Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Nytt Syn og Segn 3/13 ute no: Kan litteraturen forandre verda?
16.09.13



Ved å skrive fram og granske situasjonar som har ført til folkemord og krenking av menneskerettane, kan ein førebyggje slike hendingar i framtida, skriv Sofi Oksanen, og meiner litteraturen har meir kraft enn nyhendespråket.

Gunnar Grytås skriv om gruvebyen Kiruna som må flyttast for å unngå total kollaps, og Øystein Hovdkinn skriv om skotsk nasjonalisme og peikar på moglege konsekvensar av lausriving frå Storbritannia etter folkerøystinga i 2014.

Sofi Oksanen: Litteraturens kraft. Korleis kunsten kan forandre verda
Sofi Oksanen lærte tidleg dei vesentlege uttrykka på estisk, som han drog til skogs, han kom tilbake, han kom ikkje tilbake, han vart sendt til Sibir, eller berre: dei fór med han. Syn og Segn trykkjer i denne utgåva talen Oksanen heldt då ho tok imot Svenska Akademiens nordiske pris for 2013, der ho snakka om korleis forteljinga er det sterkaste våpenet vi kan bruke mot totalitære regime.

Gunnar Grytås: Kiruna – malmtraktert by for Bolaget
Kiruna er ein by på utrygg grunn. Omfanget av flyttinga av byen er enormt, og noko liknande har aldri skjedd før nokon stad i verda, skriv Gunnar Grytås. Sidan gruvedrifta starta opp i 1890 har det blitt henta ut over ein milliard tonn malm, og er det største naturinngrepet i svensk historie.

Margunn Vikingstad: Kunsten å tenke ynkeleg
Skiftet mellom konstruksjon og ynkelegheit i Trude Marstein sine bøker er nesten til å le høgt av, skriv Margunn Vikingstad, og meiner ho utfordrar humormonopolet til nynorskkvinnene. I dette essayet utforskar Vikingstad Marstein sitt blikk for det banale og ynkelege.

Berit Moltu: Når kunsten vert nytta til å seie det ein ikkje kan seie
Kva skjer med evna til å leve og elske når ein oplever seksuelle overgrep av nære omsorgspersonar? Berit Moltu har lese Maria Zennström si bok Hvordan ser et liv ut viss man ikkje har nok kjærlighet som kom på Pelikanen forlag i år, og ser på korleis boka utforskar absolutte tabu.

Øystein Hovdkinn: Skotsk nasjonalisme
Nasjonalistpartiet SNP er det største politiske partiet i Skottland, og dei har gått til val på å sprengje den 206 år gamle unionen med England. I 2014 skal skottane gå til urnene for å røyste for eller imot. Øystein Hovdkinn skriv om korleis den skotske nasjonalismen vaks fram, og kva konsekvensar eit sjølvsendig Skottland kan ha for til dømes Noreg.

Eva Holthe Enoksen: Sjå til sola
Kan solcelleteknologi redde verda? Kvart sekund får jorda like mykje energi frå sola som vi brukar på eit heilt år, skriv Eva Holthe Enoksen. Ho ber oss sjå til sola igjen, i ei tid der energibruken vår tek knekken på miljøet.

Ole Aastad Bråten: Forskaren og kulturen
På 1800-talet blømde interessa for det opphavlege og ekte, og herrar i dress reiste frå byen til bygda for å finne den ”rette” kulturen. I dag skriv politikarar stortingsmeldingar og konvensjonar om folkemusikk. Ole Aastad Bråten set spørsmålsteikn ved kor djupt denne iveren for det folkekulturelle stikk, og om konflikten som ligg i å vere utøvar og forskar av den same kulturen.’

Raymond Lidal: Sana’a. Våpen, fattigdom og kjærleik
Det er få som kjenner til hovudstaden i Jemen, Sana’a, skriv Raymond Lidal. Han bur sjølv i byen og skriv fram eit varmt portrett som peikar på dei ulike sidene ved staden og folket. Teksten er rikt illustrert med forfattarens eigne bilete frå kvardagen i Sana’a.

Per Halse: Sledekøyring og Kollsigling. Kjærleik og død, språk og religion
Den norske målrørsla har fleire kjende heltar, men det fins endå nokre som ikkje får merksemda dei har fortent. Gissur Belsheim er ein av dei. Saman med faren meisla han ut eit nynorsk kyrkjespråk. Per Halse fortel historia om ulukker, tidleg død og skandale utanfor ekteskap.

Andreas Skartveit: Gud og kongen. Eller religionstilsynet
Om det vi moderne menneske ser som overtru, skal fjernast frå tru og tanke i demokratia våre, blir det ikkje mykje att av religionane, skriv Andreas Skartveit. Han kjem med eit kritisk svar til artikkelen av Gunnar Skirbekk i førre utgåve av Syn og Segn.

Bente Riise: Å skrive fram eit land (leiar)
Sofi Oksanen har grave fram gamle forteljingar og sett Estland på kartet igjen. Om vi ikkje forstår gårsdagen, forstår vi heller ikkje morgondagen, skriv Bente Riise. Oksanen får oss til å identifisere oss med romanfigurane og viser oss at forteljinga er det sterkaste våpenet vi har.

Elles i Syn og Segn 3/13:
Juliane Rui: Dikt og draum

For meir informasjon eller meldareksemplar: Redaktør Bente Riise: 90 58 48 38 / bente.riise@synogsegn.no / www.synogsegn.no

Følg oss òg på: Facebook: www.facebook.com/pages/Syn-og-Segn/313256217617

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07