Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Leiar 3/05: Tidsskrift under press
03.10.05- Hilde Sandvik
Sakprosautviklinga i Noreg er avhengig av ein solid tidsskriftkultur.
Ved å styrkja tidsskriftproduksjonen, vil ein på sikt styrkja
heile sakprosafeltet.

DEI SISTE ÅRA HAR DET SKJEDD ein liten revolusjon i Medie-Noreg. Tidsskriftet har igjen tatt plassen som ein viktig premissleverandør
på utsida av eit stadig meir kommersialisert mediebilete. Revitalisering av dei
største tidsskrifta har hatt ringverknader – også for nyetableringane, som til dømes Fett og Demo. Dette inneber òg at ein for tida forventar seg meir av eit tidsskrift enn at det skal vera ein postkasse for meir eller mindre motiverte artiklar skrivne av meir eller mindre motiverte skribentar. Denne forventninga skaper sjølvsagt meir motiverte redaktørar.

Blir tidsskriftlivet likevel enklare? Nei. Det allmennkulturelle tidsskriftet er i skvis. I november i fjor kom rapporten frå Universitets- og høgskolerådet om kva som frå no av skal reknast som vitskapleg publisering.
UHR-utvalet sine konklusjonar er sidan blitt eitt av trugsmåla vi må ta stilling til. Slik det i framtida ikkje skal gi pengar i den akademiske kassen å publisera på norske forlag, skal det heller ikkje gi kreditt å publisera i norske tidsskrift som Syn og Segn – eller Samtiden, tidsskrift som i over hundre år har vore viktige publiseringskanalar for norske akademikarar. Utvalet grunngir denne
utsilinga nokså lemfeldig med at desse to tidsskrifta «for tiden stiller andre krav til innsendte artikler», utan at det blir presisert kor denne opplysninga kjem frå. Ho må vera innhenta på heller uvitskapleg vis, kan vi hinta om, sidan det ikkje var nokon frå utvalet som på noko tidspunkt var i kontakt med redaksjonen.

Situasjonen tilseier med andre ord at vi må gå inn i ein diskusjon om kva type tidsskriftflora vi ønskjer oss i landet – og kva vilkår ein legg for den offentlege debatten. Tidsskriftsstøtta i Noreg på eit botnnivå samanlikna med andre land i Skandinavia. Det svenske ku lturrådet er ti gonger rausare
med midlar enn sin norske kollega. I Noreg har støtta har stått nær stille i tjue år, trass i auka kostnadsnivå og krav til profesjonalisering.

Samstundes opplever vi at dårlegare økonomi i det offentlege tappar oss for institusjonstingarane. Mellom 1997 og 2004 hadde 30 prosent av bibliotekstingarane våre – sjølve høgborga for tidsskriftlesing – sagt opp abonnementet.

Vårt syn er at det profesjonaliserte tidsskriftet bør og skal ha ein vital og sentral plass midt i den kunnskapsproduksjonen eit pulserande samfunn er avhengig av. Tidsskriftet er også ei svært sentral brikke i det auka søkjelyset på sakprosa dei seinare åra. Den offentlege samtalen startar ofte her. Det finst knapt den essaysamling som blir gitt ut på norsk, som ikkje har vakse ut av ein tidsskriftsartikkel. Og ikkje minst: Her har vi høve til å trykka tankane
og refleksjonane forlag blir pressa til å seia nei til – av økonomiske omsyn. I tidsskrifta finst spirene til dei nye tankane og retningane i tida, samstundes som dei, i sine beste stunder, kan vera ein avgjerande samfunnskritisk
korreks.

Den nye innkjøpsordninga for sakprosa omfattar essayistikk, biografiar, reiseskildringar og dokumentarlitteratur, noko som kunne ha vore ei standard innhaldsliste for eit einaste nummer av eit allmennkulturelt tidsskrift. 35 sakprosatitlar skal kjøpast i 1000 eksemplar. Neste år er det varsla at ordninga vil gjelda 50 titlar. Dette er eit signal om at ein etter kvart tar sakprosa på alvor. Men nett i denne samanhengen meiner vi det er på tide at Norsk kulturråd vurderer tidsskriftstøtta på nytt. Sakprosautviklinga i
Noreg er avhengig av ein solid tidsskriftkultur. Ved å styrkja tidsskriftproduksjonen, vil ein på sikt styrkja heile sakprosafeltet.

Hilde Sandvik
Øystein Vidnes har vore medredaktør for dette nummeret.

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07