Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Frå 1905 til kortreist mat
13.02.05- Gaute Losnegård
Hundreårsjubileet skal feirast med pomp og prakt, og regien er ikkje overlaten til tilfeldigheitene. Men det folkelege engasjementet som ein gong fanst, ser ut til å ha forsvunne i byråkrati. Rikspolitikarane viser liten nåde i si herskelyst,
og direktivet om å gå i gang med feiringa av 1905 føyer seg fint inn i rekkja av oppgåver kommunane må gå i gang med utan oppfølging verken med pengar eller ekstra ressursar.

I SLUTTEN av september fekk eg eit brev frå ordføraren i heimkommunen min. Som leiar av sogenemnda i kommunen vart eg invitert til å delta på eit møte i ei arbeidsgruppe som skulle førebu den lokale feiringa av hundreårsjubileet for 1905, saman med kulturkonsulent, kultur og næringssjef, administrasjonssjef, leiar i kultur- og næringsutvalet, bibliotekar, skulesjef og sokneprest.

Med brevet var det lagt ved eit skriv frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane til alle kommunane i fylket – skrivet som utløyste ordføraren sin invitasjon. «Noreg 100 år som eigen nasjon – markering i din kommune » er overskrifta. «I 2005 er det 100 år sidan Noreg reiv seg laus frå Sverige og vi fekk vår eigen konge. Dette [mi utheving] markerast, også i din kommune», heiter det i byrjinga. Vidare vert det informert kort om Norge 2005, om at det er sett ned ei styringsgruppe som skal koordinere og leie arbeidet i fylket (der fire av sju medlemmer kjem frå fylkesmannen og fylkeskommunen), og om kva slags aktivitetar ein har planlagt for Sogn og Fjordane. Aktivitetane skal vere ei streifløype (Streif-2005-løype) i kvar kommune «med vandring i kultur- landskap og lokal mat. Målet er å vere stolte og glade over det vi har, og peike på dei endringane som har skjedd dei siste 100 åra». I tillegg ønskjer ein å setje søkjelys på verdien av lokal matproduksjon, tradisjonsmat, mat frå andre kulturar og fordeling av mat mellom i-land og u-land i eit prosjekt med tittelen «Kortreist mat 2005». Målgruppe for aktivitetane er særleg born i grunnskulen.

Brevet frå fylkesmannen sette straks i gang tankar hjå meg. Særleg dette må-et fann eg nokså provoserande. Her går det ut ei slags kongeleg befaling om kva som skal skje – fylkesmannen er trass alt statens – og kongens – forlengde arm og høgste representant i kvart fylke. Byråkratar i alle styringsledd får ordre om å gå i gang med førebuingane til ein storveges landsdekkjande fest. Men korleis kan ei topptungt styrt feiring trengje inn i medvitet til skuleelevane og engasjere dei? Har vi god nok grunn til å vere stolte og glade over det vi har, og korleis skal folk flest bli overbevist om dette? Og kva har eigentleg kortreist mat å gjere med 100-årsjubileet for det kanskje absolutte høgdepunktet for nasjonalismen og norskdomen i landet vårt? Samanhengen er ikkje openberr. Har fylkesmannen si styringsgruppe og deira overordna tenkt å klårgjere og grunngje valet av aktivitetar?

KVEN FEIRAR, OG KVA VERT FEIRA?
Som skrivande historikar har eg prøvd å livnære meg av faget mitt etter at eg var ferdig utdanna, og det har medført at ymse jubileum har gjeve meg til salt i grauten. Men ikkje alle synest at dei er verde å feire. Mange runde tal vert forbigått i det stille, både hjå organisasjonar, institusjonar og personar. Det kan vere alt frå gløymsle til avsky for merksemd som ligg bak. Kven er det så som er kundar i jubileumsbransjen? For å bruke ein god gammal klisjé, så viser all røynsle at det er sigerherrane si historie som vert skriven. Jubilea er i høgste grad ei politisk handling, ein demonstrasjon av makt og det at ein er til stades.

Inga feiring syner dette tydelegare i Noreg enn den årlege 17. mai-festen, trass i at dei fleste vil hegne om dagen som ein «upolitisk dag» med talar utan altfor provoserande innhald. Vi ropar hurra for Grunnlova og datoen og gløymer at landet si noverande grunnlov eigentleg vart underteikna 4. november under hardt press frå svenskekongen Karl Johan. Men kven kunne vel finne på å markere 4. november, ein grå og trist førevinterdag, blåmåndagen etter noregshistoria sin første og største politiske sommarrus? Den reaksjonære novemberforeininga som nokre stortingsmenn sette i gang på byrjinga av 1880-talet, vart ein flopp. Nei, det er sigeren vi feirar, det vi vann trass i det tapte. Vi feirar heller ikkje 9. april, det ville vere eit grotesk brot med dei norske nasjonaltabua, men 8. mai kan vi lett einast om. 25. september (1972) og for den del 28. november (1994) har derimot ikkje oppnådd nasjonal feiringsstatus, bortsett frå hjå dei ihuga i Nei til EU. Folket er kløyvd på midten, og det endelege utfallet av striden er framleis ukjent, vi veit enno ikkje kven som vert sigerherrane. Men at 1994 likevel kan verte eit merkeår, skal eg kome tilbake til.

Feiringa av 1905 dette året er ikkje overlaten til tilfeldigheitene, sjølv om 7. juni på ingen måte kan måle seg med nasjonaldagen når det gjeld talar, skåler og ispinnar. Regjeringa har endåtil oppretta eit eige jubileumsaksjeselskap, Norge 2005, som skal stå for organiseringa. På heimesida www.norge2005.no kan vi lese om alle øvrigheitene som skal delta. Regjering, slott og Storting er sjølvsagt representerte, Utanriksdepartementet skal sørgje for feiring i andre land, her skal kome statsbesøk, og Forsvaret og Kyrkja skal ha sine markeringar. I tillegg har altså fylkesmennene sendt ut skriv og kommandert sine undersåttar til å planleggje fest i bygd og by. Men vekkjer denne storslåtte profesjonaliserte festen atterklang i den norske folkesjela? Føler folk flest at 7. juni 1905 er noko som angår dei? Er denne datoen noko som bør trekkjast fram saman med bunaden, eller er han allereie bortkomen på historia sitt mørkeloft? Kva er att av det vi vann for hundre år sidan?

JUBILEET I 1914
Det kan vere god grunn til å samanlikne feiringa i 2005 med markeringa av hundreårsjubileet for Grunnlova. Utgangspunkta er så uendeleg ulike. For 91 år sidan var Noreg eit relativt fattig og tilbakeståande land i nordenden av Europa, tappa for ungdommelege krefter som det ikkje fanst rom for, og som drog over Atlanteren for å finne seg ei framtid. Men bondestanden og ein veksande mellomklasse hadde sameina seg i eit politisk nasjonalistisk engasjement som vann sin første siger i 1884 og fullenda verket i 1905. Formelt sett var den norske statsdanninga no fullført, men byggjeprosjektet heldt fram: konsesjonslover, sosiale lover, storindustri, offentleg velferd – alle framstega som høyrde til i venstrestaten sine velmaktsdagar.

Ungdomslagsrørsla er den kulturelle spegelen for utviklinga i denne perioden. Medlemstalet vart meir enn fordobla frå 26 000 i 1905 til 56 000 mot slutten av første verdskrigen. Også talet på lag vart mest dobla innan 1920.1 Festen i 1914 var ein viktig del av manifestasjonen av det nye Noreg, og ungdoms- laga stod sentralt i feiringa. Rundt om i vårt langstrekte land tok dei til å reise bautasteinar til minne om dei som hadde delteke i krigshandlingane hundre år tidlegare. Kven som initierte dette tiltaket, har det ikkje lukkast denne forfattaren å finne ut av, men at det kom frå sentralt hald, er heilt sikkert. Dei mange hundre grender samla seg om denne ideen og gjorde grovarbeidet sjølv. Høyr berre her korleis dei ordna saka på ein tilfeldig stad, Sæbø i Nordhordland:

Laurdag 4. april 1914 var ein ynskjeversdag for Sæbø ungdomslag. Solskin og stilla. Folk møtte opp som avtala kl. 0730. Sume på Storheim bryggja, og andre i Solheimsviki. So rodde me over til Nappane. Det var ei lang og
bratt brekka å ganga opp før me kom fram til steinen. Det var eit sveittetak å få alt verktøyet fram. Alle tykte me at det var ein fin stein. Han var 4,80 m lang, slank og fin i formen, nett rette skapet for vårt formål. So var det å letta på han og kjenna kor tung han var. Han vart dømd mellom 1200 og 1500 kg. Me vart samde om at den likaste måten å få steinen fram på var å bera den mellom oss. Her var nemleg so mykje blaute myrar at me gjekk til knes, dertil lyng og brake so det var umogleg å draga eller køyra den fram. Me la 7 jernstengjer oppå steinen og surra desse fast med sterkt tau slik at 14 mann kunne få bera, 7 på kvar side. Steinen var tung, endå for so mange, so me måtte kvila ofte. Det knaka i både armar og bein og hadde det ikkje rådt so mykje vilje, var det uvisst om steinen hadde kome fram i det heile. Men han skulle fram, kosta kva det kosta ville.2

Og fram kom steinen etter ei lengre ferd ned ei li, på kjerre og med den lokale dampbåten, til Sæbø kyrkjegard der han vart innvigd 17. mai 1914, til liks med hundrevis av andre liknande minnesteinar. Mykje kan seiast om denne måten å markere jubilanten – Grunnlova – på: Dei lokale krigsheltane gav feiringa eit styrkt grunnlag i nærmiljøet – gamle og unge kunne minnast ein slektning eller nabo som hadde falle i striden for fedrelandet. I våre dagar har dei falne soldatane frå andre verdskrigen overteke denne rolla på 17. mai. Men det sentrale poenget her er kven som feira (seg sjølv) og hadde alt arbeidet med førebuingane til festen. Sjølv om norskdomsideologane på toppen hadde ei viktig hand med i spelet, var det dei mange tusen friviljuge hendene som bar børa av bautasteinane, både i dei blaute myrane i Nordhordland og andre stader. Det offentlege – kommunar og lokalt styringsverk – ser ikkje ut til å ha vore særskilt involvert. Derimot spela nok lærarane ei sentral rolle. Lærarane var dei fremste instrumenta i nasjonsbygginga. Dei stod mellom folket og eliten, dei var ei yrkesgruppe på veg oppover i hierarkiet som hadde lært å ordleggje seg. Seminaristane vart kulturberarane og den nye nasjonalstaten sin forlengde arm inn i kvar minste skulekrins. Det er dei vi kan takke for den store myten om Noreg gjennom engasjementet både i og utanfor skulestova. Det var dei som tok initiativ til dei første 17. mai-feiringane land og strand rundt. Ofte stod dei i brodden for norskdomsrørsla og ungdomslaget i krinsen sin, og på denne måten fekk dei eit heilt anna fundament blant kvarmann enn mange seinare ordførarar og kultursjefar ved sine kontorpultar, for ikkje å tale om fylkesmannen sine fjerne konsulentar.


REPUBLIKKEN ESA3
1905 var året for dei tilsynelatande store vegskilja i norsk politikk: union eller sjølvstende, kongedøme eller republikk. Eit anna år kan bli kanskje like skilsetjande. Enno har ikkje nokon historikar, så vidt eg kjenner til, periodisert noregshistoria frå 1905 til 1994, men dette kan bli aktuelt i framtida. Sistnemnde år vil då markere byrjinga til slutten på nasjonalstaten, og inngangen til mellomfasen då ESA sat ved roret. Dette organet nede i Brussel, som vart styrt av nordmenn, gjorde sidan sitt beste for å forsure livet til dei norske politikarane som var med på å skape det, og som skreiv under på noko dei ikkje skjøna omfanget av: med signaturen sin vinka dei adjø til det eigentlege overherredømet i fedrelandet. Men i globaliseringa sin tidsalder, då kontinent etter kontinent gjekk saman i mektige overstatlege samanslutningar, var det likevel ikkje så enkelt å hive ut ESA utan at barnet vart skylt ut med badevatnet. I alle fall var det slik dei argumenterte, EU-tilhengjarane, før dei fekk det som dei ville, og dei kunne løne handlangarane sine i Brussel i rikeleg mon.

Denne dystre spådomen er ikkje nedteikna for å bringe pessimisme ut til EUmotstandarar, men for å gjere lesaren merksam på kva slags historisk scene Norge 2005 skal framføre jubileet sitt på. Scenografien står i skrikande kontrast til skodespelarane. Nasjonalstaten vår er nok ikkje død, men han er godt mølleten. Men dette vil dei landsdekkjande mainstream-media truleg gjere sitt yttarste for å dekke over, i beste folkeuopplysingsånd. Det har vorte proklamert at Kongehuset skal stå sentralt i feiringa, og dei kongelege vil bli omfatta med stor interesse. Vi har allereie fått spekulasjonane om at kong Olav var uektefødd, noko som styrkjer minnet hans som Den store Folkekongen. Men kva er att av symbolkrafta i det norske kongehuset? Ein høgtlesande fysioterapeut gift med ein blærete forfattar er vel ikkje så mykje å skryte av. Seglarkongen på Slottet har kanskje ikkje fått høve til å leie folket gjennom noka hardt prøvd tid, men evnene kan betvilast. Sonen kan verke meir lovande, men under ESA sitt regime vert han avmektig. Haakon Magnus vil aldri få høve til å utfalde seg som helt slik oldefaren hans gjorde dei skilsetjande aprildagane i Østerdalen.

Den sentraleuropeiske maktekspansjonen nordover i våre dagar vert utført uendeleg mykje snedigare enn i 1940. Bit etter bit lyt vi opne for sal av dei materielle verdiane som skulle sikre velferda i venstrestaten og seinare i arbeidarpartistaten. No er mykje av dette allereie borte, selt til private av høgrepolitikarane våre for nokre sølvpengar. Organiserte tiltak for å halde oppe samfunnsstabiliteten vert erstatta av bedriftsøkonomisk tankegang. Våre eigne kapitalistar, også staten sjølv, arbeider i ein globalisert marknad, og ser ikkje lenger verdien av å satse i sitt eige land. Dei let litauarar og andre gjere jobben som nordmenn gjorde inntil for få år sidan, for ein brøkdel av løna – og det får dei statsstøtte til.

Den kortreiste maten som fylkesmannen og hans overordna vil vi skal bringe fram under feiringa, har det vorte stadig mindre av dei seinare åra, trass i at ESA enno ikkje har fått fingrane i fatet med norsk jordbruk. Dei store konserna gjer jobben likevel, med WTO til hjelp. Kiwien kjem frå New Zealand, paprikaen frå Spania, biffen frå Namibia og snopet frå Svinesund. Fisken vår sender vi med fly til Kina for å filetere han der, og så tilbake. Billeg lisensøl, hormonkjøt og genmanipulert frukt er undervegs. Ja då, eg veit det, vi har fått ein framvekst av lokale gardsmatprodusentar dei seinare åra som sel stadig større kvantum av alt frå villsaukjøt til hardangereple. Tanken om at vi skal omskape det trauste, kvardagslege norske til noko eksotisk som kan styrkje eigen identitet, er ikkje så dum. Merkevarebygging heiter det, ikkje berre hjå Coca Cola lenger, men også hjå småbrukaren som standhaftig kjempar mot krattskogen sin tilvekst både i innmark og utmark, og som no bringar produkta sine direkte til forbrukaren. Både kulturelle og miljømessige argument kan dragast fram i denne samanhangen. Men er småskala jordbruk og bygdemobilisering nok til å berge fedrelandet og stå imot presset frå storindustri og marknadsmakt?

SPRÅKET VÅRT – GRUNN TIL Å FEIRE?
I norsk historieforsking har den språklege utviklinga ofte vorte jamført med den politiske. For målfolket var nasjonalt og språkleg sjølvstende to sider av same sak. Folkemål og folkekultur vart sett på som grunnsteinane i det nye nasjonale byggverket som skulle reisast. 1905 markerte eit høgdepunkt ikkje minst for målrørsla, som då var inne i ein svært god periode. Halvdan Koht skreiv i Syn og Segn i desember 1905:

«Det er herlegt aa leva i slike tider, og kjenna korleis sterke livsmagter bryt paa og sprengjer seg fram. Alt det som lenge laag stilt og æste for seg sjølv i folkegrunnen, det lyfter seg no med velde, so gamle morkne band ryk paa alle kantar.»

Kampen for å få landsmålet inn i skulane hadde nådd eit gjennombrot i 1890- åra, og no kom målorganisasjonane i stadig større einingar. I 1906, året etter unionsoppløysinga, vart dette organisasjonsarbeidet fullført med opprettinga av landssamanslutninga Noregs Mållag. Året etter følgde stortingsvedtaket om sidemålsstilen. Målfolket stod no på høgda av si makt, og landsmålet vann seg stadig større rom som bruksmål på ulike samfunnsområde – i skule, kyrkje og bygdestyring. Rett nok møtte dei etter kvart aukande motbør frå riksmålssida, men framgangen til nynorsken stoppa ikkje opp før under andre verdskrigen. Seinare vart polariseringa i språkstriden til ein viss grad klatta over ved at styresmaktene innførte samnorsk som målsetjing, og ytterfløyene på begge sider fekk ein felles fiende. Men om samnorsktanken møtte liten velvilje då han i si tid vart prakka på folket som nok eit tiltak for å styrkje ideen om det norske, har han vorte totalt overkøyrd av vår tids tankar om det fleirkulturelle samfunnet.

I dag er det lite eller ingenting att av den koplinga mellom nasjonalt sjølvstende og språk som rådde i venstrestaten si tid. Det er såleis ikkje overraskande at språket knapt har vorte nemnt i samband med feiringa av 1905 så langt. I staden for å få augo opp for at språket kanskje er det siste, men også det sterkaste vernet kring «det norske», går politikken i dag ut på å føye også dette området av samfunnslivet til privatsfæren. Utdanningsministeren sitt løyve til at blårussen i hovudstaden skal få sleppe å lære skriftleg nynorsk, er eit av fleire trugsmål mot denne barrieren. Vi høyrde aldri noko om at den største arbeidsplassen i Oslo – staten – der mange av byens beste ungdomar har si framtid – faktisk treng folk som er kvalifiserte til å kunne svare folk med ei anna målform. Dette er nok eit frislepp til fordel for dei mektigaste i samfunnet vårt, utan noko forsøk på argumentasjon.

STATEN SOM SIGERHERRE OG TAPAR
Paradokset i vår tid er at byråkratistaten har sigra, samstundes som nasjonalstaten står for fall. Sjølv i ESA sin tidsalder kan sentralmakta halde fram med å ese ut, fordi ho sit på ein uhorveleg diger oljeformue. Mykje pengar krev ein stor administrasjon, og byråkratiet i hovudstaden veks. I tillegg aukar det på med lobbyistar og meiningsdannarar i rimeleg drosjeavstand frå Stortinget, som kvefs rundt ei honningkrukke. Alle vil ha sin del av kaka.

På same tid vert velferdssamfunnet erstatta med private formuar, og det kollektive verdigrunnlaget raknar. Det åndelege fellesskapet som eksisterte mellom nordmennene, som gjorde dei i stand til å løfte tunge bautasteinar gjennom myrar saman, held på å gå i oppløysing. Offerviljen i høve til samfunnet er på veg bort, og vert etter kvart erstatta med kravmentaliteten. Den verkar ikkje samlande og skapande, men tvert om destruktiv. Nokre kollektive verdiar har vi framleis att i dette landet, men dei byggjer ikkje på felles prestasjonar, men på gjerningane til enkeltpersonar som byr fram fysikken sin som ei salsvare. Dei fremste forvaltarane av norskdomen er i våre dagar truleg Jon Herwig Carlsen og Kjell Kristian Rike. Men lange fjernsynsstunder med toppidrett kan ikkje bere fellesskapet åleine.

Eit levande folkestyre der innbyggjarane kjenner at dei har medråderett og innverknad, lyt byggje på virile lokalsamfunn med ein rimeleg grad av sjølvråderett. Men dei seinare åra har lokaldemokratiet stått under eit hardt press, noko som har påført nasjonen store indre skadar. Kommunane er i dag reduserte frå å vere enkeltsteinar i det store demokratiske byggverket til å vere tenesteytarar på line med ei kva som helst slags bedrift. Det vert hevda at kommunane bør slå seg saman for å spare pengar, og dei nye grensene skal fastsetjast etter praktiske omsyn. Få stiller spørsmål om korleis dei nye samfunnseiningane bør utformast for at innbyggjarane skal føle at dei kjenner seg heime der. Denne utviklinga har vorte framskunda ved den håplause skvisen kommunane har vore i, mellom sentrale lønsforhandlingar, statlege lovpålegg og Erna-styrt sveltefôring.

Eit ope spørsmål er om den nye regionalmakta, som også er ei EU-oppfinning, kan utfordre byråkratistaten. Regionane har allereie fått sine band direkte til Brussel gjennom eigne lobbykontor, og det er helst eit tidsspørsmål før dei etablerer seg som meir formelle delar av maktapparatet. Det er også i gang mange ulike identitetsbyggjande prosjekt i desse dagar som peikar i ei slik retning – skrivinga av regionhistorier er eit eksempel. Men makta vert nok ikkje oppgjeven friviljug i hovudstaden.

Det gjenstår å sjå om festen i 2005 vert ein publikumssuksess. Folk flest vil ha vanskar med å sjå nokon ideologisk basis for å delta i ei feiring driven fram av byråkratisk iver. Kjenslene for fedrelandet er ikkje det dei ein gong var. Så kvifor skal dei bere havre til ein daud hest, som mange attpåtil ønskjer sin del av slaktet av? Men med fint vêr i dagane kring 7. juni treng det likevel ikkje bli så gale for arrangørane. Den norske mann og kvinne sin hang til å trekkje ut i Guds frie n?atur ein fager forsommardag kan dekkje over så mangt. Dessutan er det godt fjernsynsstoff – vi har plass til fleire 17.mai-ar.

LITTERATUR
Kløvstad, Jan (red.): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896–1996. 1995.
Marås, Olav: Sæbø ungdomslag 100 år 1903–2003. 2003.
Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. 1981.

NOTAR
1 Kløvstad 1995: 87.
2 Marås 2003: 127, utdrag frå møteboka.
3 ESA er ei forkorting (på engelsk) for EFTA Surveillance Authority, som er EFTA sitt organ for å
overvake om EØS-avtalen vert oppfylt.

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07