Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Dreams - SOS 4/2004
10.11.04- Mette Karlsvik

A relequiem for a dream1 handlar om einsemd. Hovudpersonane blir avhengige av TV, THC og slankeserum. Det endar med høvesvis sinnssjukdom, domfelling, og meir sjukdom.

Historia er overdriven og vanskeleg å relatere til. Men ho er lagd fram på ein bra måte. For er det noko dei kan, amerikanarane, så er det presentasjon. Det demonstrerer dei under valkampen. Presidentkandidatane er knowledgeable, concise, eller good commandors, seier veljarane. Radio seier at Bush ikkje skriv talane sine sjølv2 , medan dei som sufflerer han, berre kviskrar3 . Men trass i og på grunn av valfusk så er veljarane trufaste mot presidenten. Berre etter debattar er oppslutninga kring Bush lågare. Kerry er betre då. Han taklar uføreseielege innspel betre enn det presidenten gjer4 . Omgrepet kontroll følgjer ikkje alltid konservativ.

Vi seier at britar er stive og bundne til reglar. Skotske Ian Hamilton Finlay gjer tradisjonar og grammatikkens reglar til noko organisk. Utanfor huset hans ligg hans Garden of Concrete Poetry. Der voks sonen Alec Finlay opp. Då han var fem, byrja Alec på skule. Det gjorde han sjuk. Han låg til sengs i store delar av barndommen. I den spede kroppen voks ønsket om å gjere noko stort. No er Alec forleggjar5 og kunstnar.

I samband med debatten om skotsk sjølvstyre gav Finlay ut antologien Dreams for a Scottish Parliament. Finlay inviterte kunstnarar til å bidra. Det gjorde han med forelesinga Dreams.

Grunna sjukdommen har Alec låg stemme. Det er mest som om han kviskrar. Dei som høyrde på Dreams, vart liksom kviskra til draums.

Ein av bidragsytarane er Ross Birrell6. Han forsøkte å bli kreativ rådgivar for det skotske parlamentet. Birrell utforma jobben og foreslo seg sjølv som kandidat. Han fekk ikkje svar på søknaden. Då forfatta han svaret sjølv. Dette var invitasjon til jobbintervju signert kreativ rådgivar. Birrell reiste så til The Town Hall i Edinburg. Men etter at The Sun-journalisten fekk stilling som servant hos kongehuset, har britane skjerpa sikkerheita. Birrell vart stoppa. Han reiste tilbake til Glasgow og jobben som foredragshaldar ved Glasgow School of Art.

Det er om å gjere å forbli lengst mogleg i draume-fasen før ein byrjar å strukturere 7, sa Birrell. Dei amerikanske forskarane Scatzman, Worsley og Fenwick freista strukturere sjølve draume-fasen. Dei instruerte forsøksobjekta til å teikne store trianglar med høgrehanda så snart dei byrja drøyme. Dette skulle promotere bevisste draumar, eller lucid dreams, som det er kalla i Amerika.

Eg ville finne ut om ordet lucid har same base som Lucifer. Det fann eg ikkje ut. Men eg fann at idiot er gresk for den som ikkje deltar i politikken.

Politikk hadde nok ei anna rolle i antikken enn han har no. Politikk var nærare knytt til sosialisering. Grekarane var redde for kva isolasjon gjer med oss.

Men no er det kanskje heller frykta for einsemda som er fienden. Kanskje skal vi stå i einsemda, la ho svi så mykje at vi må leggje oss i ho. Når vi vaknar, er det som i blanke ark. Kanskje er det derfor sjukesenger har kvite laken?

Notar
1 Iii, 2000
2 P2 (september 04)
3 P3 (september 04)
4 ABC News (9. oktober 2004)
5 Pocketbooks, Morningstar Pubications, Cannongate, Edinburg
6 Performance artist og lærar ved Avdeling for kunsthistorie og kunstkritikk ved Glasgow School of Art.
7 Performance Art, The Machintoshbuilding, Glasgow School of Art, vår
2001


Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07