Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn 4/11 ute no: Himmelstormaren Yoko Ono møter unemnelege redslar
24.11.11


– Eg hamna i ein posisjon der eg kunne vere ei bru mellom så mange, mange ting, seier Yoko Ono. Les heile det ærlege og vakre intervjuet Bjørn Hatterud gjorde etter eit møte med kunstnaren på Island i det ferske nummeret av Syn og Segn.

Steve Sem-Sandberg skriv om den estetiske unntakstilstanden kring vitneslitteraturen, og tek til orde for at dei unemnelege redslane må tåle å bli skildra i skjønnlitteraturen, medan Øyvind Glosvik skriv om kva vi kan lære av organisasjonsteorien til Roald Amundsen.

I det nye nummeret av Syn og Segn kan du òg lese Einar Askestad om det spennande kjærleikslivet til Fernando Pessoa, og Tormod E. Eitrheim skriv om den planlagde monstervegen over Hardangervidda.



Bjørn Hatterud: Mellom Yoko og himmelen. Intervju med Yoko Ono
Yoko Ono har i over femti år vore ein av dei viktigaste kunstnarane i verda. Bjørn Hatterud møtte ho før ho skulle tenne lysskulpturen sin IMAGINE PEACE TOWER på Island, og ho fortel opent om livet, kunsten, og korleis ho opplevde å verte skulda for å ha øydelagt The Beatles.

Marit Bendz: Pisspreik for kulturkjerringar
– Odda er feilstinget i hardangersaumen, brunsnigla i den norske hagen, seier Frode Grytten. Sjølv om smelteverket i Odda har stått stille i ni år, er det alltid bråk i Odda. I år var kulturkjerringar og forfattarar samla til Litteratursymposiet for å bråke saman,

Steve Sem-Sandberg: Også dei unemnelege redslane må omtalast
Kan ein som ikkje har kjent konsentrasjonleirane si liding og redsle på kroppen skrive om Holocaust? Steve Sem-Sandberg meiner at det er ikkje kven som skriv eller kva motiv ein skriv ut frå som er viktigast, men korleis tekstane fungerer litterært.

Reidar Astås: Ode til gleda. Soga om ein song
Friedrich Shiller sitt tonesette dikt «Ode til gleda» har vorte sunge av japanske nasjonalistar for å motivere kamikaze-krigarane og framført som hylling av Hitler på fødselsdagen hans. Diktet har òg vorte sunge som ein fredshymne for Europa og vikariert som nasjonalsong for Kosovo og Rhodesia. Reidar Astås skriv om den nær hallusinatoriske patosen som omgir diktet.

Øyvind Glosvik: Brennheit organisering i førti minus
I ei tid der re-organisering av sjukehus, universitet og høgskule vert drøfta dagleg, kan vi lære noko av måten polarheltane våre dreiv organisering på? I år er det hundre år sidan Roald Amundsen nådde sørpolpunktet, og Øyvind Glosvik skriv om korleis ein god leiarstil og organisasjonsteft gjorde at han lukkast med ekspedisjonen.

Ragnar Elias Nilsen: Weber på Stranda
Kva er grunnen til at det er så mange suksessbedrifter på Sunnmøre? Ragnar Elias Nilsen nyttar ein forklaringsmodell frå Weber når han svarer på dette spørsmålet. Kan det vere slik at det i dei tradisjonelt strenge og pietistiske miljøa på Vestlandet låg ein annan forretningsmoral til grunn enn i resten av landet, som gjorde at dei lukkast betre?

Einar Askestad: Pessoa og kjærleiken
Forfattaren Fernando Pessoa levde livet sitt i eksil og einsemd og føretrekte si eiga drøymeverd framfor røyndomen. Einar Eskestad fortel den gripande forteljinga om Pessoa og Ophélia, kvinna som elska han heile sitt liv, og som han til slutt måtte vende seg bort frå for å kunne dyrke einsemda fullt ut.

Tormod E. Eitrheim: Monstervegen over Hardangervidda
Samstundes som folk lenkjar seg fast til maskiner for å hindre monstermaster i vakker og urørt natur, ber stortingskvinnene hardangersøljer på bringa når det blir bestemt at ein ny monsterveg skal byggjast over hardangeridda. Tormod E. Eitrheim skriv om kva konsekvensar ein slik veg kan få for flora og fauna i Hardanger.

Chalak Kaveh: Fridom og fordommar. Eller korleis sigøynarar framleis blir fråtatt levebrødet
Vi kosar oss med Carmen i Operaen, vakker sigøynermusikk og glansbiletet av den frie sigøynaren, men ser ned på sigøynarane som lever i umenneskelege kår rett rundt våre eigne hushjørne. Chalak Keveh peikar på paradokset og kjem med framlegg til ein ny politikk for å gje sigøynarane menneskeverdet attende.

Anne Cecilie Kapstad: Audun Hugleiksson. Baron frå Jølster
I ei stor steinborg på Ålhus i Jølster budde Audun Hugleiksson, som var ein av landets mest lovkunnige menn, styrte finanspolitikken til Noreg og vart utnemnd som kongens sendebod. Han vart avretta under mystiske omstende utan rettsak og dom, og hengd som tjuv. Etter mange år i gløymsla, har han no fått det ettermælet han fortener i heimkommunen.

Elles i Syn og Segn nr. 4/11:
Øyvind Rimbereid: Utdrag frå Jimmen. Et dikt
Bente Riise: Mørkets redslar (leiar)

For meir informasjon: Redaktør Bente Riise: 90 58 48 38 / bente.riise@synogsegn.no / www.synogsegn.no

Følg oss òg på: Facebook: www.facebook.com/pages/Syn-og-Segn/313256217617
eller Twitter: @SynogSegn

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07