Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Spesialtilbod: Dyrehagen Hardanger av Jon Fosse
21.03.12
Spesialtilbod på teaterstykket Dyrehagen Hardanger av Jon Fosse for Syn og Segn-abonnentar når stykket vitjar Oslo som gjestespel på Det Norske Teatret 11. - 14. april. Som abonnent kan du sjå framsyninga for 125 kr. (ord. kr. 200)

Dyrehagen Hardanger av Jon Fosse er ei storsatsing frå Hordaland Teater med skodespelarar, dansarar frå Frikar og Absence Crew, kjente musikarar frå jazzmiljøet og folkemusikarar i Hordaland, alle i fargerike 70 –tals kostymar.

Dyrehagen Hardanger vart utgjeve i 1993, og det er første gong nokon lagar teater av denne forteljinga av Jon Fosse.

Det er eit fengande og leikent stykke om barn si evne til å skape nye stader og fablar. Det er fortalt med humor, hip hop, akrobatikk og folkemusikk.

Seks barn er samla på låven til Jon sin bestefar, for å leike dyrehage. Men alt går ikkje heilt etter planen til Jon og kameraten Helge. Eitt av dyra rømmer, og andre dyr skiftar ham og vert trylla om til andre dyr.

Og dei vaksne, dei forstår jo ingenting, dei berre øydelegg alt. Men Jon veit råd, han legg ut for å skaffa det han veit alle dyra likar best; men vil han lukkast med å redde Dyrehagen Hardanger?

Alder frå 6 år. Framsyninga varer i ca 45 minutt.

Gjestespel på Det Norske Teatret, Scene 3:

Onsdag 11. april kl. 18:00

Torsdag 12. april kl. 18:00

Fredag 13. april kl. 18:00

Laurdag 14. april kl. 15:00


Spes.tilbod kr 125 pr bill. ( ord kr 200)
Bestilling via : tilbod@detnorsketeatret.no

Du kan bestille så mange billettar du vil, det er førstemann til mølla. Hugs tal på billettar, dato, namn og telefonnummer. Merk e-posten med ”Tilbod Hardanger”. Ved bestilling får du ei stadfesting med referanse nr. og hentefrist.

Kode ”Hardanger” ved bestilling!

For meir info: www.hordalandteater.no

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07