Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

I SELSKAP MED GADDAFI
10.11.04- Teresa Grøtan og Ragnfrid Trohaug

I SLUTTEN AV SEPTEMBER kunne vi sjå ein smilande olje- og energiminister Thorhild Widwey på farten til Libya for å tale saka til norske selskap i landet som har opna opp for omverda.

Statoil vil vere med i jakta etter det svarte gullet i diktaturet, og kasta seg over sjansen til ein «rein» innmarsj i Libya etter at Muammar Gaddafi har svart «skuldig» på Lockerbie-bombinga og blitt tatt inn i verdsvarmen. Widwey er den første norske statsråden nokosinne som besøker Libya.

Det blir stadig referert til at «Libya opnar seg for verda», men det står aldri noko om kva det inneber. Gaddafi seier ikkje noko om det heller. Det treng han ikkje. Vi er alle fornøgde med å få kome inn og pumpe opp olje. Og Gaddafi er sjølvsagt fornøgd med all rikdommen som strøymer innover landet.

Libya har kjende oljeførekomstar på rundt 30 milliardar fat. Olja er attraktiv fordi ho er enkel og billig å ta opp, og Libya ligg nær marknadene. Ifølgje Amnesty skjer det omfattande brot på menneskerettane i landet: vilkårlege arrestasjonar, langvarig fengsling utan tiltale, tortur, mishandling og dødsfall
i varetekt. Ifølgje Transparency International er Libya eit av dei mest korrupte landa i verda. Informasjonssjef i Statoil, Kai Nilsen, hevdar at selskapet har «satt seg inn i» om dei kan følgje sine etiske retningsliner. Det vil ikkje bli noko problem, ifølgje Nilsen.

"Vi mener ikke at Norge ikke kan involvere seg i land hvor det skjer brudd på menneskerettighetene, " sa generalsekretær i Amnesty, Petter Eide, til Stavanger Aftenblad 25. september. «Men når norske selskaper går inn i slike land, gir det dem et ansvar, noe de må forholde seg aktivt til,» meinte han.

Vi har ikkje noko imot at selskap som heilt eller delvis er statseigde, tener pengar rundt om i verda. Men Petter Eide har rett i at det medfører eit ansvar. Det ansvaret tar ikkje norske oljeselskap i dag, og det har dei aldri gjort. Indirekte støttar norske selskap brot på menneskerettane. Korrupsjon driv dei med sjølve.

Nyleg vedtok Statoil bota på 20 millionar kroner for brot på korrupsjonslovane i samband med Iran-skandalen. Saka er framleis under etterforsking i USA. Med driftsinntekter i milliardarkronersklassen er denne bota peanuts. Norsk Hydro har òg blitt nøydd til å sjekke litt i gamle papir, etter ein tidlegare direktør sin omgang med svarte pengar og hemmelege fond.

Det er ikkje berre korrupsjon Iran slit med i samband med oljeverksemda. Hydro har engasjert Norsk Folkehjelp til å rydde landminer i området der dei skal leite etter olje. Det er derimot uaktuelt for Hydro å rydde fleire miner, om dei skulle finne olje. Tryggleiken til nomadane som bur i leiteområdet, er ei ikkje-sak for Hydro. Ifølgje Norwatch har dei potensielle oljereservane i
landet ein bruttoverdi på 620 milliardar kroner (5. april 2004). Gjennomsnittspersonen i Iran må ha to til tre jobbar for å klare kvardagen.

Statoil er engasjert i Nigeria der forfattaren og miljøaktivisten Ken Saro-Wiwa
blei hengd i 1995 for å ha protestert mot korleis internasjonale oljeselskap si
framferd øydela livsgrunnlaget for ogonifolket i området. Då den prislønte forfattaren Wole Soyinka besøkte Noreg året etter, oppfordra han Statoil til å trekkje seg ut av Nigeria. Det skjedde ikkje. Den pågåande uroa i landet har framleis sitt utspring i usemje om korleis oljeressursane skal fordelast.
Streikane og opptøyane er med på å halde prisnivået på olje oppe.

Medan Norsk Hydro hadde driftsinntekter på 60 milliardar kroner frå olje- og
energiverksemda i 2003, hadde dei nærare 40 milliardar kroner i drifts- inntekter på eit anna felt, nemleg kunstgjødsel. I år blei denne delen av selskapet skild ut som Yara International. Selskapet har overtatt den gamle logoen til Hydro, den med vikingskipet på. Gjødsla blir seld i så å seie alle dei fattigaste landa i verda. I tredje kvartal i år har selskapet selt gjødsel for 11 milliardar kroner. I Malawi, til dømes, har Yara halvparten av marknaden (2002). Bøndene i det lutfattige landet er avhengige av kunstgjødsel for
å få ei avling dei kan leve av, men mange har ikkje råd til å kjøpe gjødsla. I år, for tredje året på rad, døydde tusenvis av menneske av svolt i det afrikanske landet. Gjødselprisane, i likskap med oljeprisane, er no historisk høge.

Vi meiner sjølvsagt ikkje at norske, delvis statseigde selskap skal drive reint humanitært arbeid, men dei norske selskapa bør i større grad ta eit ansvar i landa dei opererer i, og der dei faktisk hentar ut enorme verdiar til eigne selskap og til deg og meg – norske borgarar. Noko burde tilfalle menneska i
landa dei hentar ressursane frå – og da meiner vi ikkje at det bør gå i lommene til einskilde personar.

Pengane som hamnar i den norske statskassa, bør brukast til beste for alle menneske i Noreg. Desse pengane burde kome alle til gode, også dei som den norske stat – mot FN sine tilrådingar – vil kaste ut av landet.

Noreg må ta ansvar – både ute og heime.

Teresa Grøtan og Ragnfrid Trohaug
Hilde Sandvik og Marit Eikemo er i permisjon.

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07