for sakprosautviklinga.
av Hilde Sandvik

OG HAN VILLE GÅ UT I VINDEN,
UT I REGNBYGENE, TENKTE HAN
Ei nylesing av Jon Fosses romanar
av Ragnar Hovland

TELEMAKOS
av Jon Fosse

TRE TESAR OM LITTERATUR OG NASJONAL IDENTITET
av Susanne Christensen

DJEVELENS FORVANDLING
Moderne samfunnsvitskap har kasta vrak på begrepa
godt og vondt. Men litteraturen, frå Shakespeare og
Goethe til Grass og Böll, gjev oss sannare innsikt i
menneskenaturen.
av Amos Oz

MOR OG FAR MELLOM MOI OG NYLANDER
Kven skal nye norske foreldre tru på? Ammeprofeten Gro Nylander
eller stjernefeministen Toril Moi?
av Heming Gujord

KUNSTEN Å SANSE
Kroppsspråket i vår smale bileteverd er definert av
porno og reklame. Kvinnekroppen er redusert til å vere
objekt til begjær. I Piplotti Rist sitt verk Homo sapiens
sapiens frå Venezia-biennalen skjer det noko anna,
som gir meg trua på at kunst enno er mogleg.
av Ingebjørg Seip

SOFISTEN IMMANUEL KANT OG DEN STRIDBARE SAMTALEN
Immanuel Kant blir gjerne framstilt som sjølve
professorfilosofen: pedantisk, livsfjern og ugjennomtrengeleg
for andre enn fagfolk. At vi på denne måten
overser Kants menneskelegdom, er så si sak. Verre er
det om vi også overser det radikale og aktuelle i
filosofien hans: menneskeleggjeringa av fornufta.
av Hans Marius Hansteen

MARG OG BEIN
Hadde Michel Montaigne halde det gåande i eit par
hundre år til, ville han ha vore ein fantastisk bloggar
med trådlaust nettverk i tårnet.
av Martin Grüner Larsen

HAMSUNS KAUKASISKE MYSTERIUM
Knut Hamsun karakteriserte ein gong boka I Æventyrland
som «den beste jeg har gjort». Men i heimlandet
mitt, Georgia, fekk denne reiseboka frå Kaukasus hard
medfart av kritikarane. Kanskje let dei seg fornærme
av at Hamsun ikkje skreiv om det Kaukasus dei levde i,
men om ei heilt anna reise, som ikkje hadde noko med
dei dokumenterbare realitetane å gjere?
av Kakhaber Loria

DET SKAL IKKJE STÅ PÅ OSS
Bokmål har vorte gjengspråket til Oslo-makta. Harald
Stanghelle, Olav Versto, Knut Olav Åmås og Selma
Lønning Aarø ville sjølvsagt vera ein del av gjengen.
av Gudrun Kløve Juuhl

KONGSEMNET FRÅ ROMSDAL
Om ei romsdalsavis hadde fått avgjort utfallet av røystinga
12. november 1907, ville vi ha fått eit langt
friskare kongeemne enn ein dansk prins.
av Mads Langnes

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07