Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn nr 1/12 er ute no: Grenselaus kjærleik og smelta is
01.03.12


– Reisa gjennom grenseområda mellom Noreg og Sverige røskar opp i måten eg tenkjer på. Det gjer meg kreativ, lukkeleg og klok, skriv Bjørn Hatterud. Les heile kjærleikserklæringa til harryturar og grensehandel i det ferske nummeret av Syn og Segn.

Magnhild Folkvord skriv om korleis utlendingar som giftar seg i Noreg blir mistenkte av UDI for å ikkje ha gifta seg av kjærleik, medan Eirik Frøhaug Swendsen skriv om den mislukka klimakampen og meiner vi må mobilisere til god, gamaldags og lokal miljøkamp.

I det nye nummeret av Syn og Segn kan du òg lese Aud Søyland om kva danningsfaget norsk bør innehalde, og Mathilde Walter Clark meiner dansk litteratur er for heimeorientert og skriv om kvifor det fins så lite internasjonal litteratur frå Danmark.

Aud Søyland: Danningsfaget norsk
Det skal lagast ny læreplan i norskfaget, og tida er komen for å diskutere korleis vi vil at framtidas norskfag skal sjå ut. Nemnda som skal lage ein ny læreplan for norskfaget har fått eit mandat som på lengre sikt kjem til å svekkje nynorsken som sidemål i skulen, skriv Aud Søyland. Ho peikar på fordelane ved å lære både nynorsk og bokmål, og faren ved å fylle faget med alt mogleg anna.

Eirik Frøhaug Swendsen: Klimakampen er død – leve miljøengasjementet
Vi veit at menneskeskapte klimaendringar er ei krise som snart vert uløyseleg om vi ikkje gjer noko drastisk snart. Likevel har ikkje klimakampen hatt den mobiliserande effekten mange håpa på. Eirik Frøhaug Swendsen tek til orde for å slutte å snakke om klimakrisa som noko globalt og abstrakt, men i staden ta miljøsaka tilbake til lokalsamfunnet.

Magnhild Folkvord: Jakta på kjærleiken
Nordmenn står fritt til å fylle ekteskapa sine med kva dei vil, men ikkje-norske statsborgarar kan risikere å bli skulda for å ikkje ha gifta seg av kjærleik dersom dei innreier ekteskapa sine annleis enn det UDI meiner er rett og rimeleg. Magnhild Folkvord skriv om møtet sitt med ein kurdisk familie og om deira møte med norske utlendingsstyresmakter.

Ola Stemshaug: Smørbukk og Sverdrup på feil sokkel
Kven er det som skal bestemme over namna på olje- og gassfelta våre? Ola Stemshaug meiner at namnegjevinga har vore ei boltrebinge for urbane meiningsytringar, og at det i alt for liten grad har vore følgt tradisjonell namnegjeving på kysten.

Bjørn Hatterud: Eg <3<3<3 harryturar
– I Sverige hadde dei popmusikk, porno, rullebrett, politiradioar, kinaputtar, billeg alkohol, lalukorv, amerikanske bilar og svensktoppkassettar, skriv Bjørn Hatterud. Han mimrar tilbake til 80-talet og harryturane til grensetraktene i Sverige, og korleis han framleis får røska opp i gamle tankemønster og blir kreativ, lukkeleg og klok av å dra over grensa.

Mathilde Walter Clark: Kvar er den talande reven?
Dansk film har hatt ein eventyrleg suksess i utlandet med filmskaparar som Lars Von Trier, medan dansk litteratur ikkje har den same eksport-kvaliteten. Mathilde Walter Clark tek for seg den heimelge og minimalistiske litteraturen og kva han kan lære av den danske filmsuksessen.

Helge Torvund: Å smake på eit fjell
Tanedo Santōka var ein sakedrikkande zenprest frå Japan med ein vanskeleg start på livet, som seinare vandra kvilelaust rundt i fjella og fornya haikutradisjonen. Helge Torvund skriv om den spanande livshistoria til den populære poeten og deler haikudikt og andre tankar frå dagbøkene hans.

Kristin Fridtun: Han var kvinnfolk kvar niande natt
Kraftuttrykk som «eg skal ta deg i ræva» er inga nyvinning frå grovkjefta ungdom i dag. Liknande formuleringar kan vi finne att på gamle runepinnar og i sogene frå norrøn tid. Kristin Fridtun skriv om den norrøne homohetsen, og kva følgjer det kunne få for dei som bar fram nidet.

Solveig Aareskjold: Odelsgut, odelssut
Odelsbondeideologien byggjer på ideen om det personlege offeret skal gi forteneste i ein større samanheng. Solveig Aareskjold skriv om odelsretten i si eiga slektshistorie.

Eirik Helleve: Fin redaktør som fekk ufin avskjed – om Johannes Farestveit
Norsk Barneblad fyller 125 år i 2012, og i 23 av dei åra var Johannes Farestveit redaktør. Bladet har aldri hatt fleire lesarar enn i redaktørtida hans. Eirik Helleve skriv om redaktørtida hans, og om den uverdige avskjeden han fekk med bladet.

Turid Kleiva: Martinius Høgåsen – ein aktivist for si tid
Martinus Høgåsen var ein klassisk aktivist frå Gudbrandsdalen med hjarte for mellom anna målsak og fråhaldssak og gjekk ofte fleire mil på ski for å nå alle møta sine. Han var lokalpolitikar, klokkar og lærar, og hadde alltid ei hand med i bygdestyringa. Turid Kleiva skriv om Høgåsen sitt aktive liv.

Johan Moan: Månesjuk
Tida vi lever i er prega av kritiske haldningar til historiske overføringar og av grenselaus tru på forsking. Månesjuke er omtalt fleire gonger i historiske kjelder, men likevel er mange skeptiske til at månefasane kan ha innverknad på biologien. Johan Moan undersøkjer om det kan vere noko vitskapleg hald i desse førestellingane.

Elles i Syn og Segn nr. 1/12:
Lars Amund Vaage: Dikt og draum
Bente Riise: Når nynorsken blir heit (leiar)

For meir informasjon eller meldareksemplar: Redaktør Bente Riise: 90 58 48 38 / bente.riise@synogsegn.no / www.synogsegn.no

Følg oss òg på: Facebook: www.facebook.com/pages/Syn-og-Segn/313256217617

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07