Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Falske Noreg
13.02.05- Emily Von Sydow
Ja, eg veit at det er hundre år sia Noreg blei fritt frå Sverige. Og jo, eg har hørt spøken om at «hundre år utan union er nok», apropos ein ny, norsk medlemskapssøknad. Men frå mitt middelaldrande Brussel-perspektiv er det kanskje endå tydelegare at det er ti år sia EU blei fritt frå Noreg, og Noreg kunne halde fram med å gi næring til sjølvbildet sitt som i grunnen er falskt: bildet av landet utanfor, som er befolka av naturnære raringar.

NOREG ER, jamfør sitt eige sjølvbilde, påhenget til kjempedamparen
Europa, som teiknaren Roar Hagen så suverent skildra det i 1994. Kappa fortøyingar, ein gigantisk akterspegel som legg i veg, og ein kjempeglad Ola Nordmann med strikkelue i den vesle tresjekta si, som strekkjer hendene i veret og ropar «hurra!» over frigivinga. No kan han endeleg få ro. Vi ser ikkje brua i teikninga til Roar Hagen, men truleg er kapteinen og styrmannen vel så glade for å vere kvitt den stabukken. Hagen si teikning får meg alltid til å smile. Ho viser også ei så tydeleg oppfatning av sjølvbildet, eit bilde som rimar dårleg med den oljekokande, oppheita røynda ein ser i Oslo, Stavanger og Kragerø, dei delane av Noreg eg kjenner best. Der er nordmannen i heimestrikka lusekofte og tresjekt ein utdøyande rase. Han er blitt erstatta med eit storkonsumerande folk, som er så oppteke av alt som skal konsumerast, at dei verken har tid til å tjøre båten eller strikke genseren sin sjølv. Noreg har bytt ansikt, men sjølvbildet har ikkje klart å henge med.

Reint psykologisk er det kanskje vanskelegare å gå frå offer (ein stygg storebror, ein tysk okkupasjon, økonomisk dårlege kår) til å bli ei eiga stormakt, der økonomien blir rekna i siffer som vanlegvis berre blir brukte i romforskingssamanheng. Gigantiske overskot frå Nordsjø-herlegdomen blir dytta ned i overflodshornet Oljefondet, i tilfelle dyrtid og naudsår og den dagen oljen og gassen tek slutt.

«1000 milliardar på bok» melde Dagens Næringsliv muntert om det magiske talet til fondet, laurdag den 13. november. Det var på dagen ti år etter at svenskane hadde røysta ja til medlemskap i EU.

Noreg står fast i bildet av seg sjølv som ein knudrete, tagal, frostbiten mann, som hører meir heime i skogen enn i dei skimrande salongane. Kva er det for slags tøv? Vakn opp og sjå dykk ikring! Rikdomen, konsumet, dei nymåla husa i sjølv den trongaste dalen på Vestlandet, dei kolossale bryggeanlegga, der det på baksida blir rulla ut grøne grasmatter, der tusentals tonn av granitt har blitt sprengd bort for å gi plass; alt dette talar sitt eige tydelege språk om ein
enorm velstand, om sjølvkjensle. Den spenstige debatten på leiarplass og på kultursidene i avisene er ofte mykje friskare og meir vågal enn den svenske diskusjonen, noko som også talar for ei sjølvkjensle som er eineståande og, vågar eg å påstå, rettferdig.

FORMANNEN NOREG
Som svenske og ihuga europear, gift med ein nordmann, busett i Brussel sia Berlinmuren fall i 1989, trur eg Noreg ville ha vore ein heilt spesiell EU- medlem. Eg ville gledd meg til Noreg skulle ha formannskapet i EU, og eg kan lett sjå for meg korleis regjeringa ville invitert kollegaene til uformelle ministerrådsmøte i mørke trollskogar, og kvifor ikkje avslutte med ei lita seljakt? I avskjedsgåve ville vi fått ei Grieg-plate, elgskinnslommebøker og kanskje ein DVD om Elling, ein norsk raring.

Det merkelege med Noreg er blandinga av ekstrem internasjonal orientering og innovervend sjåvinisme. Det finst få regjeringar som medvite og i så stor grad sender ungdommane sine utanlands for å studere. Men dei aller fleste lengtar heim til dalen, Solo light, lefsene og det å etter kvart få lov til å kle ungane sine i Bevernylon.

Det vanskelegaste spørsmålet vi får frå norske vitjarar i Brussel, er: «Og, ja, kva synest dei her i Brussel om oss nordmenn? Oppfattar dei oss som annleislandet?» Spørsmålet er ikkje sjeldan følgt av eit lite lurt smil, ei dårleg skjult sjølvnøgd haldning, som seier at ein hører til ei eksklusiv gruppe europearar. Det er derfor vanskeleg å svare sant på spørsmålet, det er trass alt kundar vi har framføre oss, nordmenn som har betalt for kurs og for utdanning i EU-kunnskap.

Skal eg svare med eit vennleg smil, nikke sakte og seie: «Noreg er jo verkeleg eit annleis land, mykje snø, høge fjell, troll og kval.»

Eller skal eg svare bryskt at «Noreg er Forhandlaren frå Helvete, råtøff i krava sine, umogeleg rundt forhandlingsbordet, trøyttar ut Unionen, som på si side berre vil ha meir og meir av dei hardt tilkjempa ressursane Noreg har, nemleg olje, gass og laks».

Eller skal eg seie det som er tilfelle mesteparten av tida: «Noreg er eit ikkje- tema, og kjem sjeldan opp som diskusjonstema, jamvel når diskusjonen går om olje for 52 dollar fatet, gassleveransar frå Russland, eller opphavet til røykelaksen på tallerkenen.»

Kan hende kjem det av at Noreg er ganske problemfritt. «Helsa teier still», som vi seier i Sverige. Ikkje så mykje å snakke om, så lenge ein betaler drygt 90 % av totalpotten i Efta Financial Mechanism, noko som må kunne seiast å vere den dyraste medlemsavgifta i verda. Noreg teier om undervisnings- minister Kristin Clemet, som skulle svare på kva Noreg syntest om det neste forskingsprogrammet: «Kjempebra!» Clemet lurte på om ein ikkje kunne få ein rubrikk om forsking på oljeutvinning, men elles var programmet «kjempebra», ettersom Noreg ikkje har noko det skulle ha sagt i dette høvet. Det er berre å betale og håpe på at EUs einarma banditt hamnar på Jackpot endå ein gong, med eit reelt og brukbart utfall i eit forskingsprosjekt. Det kan saktens hende, men det er ikkje oljeutvinning som er mest nærliggjande, det er nemleg forsking på alternative energikjelder.

Dei to første utsegnene skulle eg for så vidt kunne halde fram som sanne, dei ligg ikkje heilt vekk frå sanninga. Noreg er eksotisk frå eit Brussel-perspektiv. Det er berre dei mest hardføre friluftsmenneska som får det for seg at dei skal reise nordover; når det gjeld resten av turistane frå kontinentet, er autopiloten innstilt på sørleg kurs.

Eg seier alltid til dei som lurer på om dei skal reise til mitt svenske heimland og min manns heimland: Reis til Noreg, om det er flott natur de er ute etter. Alle som gir rapport i etterkant, seier at det er fantastisk vakkert, men ølet var for dyrt og vegane for smale. Ein fransk gentleman som fleire gonger hadde vore i Noreg og fiska hos venner, konstaterte det uhørte: Han gikk inn i ein butikk og spurde etter ost. Dama i kassa kom fram med ein tube. EIN TUBE! Dermed var Noreg for han ein gong for alle dømt som eit grottesamfunn, men ikkje dess mindre eit makelaust triveleg land å fiske laks i.

NOREG, EIN NOTIS
Nyhende om Noreg kjem sjeldan i europeiske medium, og som oftast berre i notisform. I ein kort periode var det ein mindre smigrande reportasje om Oslo som narkotikahovudstaden i Nord-Europa, og med jamne mellomrom kjem det rapport om kva som rører seg i den norske opinionen: No har nordmennene lyst til å vere medlemmer i EU. No har dei lyst til å vere med i eurosamarbeidet. Det blir notert med eit slags skuldertrekk: «Et alors/ So what else is new». Etter to folkerøystingar med negativt utfall lengtar
kanskje ikkje unionsmedlemmene akkurat etter ein tredje debatt, som speglar unionen frå kvar ein ufordelaktig vinkel.

Frå Brussel-perspektivet finst det ein merkeleg, om ikkje alltid logisk, logikk mellom opinionen og oljeprisen. Rimeleg olje ser ut til å inspirere Europa-entusiasmen i Noreg. Høg oljepris krev så mykje meir blodslit og arbeid på heimebane, fordi ein då må vite korleis ein skal stoppe velstandshjarteinfarkt i statsbudsjettet. Vi veit jo kor farleg det er med overgjødsling.

Når 1000-millardarverdiane renn over, legg dei norske politikarane andleta i alvorlege faldar. «Huff, ikkje snakk,» seier dei. «Det var ille nok som det var med ein oljepris på 30 dollar fatet.» Risikoen er sjølvsagt at folket gløymer å spele liksom-fattige, noko som er nødvendig for at økonomien ikkje skal skli ut. Det er denne typen problem som ikkje vekker særleg stor sympati i Brussel, så det er nok riktig å ikkje legge for mykje ut om oljefondet. Noreg og nordmenn besøker likevel Brussel flittig. Påfallande mange er påfallande godt opplesne på Europa. Iblant ser det ut for meg som om nordmenn veit meir om det europeiske samarbeidet enn det svenskar gjer. Kan det kome av at generasjonar av nordmenn har vore tvinga gjennom folkerøystingar, mens svenskane har konsentrert sin EU-diskusjon, i den grad ein slik eksisterer, til dei siste ti åra? Det kan også vere at den såkalla utanforstatusen tvingar fram ein større aktivitet, medvitande, sia ikkje noko kjem gratis. Frå mitt perspektiv er Noreg meir innanfor enn utanfor:

Som EØS-medlem tek Noreg direkte del i den indre marknaden. Denne grenselause basaren er litt av ein trojansk hest. Gjennom grunnprinsippet om fri flyt for varer, tenester, personar og kapital blir Noreg tvinga til å tilpasse seg på område som eigentleg burde ligge utanfor avtalen, slik som fiske og jordbruk.

Til og med regionalpolitikken er utsett for eit press frå EU, gjennom dei strenge krava til kva slags statsstøtte som kan godkjennast. Igjen slår det tilbake på den indre marknaden. Nord-Noreg skal ikkje generelt sleppe arbeidsgivaravgift, har den strenge overvakaren Efta Surveillance Authority, ESA, bestemt. Den instansen er, som kjent, meir katolsk enn paven når det gjeld å følgje EU-regelverket, eit regelverk som også gjeld for Efta-medlemmer tilknytte EØS-avtalen.

Gjennom den indre marknaden er Noreg også ein jamstelt deltakar innanfor forsking, og tek del i EU sitt forskingsprogram. Skoleprogrammet er likeins ope for norsk deltaking. Karmøy kommune er truleg den flittigaste deltakaren i europeiske pedagogiske program. Når Johan Rullestad, leiaren for pedagogisk senter på Karmøy, legg ut teksten, krympar avstanden frå Sørvest-Noreg til Europa påfallande.

Gjennom Schengenavtalen er Noreg med i grensesamarbeidet, noko som enno ikkje er tilfelle for dei ti nye medlemslanda, og dermed er det ikkje formelt mykje igjen av Noregs posisjon som utanfor-land. Samarbeidet er altså komplett, om ein er storsinna og ser bort ifrå at Noreg ikkje sit ved forhandlingsbordet. Det er berre å takke og ta i mot.

EIN FRAMAND UNION
På dei ti åra som har gått etter folkerøystinga, er det ikkje berre Noreg som har endra seg. Til og med Europa og den europeiske politikken innanfor EU har gjennomgått kraftige endringar, i den grad at franskmenn, både på høgre- og venstresida, kjenner seg framande i dagens union og politikken som blir ført her. At fransken glir unna som EUspråk, til fordel for andrespråksengelsk, er berre eitt av fleire symptom på at det gamle EU held på å bli endra.

Det som tidlegare var grunnpilaren i vår kjensle av framandskap i Europa-bygget, nemleg det legalistiske, kartesianske og elitistiske, men også reint katolske, held på å vike for det franskmannen kallar det anglosaksiske Frihandels-EU. Dei kunne like gjerne kalla det for eit protestantisk nordleg Europa.

Dette er ei endring i ei retning som Sverige og også Noreg burde ønskje, men
det har aldri blitt innrømt, kanskje fordi ein er blind for at EU er ein byggeplass i stadig endring, og ikkje eit ferdig bygg der ein ommøblerer litt på solstolane. Unionen er som ei norsk hytte i kjempeformat: stadige reparasjonar, påbygg, moderniseringar. Innbyggarane er aldri heilt nøgde. Minst nøgde er svenskane, trass i at ombyggingane er nesten eksakt langs dei svenske linjene, med eitt viktig unnatak som eg kjem attende til.

EU OG REGIONANE
Då Sverige og Noreg røysta om medlemskap, var kritikken hovudsakleg at EU er for fransk: I dag er det som sagt engelsken som gjeld. Det er for legalistisk. I dag prøver ein, med blanda resultat, å få framgang gjennom ein konkurransemodell, den som blir kalla Lisboa-prosessen, og som skal gjere EU meir konkurransedyktig. Den skal erstatte lovar og reglar. Det er for sentralstyrt. I dag har regionane meir makt enn nokosinne. Det er for mannsstyrt. I dag er kvart eit verv i EU gjennomsyra av jamstillingstanken, iblant til det latterlege. Ein søknad om forskingmidlar om bølgjekraft må sjåast på med omsyn til jamstillingsperspektivet. Det blir ikkje teke omsyn til konsumentane. Produsentorganisasjonane, som er uendeleg mange både når det gjeld konkurranseretten og daglegvaresektoren, bøyer seg. Alkohol var tidlegare eit fransk jordbruksspørsmål. I dag er det eit folkehelsespørsmål
på linje med tobakk. EU har bytt ut proteksjonistiske tendensar med ein meir frihandelsvennleg politikk. Til og med eksportsubsidiar på jordbruksområdet fell. Mange såg det som umogeleg, om enn ønskjeleg, at Unionen skulle ekspandere mot aust. Utvidinga er eit faktum, trass i alle ekspertprognosar som sa at det aldri kom til å skje, blant anna fordi Spania og Frankrike ville setje ein stoppar for det heile.

Slik kunne ein halde fram med å ramse opp døme.

På eitt område har likevel det anglosaksiske mislykkast totalt. I staden for å minske EU sitt politiske samarbeid, har kvar utviding gjort at fleire problem bør løysast sentralt av EU. Maktoverføringa frå hovudstadene i medlemslanda er tydeleg. Dette kjem av at bygginga av Europa blir driven av fleire utanforståande faktorar: for det første ytre fiendar. Anten dei heiter nternasjonal terror, George W. Bush, miljøkatastrofar, Balkan-krise eller økonomisk oppsving i Kina, så er resultatet det same: EU-leiarane overfører meir og meir makt frå nasjonalplanet til fellesplanet.

For det andre byggjer systemet på gjensidig mistenksamheit. Det tyder at ein må binde reglane juridisk, med trugsmål om sanksjonar. Dette er ikkje noko heimstadmøte i Nordisk Råd. Her gjeld det å sjå at reglane blir følgde, elles… Når grenseovervakinga blir sett på som for porøs i dei nye medlemslanda, kjem kravet om strengare asylpolitikk. Når Hellas lurte seg inn i eurosamarbeidet på grunnlag av feilaktig nasjonal statistikk, blir eit sentralt statistikkbyrå den naturlege løysinga.

For det tredje er motsetnader i seg sjølve gode verkemiddel for integrasjon. Motsetnad mellom fattig og rik, mellom by og bygd som det finst mykje av i EU, inviterer alle spelebrikker til eit effektivt kompromisspel. Mange gonger blir det umogelege spørsmålet om EU-medlemskap stilt, som om ein kunne rekne det ut med tap eller gevinst. Det er umogeleg. Desse diskusjonane må leggjast til side. Dei byggjer dels på gjetting, dels på usikre prognosar, renteutvikling og dollarprisar. Det er betre enn å kikke i spegelen og sjå bakover: Grunnane til å bli medlem i EU har aldri vore dei same, men reint økonomiske har dei sjeldan vore: Dei opphavlege seks landa (Frankrike, Tyskland, Italia, Belgia, Nederland og Luxemburg) sette seg rundt bordet for å hindre at andre verdskrigen skjedde om igjen. Medisinen var felles økonomi, men målet var fred, fridom og velstand. Britar, irar og danskar gjekk inn for å kunne ha påverknadskraft, og for ikkje å bli utestengde frå den vesteuropeiske
marknaden. Hellas, Spania og Portugal trong EF-medlemskapen som eit vern mot fascismen. Finland såg høve til å frigjere seg frå naboen i aust, og Austerrike kom etter. I Sverige, der ein hadde vore verna frå krig, beit ein ikkje på det politiske argumentet. Det blei måla eit bilde av medlemskapen som ein økonomisk kjempegevinst. Sverige fekk det betre, men det var ikkje noko vi takka EU for. Snarare var Sveriges relative velstand (særleg jamført med absurde døme som Frankrike og Tyskland) eit argument for å røyste mot euroen, då det spørsmålet kom opp i 2003. Så mykje meir relevant det hadde vore å jamføre Sverige med andre jamstore medlemmer, som Austerrike og Finland.

Noreg kan ikkje rekne seg fram til om ein medlemskap skulle løne seg. Det er berre å stille spørsmålet: Har vi noko å bidra med, vil vi ha glede av å delta i det einaste verksame forumet som finst for felles utvikling når det gjeld Europas framtid? EU kjem nemleg til å halde fram med å eksistere, stadig i endring, uansett om Noreg blir med eller ikkje. Spørsmålet er berre om ein har
lyst til å sitje ved teiknebordet under neste ombygging, eller om ein ser seg nøgd med å betale kalaset, utan å få eit ord med i laget.

Omsett frå svensk av Ragnfrid Trohaug

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07