Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Språkpolitikk og kvardagslukke (4/08)






Den ferske utgåva av tidsskriftet Syn og Segn har ein god miks av artiklar om kultur, poltikk og samfunn. Helge Torvund skriv om glede og lukke i poesien.

Sylfest Lomheim tar for seg norsk språkpolitikk anno 2008. Vi får historia om den ukjende skidronninga Johanne Kolstad og blir med på traktorråning på Jæren.

Blåmann og bjørnen. Språk og språkpolitikk i 2008
Stortingsmeldinga om språk i 2008 er historisk. Grepa som meldinga omtaler er framifrå, analysane rette, prioriteringane strategiske. Men blir det slik? Ingen kan seia noko sikkert om det enno. Det vil avhenge av viljen både hjå folk flest og politikarane, skriv Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet.

Glede, lukke og poesi
Det er mogleg å skrive sterke dikt om lykke, og poesien kan gje oss glede i kvardagen òg. Eg tykkjer ikkje det er haldbart at lykke skal vera noko som bare den kulørte pressa og popmelodiane har einerett på, skriv forfattar og psykolog Helge Torvund.

Vindtid, vargtid – om krisa på Island
Økonomien har kollapsa, men for kulturen treng ikkje krisa vere berre negativ. Tidlegare kriser på Island har alltid enda med at vanlege folk som står med beina på jorda og produserer noko, har teke over igjen. Samfunnssystema som ein kunne kalla gode eller vonde, er blitt borte, og nye styreformer og prinsipp har teke over: Dei første har blitt sist og dei siste først. Ein spør seg difor om det kan bli slik, denne gongen òg, skriv den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson.

Den ukjende skidronninga
Johanne Kolstad vart utdropt til verdas skidronning då ho hoppa 72 meter New Hampshire i 1938. I fem år turnerte ho over heile Nord-Amerika og deltok i oppvisingar og show. Johanne Kolstad var ein pioner i hoppsporten, skriv Knut og Ole Aastad Bråten.




Elles finn du følgjande artiklar i Syn og Segn nr 4/08:

Olav Kristiseter: Litteraturens hemnande terapeutar – Kvifor det vonde gjer godt

Øystein Vidnes/Marie Sjøvold(foto): Siste dans i Berlin

Hilde Sandvik og Knut Egil Wang(foto): Traktorland

Ragnar Hovland: Rock’n’roll-liv og -død

Unn Conradi Andersen: Ode til Solnør

Liv Hatle: Samisk presse og kringkasting – Frå motvind til medvind

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07