Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Draumspel - SOS 4/2004
10.11.04- Gyrid Axe Øvsteng

Jobben min går som ein draum. Eg har mykje å seia til verda og prøver å finne måtar å seia det på. Eg vonar at nokon forstår meg, eg har eit formidlingsbehov. Eg har noko eg treng å få sagt, eg har eit behov, noko inni meg, meg, viktig, noko å seia, eg

/togn/

Jobben min går som ein draum. Eg har mykje å seia til verda og prøver å finne måtar å seia det på. Eg vonar at nokon forstår meg, eg

/togn/

Eg

/togn/

Eg har eit barn i magen. Eg har mykje å seia til barnet, og eg prøver å finne måtar å seia det på. Eg vonar det forstår meg. Eg har noko eg treng å få sagt, eg har eit behov, noko inni meg, meg, viktig, noko å seia, eg

du
hallo
du du du

/togn/

Jobben min går som ein draum.

er du der?

/togn/

Dialog er viktig i teater.

har du det bra?

/togn/

Det finst ein unik kommunikasjon mellom mor og barn.

du, korleis

/togn/

Eg kjenner ikkje om barnet har det bra eller ikkje, og eg får ikkje svar når eg spør. Eg tenkjer at dette kan aldri gå bra, kva om eg aldri får fortalt

hallo!

/togn/

I teater er det som ikkje blir sagt, like viktig som det som blir sagt. Det finst ein unik kommunikasjon mellom mor og barn.

du kan vel
for helvete
svara
!

Eg kjenner ikkje om ungen har det bra eller ikkje, eg får ikkje svar når eg spør, og om natta drøymer eg om unemnelege ting og vaknar på innpust

...

/togn/

...

På eit eller anna tidspunkt vil ein kjenne seg tvinga til å puste ut og tenkje at det berre var ein draum. Ein vil kjenne seg tvinga til å

...

Tenkje at det berre var ein

...

Munnen er open, det kjem ikkje ein lyd, pusten går innover til det seier stopp og han ventar. Ingenting hender, og pusten ventar, og eg tenkjer at dette byrjar å bli frykteleg viktig og ganske opprørande, for noko ventar, noko treng å seiast, og nokon treng å høyre det, og før eg får tenkt meg om, skyt pusten ut i frykteleg fart, og det er stemme på han og

eg har ein draum

Eg kjenner at eg blir flau. Eg tenkjer at dette er da verkeleg ein frykteleg måte å starte eit teaterstykke på, og er det ikkje nokon som har sagt dette før, og alt eg kan tenkje, er at eg blir flau over å ha sagt

eg har ein draum

Det er stemme på pusten og svart på kvitt, og dramaturgen ser på meg, og eg ser ned når ho spør kva det er eg meiner. Berre verd og berre liv utan draum er ikkje mykje å skryte av, seier eg. Det kan du ha rett i, seier ho, men kva meiner du eigentleg? Munnen er open, og pusten ventar, og dramaturgen seier at dersom du ikkje klarer å formidle draumen din, vil barnet ditt ikkje lenger ønskje å koma ut, for verda er stygg og vond og jævleg, menneska er knapt menneskelege, og jorda går til helvete snart likevel, så korfor skulle vel barnet ditt ønskje å leva seg stort?

...

Eg vaknar på innpust.

hallo!
søv du?

/togn/

du?
søv du?

Dette er ikkje eit teaterstykke, seier dramaturgen. Det har du sanneleg rett i, seier eg. Teater blir det ikkje før

det er noko eg må
seia deg

/hysj!/

er du vaken?

/eg prøver å sova/

må ikkje sova, nå

/eg prøver å

noko viktig
må seiast

drøyme/

kva sa du?

/eg drøymer/

å

/togn/

...

På eit eller anna tidspunkt vil ein kjenne seg tvinga til å puste ut og tenkje at

eg har ein draum /eg har ein draum/


Jobben min går ikkje som ein draum. Eg har mykje å seia til verda, men får det sjeldan til. Jobben min er draum. Han gjev meg høve til å drøyme om ein gong å få sagt det eg mest av alt ønskjer å seia. Det som vil få menneska til å forstå. Det er dét eg drøymer om. Å formulere draumen min så presist, så perfekt, at alle vil skjøne at denne draumen er det ikkje berre å gå forbi. Denne draumen er til å fange, gjera verkeleg. Og denne draumen er til å vekse opp på og leva for. Og eg kjenner at eg ikkje er flau over å drøyme om å vera ein superhelt. Ein superhelt som vil redde verda.

di verd

/togn/



Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07