Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Myten om det gode Europa
21.09.04- Tore Linné Eriksen
Stadig fleire ønskjer å framstille den europeiske unionen som eit solidaritetsprosjekt og ei naudsynt motvekt mot USA. I røynda er dagens
EU ein pådrivar for ein nyliberalistisk offensiv som aukar forskjellane mellom rik og fattig, og som innskrenkar det demokratiske handlingsrommet.

NOREG ER EIN «RIK OG EKKEL KURIOSITET», for å sitere Erna Solberg. Ja, er det ikkje nasjonal egoisme å stille seg utanfor ein global dugnad for fred og rettferd? Ein gjennomgang av EU si rolle i den globale kapitalismen, med vekt på forholdet mellom Nord og Sør, viser eit heilt anna bilete. EU-motstandarane
blir skulda for å ha romantiske førestellingar om Annleis-landet Noreg, men
det er ingenting mot det Annleis-EU som unionstilhengjarane diktar opp.

KOMITÉFORMANN JAGLANDS TESAR
I boka Ti teser om EU og Norge har Thorbjørn Jagland som ein av sine hovudtesar at «EU motvirker de negative følgene av globaliseringen». Han ser ikkje noko anna tenkeleg korrektiv til USAs dominans i verdssamfunnet enn den europeiske unionen. I tillegg framhevar leiaren i Stortingets
utanrikskomité at EU er naudsynt for å løyse fattigdoms- og miljøproblema i verda. Det blir også gitt inntrykk av at EU allereie i dag framstår som ein støttespelar for utviklingslanda når det gjeld handel og utforming av regel- verket i Verdshandelsorganisasjonen (WTO). På same måte blir det lagt
vekt på at EU er naudsynt for å «gjenvinne demokratisk kontroll over kapitalen».

Den skildringa og dei håpa om EU si rolle som stig fram i Thorbjørn Jaglands nye bok, vil utvilsamt spele ei viktig rolle i den nye kampen om norsk unionsmedlemskap som no er i gang. Dei same synspunkta kjem også til uttrykk i fleire skrifter frå Europabevegelsen/Europeisk Ungdom, som mellom anna i heftet Europa og verden (2001) skriv entusiastisk om EU si rørande
omsorg for miljø og fattigfolk rundt om i verda. Mest av alt minner dette om ein
populær selskapsleik frå 1994: Tenk på noko vakkert, og kall det for EU! Det er grunn til å tru at ein slik argumentasjon rettar seg mot ungdom og folk som høyrer heime på det som blir kalla «venstresida», ettersom dei gjerne blir rekna for å vere meir internasjonalt og solidarisk orienterte.

Mot ein slik bakgrunn er det gode grunnar til å sjå nærare på nokre hovudlinjer i EU sin politikk overfor Sør. Ikkje minst er det naudsynt å granske den rolla som EU speler i Verdshandelsorganisasjonen (WTO), der velkjende stikkord er liberalisering, avregulering, privatisering og innskrenking av spelerommet for demokratiske avgjerder. Ein må også stille spørsmål om EU fungerer som motvekt eller pådrivar for eit økonomisk verdssystem som går
under namnet globalisering eller global kapitalisme, og som like gjerne kan kallast for globalt apartheid. Uansett kva omgrep vi vel, lever vi på ein klode der meir enn 800 millionar menneske går svoltne til sengs. Nøkterne FN- statistikkar fortel oss også at tre milliardar – dvs. halvparten av folketalet
på jorda – må klare seg med under to euro om dagen. Ein kan måle ulikskap på mange måtar, men ifølgje FNs utviklingsprogram (UNDP) legg dei 20 prosent rikaste i verda beslag på ca. 85 prosent av ressursane, medan dei fattigaste 20 prosenta ikkje har stort meir enn 1 prosent på deling. Det føregår også ei dramatisk rovdrift på naturen, med det resultatet at atmosfæren blir varma opp, ressursar blir plyndra, og det biologiske mangfaldet blir rasert.

EU SOM MARKNADSLIBERALISTISK SPYDSPISS
Sjølv om det framleis finst område der EUs medlemsstatar opptrer kvar for seg internasjonalt, gir det i WTO-samanheng god meining å snakke om EU som ei statsdanning. Unionsorgana har det som blir kalla einekompetanse i alle spørsmål som blir drøfta i WTO. Sjølv om ministerrådet til slutt må seie ja eller nei, er det EU-kommisjonen som åleine fører forhandlingane og undervegs tek dei viktigaste avgjerdene på WTO-toppmøta. Kommisjonen
sine forhandlarar er dessutan kjende for å ha svært tette band til storselskapa sine lobbyistar i Brussel, slik som European Roundtable of Industrialists (ERT).

Internasjonalt opptrer ikkje EU i noko ideologisk tomrom, og det er sjølvsagt ein nøye samanheng mellom den indre utviklinga i EU og dei standpunkt som unionen sine politikarar og byråkratar kjempar for i WTO (eller i Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet). I tillegg til å vere ein tollunion, dvs. med felles handelspolitikk utetter, har EU-systemet som mål å fjerne alle hindringar for fri flyt av kapital, varer, tenester og arbeidskraft. Framveksten av den indre marknaden er det mest kjende uttrykket for det. Etter at dette blei hamra
på plass, var det neste – og logiske – steget å sørgje for meir makt til unionsorgana i Brussel, slik at det over lengre tid kan bli utforma både ein einskapleg økonomisk politikk og ein felles utanriks- og tryggleikspolitikk.

Økonomisk liberalisering og undergraving av demokratiet går hand i hand både i EU og i den globale kapitalismen. Eit klart uttrykk for dette er den økonomiske og monetære unionen (ØMU), som Noreg ved eventuell medlemskap må slutte seg til, og der viktige økonomiske og politiske
avgjerdsler blir fatta av ein eineveldig sentralbank som gjer demokratisk debatt både uønskt og bortkasta. (Derfor er det sjølvsagt rett at mykje har endra seg sidan 1994.) Førebels siste steg i denne utviklinga er at den indre marknaden, dei rådande maktforholda og dagens nyliberalistiske politikk
no skal låsast fast i EU sin nye grunnlov. Ein slik berebjelke i EU gjer det uforståeleg korleis unionsmedlemskap kan vere eit middel til å motverke ei konsernstyrt globalisering. (Traktatendringar krev at alle 25 land er heilt einige på same tid.) Til og med eit forsiktig forslag om ei lita avgift på spek- ulative kapitaloverføringar, kjend som Tobinskatten, er ifølgje EU-kommisjonen i strid både med gjeldande traktatar og med grunnlaget for ØMU.

WTO: REDUKSJON AV DET DEMOKRATISKE SPELEROMMET
Då Verdshandelsorganisasjonen tredde i kraft i 1995, skjedde det etter langvarige forhandlingsrundar som starta sju–åtte år tidlegare. Det vil seie at hovudtrekka ved WTOs politikk blei utforma på eit tidspunkt då den marknadsliberalistiske ideologien var på offensiven i vår del av verda.
Medan forgjengaren (kjend som GATT) hadde som si viktigaste oppgåve å senke tollsatsane på industrivarer, skjedde det eit grunnleggjande skifte ved overgangen til WTO. Dei nye avtalane omfatta ei rekkje nye område som opna dørene for vestleg storkapital, samstundes som stadig fleire WTO- reglar grip inn i økonomiske avgjerder som kvar enkelte stat tidlegare har hatt
ansvar for. Slik femner WTO no om både landbruk, vern om patent og intellektuell eigedomsrett (TRIPS), tenestesektoren (GATS) og einskilde former for regulering (eller avregulering) av vilkår for utanlandske
investeringar (TRIMS).

Dersom vi prøver å trenge inn i WTOsystemet sine tusenvis av traktatsider og lovtekstar, trer det fram ein klar og velkjend bodskap: spelerommet for nasjonale avgjerder blir innskrenka, storselskap får auka råderett, og inngåtte avtalar blir berre sedde på som det første steget i retning av ei stadig raskare liberalisering. Nokre gonger er det USA som har stått i første rekkje for å innskrenke det politiske og økonomiske handlingsrommet for land
i Sør. Andre gonger er det EU som har vore den ivrigaste pådrivaren. Det gjeld ikkje minst i spørsmålet om ein investeringsavtale i WTO, der Kommisjonen pressar på for å få til ein avtale som gir auka spelerom for
storselskapa. Dette er også i samsvar med interessene til The Investment Network, med deltakarar som BP, Fiat og Daimler- Benz. Eit gjennomgåande trekk er at EUs posisjonar i WTO-forhandlingane spring ut av interessene til dei same storkonserna og dei same lobbyorganisasjonane som har pressa på for å få på plass den indre marknaden, Maastricht-traktaten og den økonomiske og monetære unionen.

På same måte som EU-organa ønskjer seg meir marknadsfridom og snevrare politisk spelerom på europeisk nivå, er WTO eit tenleg instrument for det same på globalt nivå. Målet er altså ikkje å få til ei overnasjonal og demo- kratisk styring av kapitalinteressene, men å bruke dei internasjonale
institusjonane som reiskapar for avregulering og konsernmakt.

FRÅ SEATTLE TIL DOHA
Etter at WTO-toppmøtet i Seattle i 1999 braut saman, på grunn av strid mellom
USA og EU, demonstrasjonar i gatene og ein samla front av utviklingsland, har kursen mot global marknadsliberalisme ikkje halde fram like uhindra som før. Stadig fleire land i Sør ser i ettertid at dei blei overkøyrde av EU og USA då WTO blei oppretta, og at dei gav etter på felt etter felt i byte mot lovnader om betre eksportmoglegheiter for landbruks- og industriprodukta
sine. Medan fattige land har gjennomført sin del av avtalane, det vil seie gitt avkall på mange tiltak for å verne eige næringsliv mot mektige konkurrentar, har USA og EU i praksis halde på mange av handelshindringane sine. Det gjeld ikkje minst dei mange støtteordningane for landbruk, der både USA og EU brukar eksportsubsidiar og andre støttetiltak for å dumpe varer på marknader i Sør (sjå nedanfor). Dei opptrer gjerne med høgtidlege erklær- ingar om frihandel og «felles køyrereglar», men opptrer eigenmektig og proteksjonistisk når det tener deira interesser best. Den globaliseringa
dei ønskjer seg, er synonym med den sterkaste sin rett.

Under førebuingane til WTO-toppmøtet i Doha i 2001 ville det store fleirtalet av utviklingslanda på nytt sette på bremsane. Dei var skeptiske til å starte forhandlingar på stadig fleire område, og motsette seg nye liberaliseringstiltak før verknadene av allereie inngåtte avtalar var skikkeleg drøfta. Men på Doha-møtet møtte dei lite forståing frå Bush-regjeringa og frå EU- kommisjonen sin forhandlingsleiar, handelskommissær Pascal Lamy. USA og EU både truga med å halde tilbake bistand og lokka med gunstige særvilkår og bilaterale avtalar for å splitte Sørfronten. Kort etter 11. september 2001 blei dessutan terrorisme og motstand mot ytterlegare liberalisering sett på som to sider av same sak. (Doha vil bli hugsa for at både i-land og u-land valde handel framfor terrorisme, uttalte landbrukskommissær Franz Fischler.) I den grundige studien Behind the scenes at the WTO, skriven av Fatoumata Jawara og Aileen Kwa frå organisasjonen Focus on Global South, fortel
ei lang rekkje statsrådar og diplomatar frå land i Sør om dei pressmidla og skitne triksa («bullying») dei blei utsette for. For å få gjennom viljen sin prøvde USA og EU å kalle den nye forhandlingsrunden for ein «utviklingsrunde». Dette har openbart vore nok til å få Thorbjørn Jagland til å tru at EU kjempa for utviklingslanda sine krav og var deira støttespelar i Doha.

GATS SOM DØROPNAR FOR PRIVATISERING
Uavhengig av toppmøta held forhandlingane fram i WTO – om ytterlegare liberalisering innanfor ramma av allereie inngåtte avtalar. Det mest kjende dømet på dette er utvidinga av tenesteavtalen (GATS-avtalen), som har til føremål å opne stadig nye tenesteområde (finanstenester, tele- og energisektoren, transport, turisme, bank- og forsikringsvesen, vass- forsyning, helsevesen og utdanningstenester) for likehandsaming av nasjonale og utanlandske selskap. Avtalen blir også brukt som ei brekkstong for å krevje meir omfattande privatisering. Allereie då rammeavtalen blei inngått i 1995, stod EUkommisjonen fram som ein spydspiss for liberalisering og privatisering, dvs. at dei i praksis stod for akkurat det motsette av å
«gjenvinne kontrollen over kapital kreftene». Det var sjølvsagt ikkje tilfeldig ettersom mange av dei mest offensive selskapa innanfor tenestesektoren er gigantar frå EU-land. Eit nærliggjande døme på dette er bank- og finanstenester i regi av mellom anna Dresdner Bank, Deutsche Bank, Standard og Barclays. Det er også sterke band mellom Brussel og lobbyorganisasjonen European Services Forum, som i røynda blei oppretta etter initiativ frå EU-kommisjonen.

Som ei vidareføring av GATS-avtalen la alle statar i 2002 fram ei liste over område i andre land som dei ønskte å opne for liberalisering og friare spelerom for utanlandske selskap. Ifølgje serien av dokument som har leke ut, køyrde EU – som altså her er som ein stat å rekne – fram forhandling- skrav overfor i alt 109 land, der dei fleste er utviklingsland. Eit av hovudområda er krav om å sleppe utanlandske selskap til innanfor vassforsyning. Dette er eit område som internasjonalt allereie er dominert av mektige EU-selskap som Vivendi, Suez og RWE/Thames Water. Vi ser det same når EU kjempar for å utvide avtalen om vern av patent og «intellektuelle
rettar» (TRIPS-avtalen) for å sikre interessene til megaselskap innanfor bioteknologi. Her er EU ein steil motpart til land i Sør som meiner at eit slikt regelverk er i strid med FN-konvensjonen om biologisk mangfald. Det siste har også vore Noregs standpunkt i internasjonale forsamlingar, sjølv om vår
rolle som pådrivar er svekt gjennom ja-partia sitt tragiske knefall for EØS- direktivet om patent på liv.

SLAGET I CANCUN
Det neste slaget om WTOs framtid stod som kjent på toppmøtet i Cancun i september 2003. I tillegg til at det framleis var harde dragkampar på velkjende område, slik som landbruk, stod striden også denne gongen om ein skulle starte forhandlingar på endå fleire område. Allereie i Doha to år tidlegare
pressa USA og EU på for eit vedtak om forhandlingar om mellom anna investeringar, innsyn kring offentlege innkjøp og felles konkurransereglar. Særleg har EU-kommisjonen stått i første rekkje i kampen om ein
investeringsavtale som sikrar storselskapa sine interesser, og som i praksis vil ta frå land i Sør retten til slike reguleringar som mellom andre Noreg har nytta i oppbygginga av ein nasjonal oljeindustri. Som kompromiss måtte USA/EU i Doha nøye seg med ei fråsegn om at slike forhandlingar først kan bli innleidde dersom det er full semje om dette på det komande toppmøtet i Cancun.

I det siste halvåret før Cancun-møtet blei det klart for alle at det ikkje var grunnlag for nokon utvida forhandlingsrunde om nye tema. Det kom ikkje minst fram gjennom eintydige vedtak frå gruppa av dei 49 minst utvikla landa (Least Developed Countries) og frå toppmøtet i Den afrikanske unionen
(AU). Som om det ikkje var nok, kom den same bodskapen frå den store gruppa av tidlegare koloniar som har ein særavtale med EU (sjå nedanfor). Mot denne bakgrunnen skulle ein kanskje tru at EU ville dempe iveren sin etter å presse gjennom forhandlingar på dei nye områda. Men i staden for å lytte
til og respektere den klare oppfatninga frå Sør valde EU også denne gong eit offensivt råkøyr. (Igjen valde altså EU-kommisjonen å spele på lag med USA framfor å vere ei motvekt). Det forslaget til forhandlingstekst som WTO- leiinga la fram til slutt, var hundre prosent i samsvar med den strategien
som EU-kommisjonen ønskte seg. I siste augneblink sa rett nok handelskommissær Pascal Lamy seg villig til å droppe nokre av dei fire nye emna, men det var for lite og for seint.

Når ein samla Sørfront ikkje let seg skvise ein gong til, har det også samanheng med at EU sine mange løfte om vesentleg omlegging av landbrukspolitikken er lite verde. At alle industriland opererer med høge toll- og kvotemurar, er velkjent, det gjeld også vårt eige land. Massemedia er mest opptekne av at utviklingsland har avgrensa «marknadstilgang» i Nord, men for mange utviklingsland er hovudproblemet at EU brukar massive eksportsubsidiar for å dumpe sukker, korn, kjøt og meieriprodukt på verdsmarknaden. Når EU bruker milliardar av euro på å kvitte seg med sitt overskotslager av sukker, blir småbøndene i Mosambik og Zambia drivne
ut i arbeidsløyse og svolt. Når EU sel lågpriskjøt i Vest-Afrika, blir kvegbøndene pressa ut av sin eigen heimemarknad. Når EU dumpar mjølkepulver i Karibia, utkonkurrerer dei lokale produsentar. Dette betyr i
praksis av småbøndene ikkje får «marknadstilgang» i sitt eige land. EU har ikkje bare galne kyr, men også heilage kyr. Dei får to euro om dagen, det er meir enn halvparten av folketalet på jorda har å leve for.

KVA KAN «UTANFORSKAPET» BRUKAST TIL?
Sidan WTO blei oppretta for ti år sidan, har det som kjent vakse fram ein gryande og verdsomspennande motstand mot ei form for økonomisk globalisering som er styrt av storselskap og mektige industriland. Verdas
Sosiale Forum, som sist blei arrangert i Mumbai (Bombay) i januar i år, er det mest kjende symbolet på dette. Ein samla front frå Sør på WTO-toppmøtet i Cancun er eit vitnesbyrd om det same. Ikkje minst er det viktig at Brasil, India, Kina og Sør-Afrika har inngått eit sterkare samarbeid seg imellom.
Det betyr at det ikkje er mangel på alliansepartnarar og forbundsfellar for dei
som ønskjer seg alternativ til USAs og EUs dominerande makt i verdssamfunnet.

Ein viktig føresetnad for å vere med på å utvikle alternativ er tilgang til å tale med eiga stemme på toppmøte og i internasjonale forsamlingar. Her er det grunn til å minne om det som hende på FN sin store miljøkonferanse i Johannesburg i 2002. Resultatet av ein iherdig innsats frå Børge
Brende og Hilde Frafjord Johnson, saman med mellom andre Etiopia og Sveits, var at konferansen i siste augneblink blei redda frå eit forslag om å la miljøreglane vere underordna WTO-regelverket for fri handelsflyt. Dette forslaget bygde på eit bakgrunnsdokument som stamma frå EU og USA, og som hadde som mål å la omsynet til like konkurransevilkår og fri kapitalflyt
gå framfor omsynet til miljø og andre samfunnsinteresser. «Norge hindret noe som kunne være fatalt, jeg skulle ønske det var flere land som Norge,» uttalte Mark Malloch Brown, leiaren for FNs Utviklingsprogram (UNDP). Det skjedde fordi Noreg brukte sin uavhengige posisjon ope og under full
mediedekning, med tilgang til å danne alliansar som etter kvart også tvinga EU til å gi etter. Sjølvsagt er det altfor få døme på kva «utanforskapet» kan brukast til, men det kan umogleg vere noko argument for å gi frå seg denne sjansen for alltid.

FRÅ BISTAND TIL FRIHANDELSAVTALAR
I diskusjonen om EU, globalisering og forholdet til den tredje verda er det nokre som trøstar seg med at EU i alle fall er verdas største bistandsgivar. No er det sjølvsagt mykje viktigare med rettferdige handelsreglar, sletting av gjeld og anstendige råvareprisar, men bistand kan også kome godt med. Det er riktig at dei mange medlemsstatane i EU til saman gir meir enn vesle Noreg gjer åleine, det kan ikkje kome som ei overrasking. Men det vanlege målet er bistanden sin del av bruttonasjonalproduktet, der talet for EU er 0,33
prosent, det vil seie 33 øre av kvar hundrelapp. Noreg har så visst ikkje mykje å skryte av, men i overkant av 0,9 prosent er i alle fall ikkje mindre enn 0,33 prosent. Dessutan har det gjennom heile 1990-talet vore ein dramatisk
nedgang i EU-landa sin bistand til dei aller fattigaste delane av verda. Tala er klare: Den delen av EU si utviklingshjelp som går til Afrika sør for Sahara, har falle frå ca. 60 prosent i 1989 til ned mot 25 prosent i 2002, medan det har vore ein tilsvarande auke til Balkan- og Middelhavsområdet som førebuing
til medlemskap. Det som blir omtala som eit «solidaritetsprosjekt», byggjer altså på at smular frå Brussels bord blir overførte frå fattigfolk i Afrika til nye medlemsland. (Det er elles knapt noko EU-land som per innbyggjar yter større bidrag til dei nye medlemslanda enn det Noreg gjer.) Ein slik tendens speglar
ei generell tilpassing av bistanden til det som er ein felles EUs utanriks- og tryggleikspolitikk i nærområda, det vil seie der unionen sine eigeninteresser har forrang. Derfor blei også EUs ministerråd for utvikling nedlagt i 2002, og lagt under Rådet for unionens utanrikspolitikk. Det er i det minste ærleg.

Dei som leiter etter lys i mørket, trekker særleg fram det nære samarbeidet mellom EU og 77 tidlegare koloniar i Afrika, Karibia og Stillehavsområdet, dei såkalla ACP-landa. Det er riktig at denne avtalen, som fram til 2000 heitte Lomé-avtalen, hadde ein del positive trekk. Men den har no gått over i
historia, og det nye avtaleverket – kjent som Cotonou-avtalen – stiller langt meir ubarmhjartige vilkår om liberalisering, privatisering, investeringsavtalar og marknadstilgang for EUs eksportprodukt. Det som EU-kommisjonen ikkje får gjennom i WTO, freistar dei å presse inn bakvegen gjennom bilaterale
avtalar med land som er bistandsavhengige. Når forhandlingane no er innleidde om slike avtalar (Economic Partnership Agreements), har det frå fleire hald kome uttrykk for uro for at desse går endå lenger enn dei rådande
WTO-reglane. Ein sentral økonomisk rådgivar for afrikanske land, Yash Tandon, har formulert det slik: «Se på EUs foreslåtte frihandelsavtale,
Cotonou-avtalen, den er like farlig som den foreslåtte WTO-avtalen vi forkastet. EU prøver å tvinge på oss det vi akkurat har avvist, og EU er sterk i Afrika» (Klassekampen, 31.10.03). Slik bruker EU også bistanden sin
til å presse gjennom fiskeriavtalar, der skip frå EU-land støvsugar hava utanfor Mauritania, Senegal og Guinea.

For dei som omtaler EU som eit solidaritetsprosjekt, er det ikkje mykje hjelp å
hente frå skildringane av EU sin Sør-politikk som blir gitt av bistands- og solidaritetsorganisasjonar innanfor EU-området, slik som Oxfam, Christian Aid og World Development Movement. I deira talrike analysar og utgreiingar blir det teikna eit heilt anna bilete enn den idylliserande skjønnmalinga som norske EU-forkjemparar opererer med i sine skrifter. Så lenge den norske ja-rørsla ikkje er i stand til å gi konkrete døme på korleis EU har vore brubyggjar mellom Nord og Sør, eller har stått på utviklingslanda si side
når det har vore globale interessekonfliktar, held dei seg meir til eigne luftige tesar og eit oppdikta «Annleis-EU» enn til røynda. Det lovar ikkje bra for den komande debatten om norsk unionsmedlemskap.
Av Tore Linné Eriksen

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07