Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Eg har framleis makta
21.05.05- Charlene Smith
Kvart 26. sekund blir ei kvinne i Sør-Afrika valdteken.
Sist torsdag var det min tur.

FØR EG BEGYNTE Å SKRIVE DETTE,tok eg AZT, 3TC og Crixivan.
Det er antivirus-medisin,og vonleg minskar dei faren for at eg får aids frå valdtektsmannen. Eg går ut ifrå at han er hiv-positiv. I eit land der 1800 menneske får hiv kvar einaste dag, gamblar eg ikkje med sjansen for at han ikkje har det. Men vanskane eg har hatt med å få tak i medisinen, og den behandlinga eg fekk av helsepersonalet på private sjukehus og på det lokale legekontoret, er verdt ein tiltale mot den medisinske profesjonen og helsepolitikken i dette landet.

Eg må ta desse medisinane i ein månad. Innan to veker kjem eg til å bli veldig sjuk og deprimert. Behandlinga kostar meg 4500 kroner. Eg arbeider som frilansjournalist, og har berre forsikring for sjukehusinnlegging, ikkje dette. I tillegg til antivirus-medikamenta tar eg antibiotika i tilfelle valdtektsmannen hadde andre kjønnssjukdommar enn hiv/aids. Lokallegen, som var ei stille kvinne frå Kongo, innrømte at ho sjølv må gå i terapi for å takle alt ho opplever. Ho gav meg også «dagen derpå»-piller sidan eg blei valdtatt mens eg hadde eggløysing. Dessutan gav ho meg tolv andre piller eg må ta til same tid, eg veit ikkje kva dei er for. Eg må ha piller for å sovne, og roande middel for dei gongene eg blir veldig redd og græt.

Sidan valdtekta har eg ofte følt meg kvalm, og eg har vondt i magen der han slo meg. Men det kjennest også som om eg har noko frykteleg i magen eg ikkje kan bli kvitt, eg skulle ønskje nokon kunne skrape ut innsida mi. Då eg fortalde ein mannleg venn om hendinga, byrja eg å spy. Om to veker kjem eg til å trenge Valoid fordi antivirus- tablettane innan den tid kjem til å gjere meg konstant kvalm.
*

Slik skjedde valdtekta: Eg kom heim halv ni om kvelden. Eg hadde vore saman med eit fransk TV-team som eg hadde assistert. Eg var trøytt. Dei tre hundane mine oppførte seg som vanleg. Eg opna døra, gjekk inn, og låste ho igjen. Eg la merke til at det var fleire lys på enn eg hadde late vere på, og ei dyr, sennepsfarga jakke i saueskinn som eg hadde kjøpt i Argentina, låg midt på stuegolvet. Eg trudde at sonen min hadde kome heim og hatt bruk for ei varm jakke, og at han, av uforståelege grunnar, hadde lagt jakka på golvet. Eg gjekk til rommet hans og la merke til at alle lysa var på i staden for berre lampa. Eg let dei vere på.

Eg gjekk inn på rommet mitt, la veska, bilnøklane og mobilen på ein stol ved sida av telefonen, og gjekk inn på toalettet mens eg sparka av meg skoa. Då eg skulle til å spyle ned i toalettet, sto han ei kort stund i døra som om han ville bli beundra i jakka. Eg begynte å skrike. Han gjekk mot meg med ein stor argentinsk gaucho-kniv i sølv som vanlegvis er utstilt saman med bilde i stua.

– Ver stille, eg har ein kniv, sa han.
Ingen vanleg kjøkkenkniv på den mannen.
Eg lystra. Han dytta meg inn på badet og heldt kniven nær meg:
– Kvar er pengane?
– Eg har ingen, sa eg. – Eg er fattig.
Han såg i veska mi. Eg hadde 15 kroner, han blei rasande og heiv veska på golvet.
– Er det alt?
– Ja, svarte eg.
Han ville ha minibankkortet mitt, og eg gav det til han.
– Gi meg koden, og ikkje lyg, sa han.
Eg gjorde som han sa.
– Eg kan køyre deg til ein minibank, sa eg. (Eg ville berre ut av huset)
– Nei, sa han. Han kneip meg hardt i armen. Det gjer framleis vondt.
– Kjem det nokon?
– Ja, svarte eg.
– Kva tid?
Eg tenkte at om eg fortalde han at nokon snart kom, kunne det vere han fekk panikk:
– Om ein time eller to.
– Er det mannen din?
– Ja.
– Kvar er sonen din?
– Han overnattar hos venner i natt.
– Ikkje flytt deg, eg skal binde deg.
Han opna skapet. Han kjem til å binde meg med skjerf og strømper, tenkte eg. Men dette var ein mann som hadde førebudd seg mens han venta på at eg skulle komme tilbake:
Tjukk maskeringsteip som vanlegvis er i eit kjøkkenskap, låg på nattbordet. Han batt hendene mine bak på ryggen, og snurra teipen rundt og rundt handledd og hender.
– Først, sa han, – skal vi ha sex.
Han var ein høg mann, rundt to meter, pen, ikkje så mørk hud, dei lysare fargane til ein xhosa eller tswana, med ein tynn bart. Auga var svakt mandelforma. Han hadde ein tynn gullring i det venstre øyret, han hadde ein langarma grøn pologenser av høg kvalitet og dyre, brune kordfløyelsbukser. Han tok av meg buksene og underbuksa, og opna smekken.
*

Ein laurdags formiddag omtrent ei veke før hendinga ringde telefonen. Eg svarte, og ei djup mannsstemme sa:
– Hei fru Smith, korleis har du det?
– Kven snakkar eg med, svarte eg.
– Aron, svarte han.
– Korleis kan eg hjelpe deg?
– Eg har følgt med deg lenge. Eg elskar deg.
Eg la på røyret. Stemma hans uroa meg.
Eg ringte til Parkview-politiet og snakka med overkonstabelen på vakt, som sa at dei ikkje kunne gjere noko. Viss eg ville, kunne eg ringe Telkom, telefonselskapet, og be dei avlytte telefonen min. Eg gjekk ut, og då eg seinare kom heim, hadde den same mannen lagt igjen beskjed på telefonsvararen min:
– Viss du ikkje vil snakke med meg, skal eg knulle deg.
*

Han dytta meg ned på senga. Eg kunne hugse å ha lese om ei kvinne som sa til mannen som skulle til å valdta henne, at ho hadde aids, og at han då hadde stoppa. Eg prøvde det same.
– Eg skal bruke kondom, svarte han.
Han gjorde ikkje det. Han fekk ikkje full ereksjon. Eg var veldig tørr, noko som gjorde det vanskeleg å trengje inn. Han byrja å banne. Han må føle at han har kontrollen, tenkte eg, og prøvde å roe han:
– Det er ikkje din feil, det er aids-en som gjer meg slik.
– Kor gamal er du, spurde han.
Eg laug og sa eg var mykje eldre enn det eg er. Det slo meg at han visste at kvinner i overgangsalderen kunne vere tørre. Ei venninne er ueinig, ho meiner at han trudde at eldre, kvite kvinner sjeldnare er hiv-positive.
Ver roleg, ver roleg, tenkte eg mens eg låg der. Han gjorde seg ferdig og drog opp smekken.
– No går eg og finn pengane, men det vil berre ta femten minutt, gjer ikkje noko dumt, for då drep eg deg.
Han tok teip over auga mine og rundt hovudet mitt.
– Ikkje ta teip over nasen min, for då kan eg ikkje puste, sa eg.
Han tok han over munnen og rundt hovudet, batt oklene og knea. Heile tida mens han gjorde det, snakka eg til han med ei roleg, låg stemme.
*

(Då eg hadde skrive så langt som hit, begynte hjartet mitt å slå kraftig, og eg spydde. Sonen min fann meg samankrøkt og gråtande ved sida av toalettet. Det var blitt natt, og badet såg likeins ut som då valdtektsmannen kom. Eg heldt fram med å skrive om morgonen etter ei natts søvn, godt hjelpt av roande midlar, sovepiller, den nye 24-timars tryggleiksvakta, og det nye alarmsystemet som ein venn hadde installert. Ein vennleg nabo har skifta ut låsen på dørene.)
*

Eg kunne høyre at han rota gjennom veska mi:
– Har du ikkje kredittkort eller andre bankkort?
– Nei, eg fortalde deg at eg er fattig.
Eg kunne høyre at han tok mobilen min. Han løfta meg opp som om eg ikkje vog noko som helst (eg er 1,62 høg og veg 57 kilo):
– Eg skal stenge deg inne på toalettet så du ikkje prøver deg på noko.
Fingeravtrykka på døra viste at han hadde store hender.
Han la meg på golvet. Eg innser at eg må ha sett ut som eit offer der eg sat samankrøkt med senka hovud over bøygde kne. Stillinga var ikkje eit teikn på underkasting, men eit forsøk på intens konsentrasjon for å høyre og analysere kvar ein lyd.
– Eg drar, det tar berre 15 minutt.
Han lukka døra, men låste henne ikkje, noko som fortalde meg at han kom til å forlate huset med ein gong. Eg kunne høyre at han løfta dei kinesiske vasane i stua – han leita framleis etter pengar – men han let den berbare pc-en som låg på senga der han valdtok meg, liggje. Han let ein radio i stua vere, ein splitter ny terrengsykkel, og antikke øyreringar som eg hadde på meg. Han tok av meg klokka, men heiv henne frå seg på golvet.

Det verkelege motivet hans var ikkje tjuveri, sjølv om han tok med seg ei kinesisk silkematte frå soveromsgolvet, mens han let eit indisk dhurrie-teppe vere igjen. Han hadde dyr smak, eg følte instinktivt at han tok ting som trofear, dette var ikkje noko han kom til å prøve å omsetje. Han var ikkje den vanlege tjuven eller valdtektsmannen. Han var velformulert, han må ha ei relativt god utdanning. Han var rein. Han hadde planlagt alt veldig godt.
Han kjem tilbake til badet:
– Kvar er nøklane til inngangsdøra?
Eg kan ikkje snakke, så eg prøver å gestikulere eit svar med hendene.
– Du er ikkje bunden godt nok.
Han kjem tilbake med meir maskeringsteip som han surrar rundt handledda og oklene.

Eg ventar ei stund i tilfelle han kjem tilbake, før eg begynner å kjempe meg laus. Eg er ikkje særleg fysisk sterk, eg får alltid menn til å opne lokk på glas og hermetikkboksar. Den første sigeren kjem når teipen rundt oklene mine losnar, og deretter rundt knea. Eg kan ikkje sjå kva for eitt av dei to bada eg er i, men eg gjettar. Eg baksar rundt med auga teipa igjen, eg må få hendene fri, det er utruleg vanskeleg, og på eit tidspunkt stoppar eg, eg er fullstendig utsliten, eg er livredd, eg vil helst gi opp. Men eg tenkjer at om eg gir opp, vil han kome tilbake og drepe meg. Eg held fram, og til slutt får eg frigjort ei hand. Eg dyttar unna teipen over auga mine, eg riv av meg teipen over munnen, men eg får ikkje den andre handa laus. Ho er bunden ikkje berre til ryggen, men på eit merkeleg vis også til jakka mi, han har bunde henne på eit vis som gjer at ho framleis hindrar meg. Eg ignorerer handa og begynner å sparke i døra. Eg innser at eg ikkje er sterk nok til å få henne opp. Eg opnar vindauget og begynner å røske i innbrotsbjelkane. Eg vil aldri klare få dei laus.

Eg skrik: – Hjelp meg, kan nokon vere så snille å hjelpe meg –-
Eg har ei svak stemme og ikkje ein gong når eg skrik, blir ho særleg sterk. Han har lagt meg på det midtarste badet som er lengst vekk frå naboane. Dessutan er det starten på ei langhelg, så naboane kan ha reist bort. Ikkje eingong bikkjene bjeffar. Ingen høyrer meg. Eg sparkar meir i døra.
– Kjære Gud, la meg leve, ber eg andpusten.
Lysa er av, men eg leiter meg fram i baderomsskuffene etter noko eg kan knuse vindauget med. Kanskje lyden vil bere lenger enn stemma min. Dei første boksane eg prøver, har ingen verknad, til slutt er det ein eg klarer å knuse ruta med. Eg held fram med å slå glaset ut av vindaugsramma.
– Hjelp meg, ver så snill å hjelpe meg.
Eg tenkjer på drapsoffer, dei må ha følt det på same vis før dei har døydd. Eg ser eit lys frå utelampa til naboen, men eg veit at det blir tent automatisk. Natta er mørk og utan ein lyd.

Eg klarer ikkje å slå ut det øvste vindauget, eg har snart ikkje fleire krefter igjen. På eit tidspunkt er munnen min knusktørr, og det kjem ikkje ein lyd frå leppene mine. Eg drikk vatn frå springen og held fram å rope. Plutseleg ser eg lys frå ei lommelykt og mannsstemmer frå baksida av huset. Først blir eg livredd, er det han som kjem tilbake? Så kjenner eg igjen stemma til ein nabo.
– Kva er gale, spør han.
– Ring politiet, roper eg. – Eg har blitt valdtatt, han har ein kniv, ver så snill å få meg ut herifrå, han kjem tilbake. Ver forsiktig, han har kniv…
Dei klarer å kome seg fram til vindauget.
– Ver så snill å få meg ut. Eg er innestengd på badet, og eg er livredd.
– Vi har ringt politiet. Korleis kjem vi oss inn i huset, spør dei.
– Eg veit ikkje, bryt opp døra eller vindauget, men få meg ut.
Sekund seinare høyrer eg stemmer i gangen. Eg blir redd igjen, det må vere han som har kome tilbake. Men det er dei. Bakdøra var vid open. Han har altså klart å kome inn gjennom ei stengd dør inne i huset utan at ho ber nokon teikn på det.

Dei opnar døra og ser skremde på meg. Eg har berre på meg ein lang overdel, underkroppen min er naken, eg har maskeringsteip over heile hovudet og kroppen. Den venstre armen min blør der han skar meg med kniven, men han er framleis bunden fast på jakka og ryggen min, så eg har vanskeleg for å røre meg. Eg græt:
– Eg er veldig lei for det, men han valdtok meg, og eg har ikkje kleda mine her.
Den kvite naboen min går for å hente kona si. Den svarte naboen min får tak i ein reiskap, og med den største varsemd skjer han laus handa mi.
*

Eg fortel kva for rase naboane mine har, fordi valdtekt handlar ikkje om rase, som nokre sørafrikanarar trur. Det handlar ikkje om kva menn gjer. Det handlar berre om kva nokre sjuke individ gjer, det har ingenting å gjere verken med rase eller det mannlege. Faktisk behandla menn meg stort sett
betre enn kvinner den natta.
*

Politiet kjem. Eg kan sjå at dei er sjokkerte. Dei spør meg om detaljar, eg er framleis overraskande roleg. Eg veit det er viktig at eg er det. Straks begynner dei å sende ut detaljar over politiradioen, og ein køyrer av garde. Kona til naboen kjem og held rundt meg, eg vil ta på meg klede, i det minste undertøy, men ho rår meg til ikkje å gjere det, og finn ei badekåpe til meg. Eg fortel dei om igjen og om igjen at eg må få AZT raskt så eg ikkje får hiv. Eg finn fram nummeret til legen min, men han er bortreist i helga. Eg ringer ein nær venn, men får berre telefonsvararen. Eg ringer til ei anna og fortel kva som har skjedd og spør om ho kan finne legen min. Ho er bekymra og forvirra. Eg fortel at eg har det bra, eg treng berre AZT.

Politiet ber meg om ikkje å fjerne resten av maskeringsteipen fordi dei vil leite etter fingeravtrykk på han. Ein ung politiassistent tar meg med på utsida, ein nabo og kona hans køyrer forbi, stoppar og spør ein av dei som redda meg, kva som har hendt, han svarer dei lågt. Ein annan nabo kjem også. Gatene er mørke, og eg veit ikkje om han er der ein stad og følgjer med meg. Eg er ubeskriveleg redd. Det gjer ingenting at naboane får vite kva som har skjedd, dei og familiane deira må vite om faren i eit elles så roleg område. Men eg vil ikkje at nokon skal sjå på meg.

Eg har alle detaljane i medisinforsikringa, politiet har tatt kontakt med sjukehuset og fortalt dei at eg er eit valdtektsoffer (som eg hatar ordet offer), og at eg vil ha AZT. Eg hatar å gå ut av bilen og passere alle menneska i akuttmottaket. Dei stirer på meg, den venstre armen min er smurd inn med størkna blod, eg har på meg ei badekåpe og har maskeringsteip i håret, rundt handledda, oklene og knea. Ein ung sjukepleiar viser meg inn i eit avlukke og forlet meg. Eg vil ikkje liggje på senga, eg vil ikkje ha noko med senger å gjere. Eg kjenner noko fuktig mellom beina, sjølv om eg ikkje trur at han fekk utløysing. Eg innser at eg står vend mot veggen med hendene i sida mens eg repeterer lågt for meg sjølv: – Eg er live, eg er i live.

Den unge sjukepleiaren kjem inn, trekkjer meg forsiktig bort frå veggen og legg armane kring meg.

Ein mannleg sjukepleiar kjem, og eg innser at eg trekkjer meg sakte baklengs unna han. Eg ser det bekymra ansiktet hans, og klarer å stoppe. Dette er ikkje hans skuld. Eg må halde kontrollen. Eg ber om at dei må vere så snille å fjerne teipen, dei spør politimannen, og han går med på det. Han veit det gjer meg uroleg. Dei legg teipen i ein plastikkpose for å bruke han som bevis.

Etter ein halv time følgjer dei to sjukepleiarane meg ut til politibilen og fortel meg at eg først må dra til den lokale legen. Den mannlege sjukepleiaren gir meg eit telefonnummer for valdtektsoffer. Politimannen fortel meg at sjukehuset nekta meg AZT fordi forsikringa mi berre dekkjer innlegging, og eg skal ikkje innleggjast. Dette trass i at eg har blitt behandla for hjarteproblem på dette sjukehuset tidlegare. Sist gong var i september, då hadde eg ikkje forsikring i det heile, men eg betalte heile rekninga på forfallsdato. På sørafrikanske private sjukehus er økonomi viktigare enn liv. Den unge politimannen er bekymra for meg. Han var så vennleg at han skulle hatt ein medalje for det. Han køyrer til lokallegekontoret i Hillbrow – det er som å gå inn i ei scene frå dei tristaste og skumlaste sidene i George Orwells 1984.

Vi kjempar for å få lov til å komme innanfor portane, og køyrer i mørkret til baksida av det tomme sjukehuset. Høg musikk dunkar frå ein fest i nærleiken. Det finst ikkje lys utanfor kontoret til lokallegen, inga klokke å ringe på, politimannen bankar på vindauget inntil to tryggleiksvakter kjem og kjempar for å få opna døra. Vi går inn. Ein politimann frå barnevernet er der, dei undersøkjer eit barn under atten som har blitt valdtatt.

Belysninga er svak, det liknar ein flyplass i den tredje verda. Det finst ikkje telefon, ikkje vatn eller te eller noko anna for offera eller politiet. Fleire benker er skyvde mot veggen saman med skap, pultar, det liknar på eit møbellager, eit smalt trepanel vernar offera mot nysgjerrige auge. Pamflettar med titlar som «Realising Our Hopes», Nelson Mandelas siste tale, er strødde utover det eine bordet. Det finst også foldarar om Rosebank vaksinasjonskontor, men ingenting om korleis ein skal takle eit seksuelt overgrep.

Dei har ikkje AZT der. Korleis kunne eg gløyme at minister Nkosazana Zuma, ei kvinne, ikkje vil tillate regjeringa å gi AZT til valdtektsoffer eller gravide kvinner for å redusere faren for at dei overfører sjukdommen til barna sine. Valdtektsforbrytaren skjenkjer offera dødsdommen, og staten, som nektar offera livsviktige medisinar, er bøddelen. Eg trudde at dødsstraff no var forbode?

Politibetjentar frå gruppa for seksuelle brotsverk kjem for å ta forklaring. Dei vil at eg skal undersøkjast av lokallegen. No har det gått to timar sidan valdtekta. Eg nektar å gjere noko før eg får AZT, som min reddande engel frå politiet har oppdaga finst på Garden City Clinic. Eg har forsikringsbevis frå Medical Rescue International i veska mi. Eg ringjer til dei, fortel kva som har hendt, dei lar meg vente mens dei snakkar med politibetjenten og avtalar å ordne med betaling. Viss eg ikkje har hiv, er det fordi Medical Rescue International og ein omsynsfull ung politimann brydde seg.

Politimannen køyrer meg til klinikken. Han tar resepsjonisten til side og fortel kva som har hendt og gir namnet på kontaktpersonen på klinikken som har godkjent at eg skal få medikamenta. Resepsjonisten er ung med langt mørkt hår og snurpa munn. Ho bestemmer seg for å bli byråkratisk og seier at ho ikkje kjenner til nokon med eit slikt namn. Dette er klinikken som ville ha tatt imot valdtektsmannen og behandla han på statens kostnad utan å stille spørsmål om eg hadde såra han og om han hadde blitt arrestert. Eg blir desperat, og bøyer meg fram:

– Vi snakkar om livet mitt, minner eg ho på. – Det må finnast nokon som kan ta hand om dette. Finn han.

Ho viser oss til akuttmottakinga. Ein sjukepleiar der er også i det byråkratiske hjørnet. Eg tar tak i ein lege som passerer, og fortel han at eg treng hjelp, han seier at han ikkje kan hjelpe, og at legen som leier avdelinga, held på å sy ein pasient. Eg blir trugande. Han går inn til sjefslegen, som kjem ut, og eg fortel kor lang tid som har gått sidan valdtekta, og at eg treng AZT raskt. Dei andre på mottaket kan berre sjå på. Legen bestiller medikamenta, og seier at ei anna kvinne som har blitt stukken med ei nål, også treng AZT, og at dei har sendt bod på farmasøyten.

Klokka er no eitt om natta, vi drar tilbake til lokallegens kontor. Ingen spør kva eg heiter eller prøver å vere vennleg, for dei er eg berre endå eit offer, så eg tar sjølv initiativet. Eg blir undersøkt, utstryk blitt tatt, eg fortel om armen min, og at eg har smerter i magen. Legen undersøker blåmerka mine, berre nokre få er synlege. Eg spør om å få gå på toalettet, eg har ikkje fått lov til det i heile kvelden. Det finst ikkje toalettpapir, så eg får eit bind til å tørke meg med. Eg spør om eg endeleg kan få vaske hendene, og gjer det.

Den unge politibetjenten køyrer meg heim nærmare to om natta. Dei to politibetjentane frå gruppa for seksuelle brotsverk ventar utanfor huset. Det har gått fem og ein halv time sidan valdtekta, og på den tida har 7200 andre kvinner blitt valdtatt i Sør-Afrika. På same tid har den unge politimannen funne ut kvar sonen min er, og sørgt for at han er trygg, han har kontakta mine næraste, han har ordna med ei vakt utanfor huset mitt, skifta ut låsane, og har utan knussel vist omsorg og bekymring.

Det er støv frå det sølvgrå fingermerkemiddelet i heile huset. Betjentane går saman med meg gjennom huset mens dei høyrer på historia mi. Først ringde dei for å sperre mobiltelefonen og bankkorta mine. Telefonselskapet Vodacom som kunne ha spora området i nærleiken etter bruk av mobiltelefonen, seier dei treng løyve frå selskapet Teljoy. Det er ingen som tar telefonen hos Teljoy, og Vodacom seier dei ikkje kan gjere noko. Takk for hjelpa i kampen mot kriminalitet, Vodacom og Teljoy.
*

Det som skjedde med meg, er ikkje halvparten så ille som det som skjer med andre valdtektsoffer, men det er framleis vanskeleg å kome seg gjennom dagane. Politifolka var veldig hjelpsame. Private klinikkar og kontoret til lokallegen var ei skam. Kvifor viser dei ikkje meir medkjensle overfor offera i eit land med så mange valdtekter? Det faktum at antivirus-medikament ikkje er tilgjengelege straks og gratis, er kriminelt.
*

Den tredje natta etter valdtekta ligg eg og prøver å sove mens eg tenkjer på den ofte siterte utsegna til organisasjonar som hevdar at valdtekt handlar om menn som vil utøve makt over kvinner. Eg trur det er feil. Det fanst berre ein person med makt då eg blei valdteken, og det var eg som klarte å vere roleg, mens eg heile tida let han tru at han hadde kontrollen over situasjonen. Kva for makt hadde han? Ein kniv. Eit våpen gjer deg ikkje mektig, det er berre dei svake som må ty til våpen, vald og makt.

Han var ein pen mann, mange kvinner ville ha meint at han var attraktiv, kvifor trong han å gjere dette? Sanninga er at han ikkje treng det, det er mange stader han kan få hjelp. Eg er lei meg for at han, som så mange andre, ikkje har mot til å oppsøkje denne hjelpa.

Han tok meg aldri til fange, for hjernen min var sterk og klår. Det er tider no, og det vil bli tider seinare, der eg kjenner meg deprimert og redd. Men han kan ikkje fengsle sjela mi. Eg har makta. Han vil aldri bli så mektig som eg. Sjølv om han hadde drepe meg, ville han ha sete igjen med vissa om at det er eg, og dei andre han har valdtatt før meg, som sit med makta.

Og om eg har hiv? Eg ber om at det ikkje er tilfelle, men eg trur at alt som skjedde, hadde ei årsak, og at Gud har sendt meg denne utfordringa så eg kan vende det vonde til det gode, og det er grunnen til at eg fortel om det no. Valdtektsoffer er ikkje statistikk, vi er menneske, dette er vår historie. Vi har ingen grunn til å skamme oss, det er dette såkalla moralske samfunnet som ikkje gjer noko, som burde skamme seg.

Omsett frå engelsk av Teresa Grøtan


Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07