Hovudside
Redaksjon
Bestill abonnement
Gåveabonnement
Julegåveabonnement
Arkiv
Skriv for oss
Rett på nett
Lenkjer
Verving

Syn og Segn

Tidsskriftet for kultur, politikk og samfunn

Grunnlagt i 1894. Tradisjonsrikt og utradisjonelt.
Norsk debatt, europeisk utsyn, internasjonalt perspektiv.

Redaktør: Knut Aastad Bråten

Les meir






Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Karin Sveen
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn

Syn og Segn 3/2004
Syn og Segn om Sør
Symptomet Åsne Seierstad, Europas kunnskapsimerialisme, livet som journalist i Zimbabwe, den nye afrikanske litteraturen og den iransk-jødiske forfattaren Dorit Rabinyan på norsk for første gong.

Innhald

Leiar
Symptomet Åsne Seierstad
Av Marit Eikemo og Teresa Grøtan

Myten om det gode Europa
Stadig fleire ønskjer å framstille den europeiske unionen som eit solidaritetsprosjekt og ei naudsynt motvekt mot USA. I røynda er dagens EU ein pådrivar for nyliberalistisk offensiv som aukar foskjellenane mellom rik og fattig, og som innskrenkar det demokratiske handlingsrommet.
Av Tore Linné Eriksen

Mogelegheitar i motgang
Zimbabwe er det tredje farlegaste landet å vere journalist i.
Det har òg sine positive sider.
Av Wilson Johwa

Afrikansk skjønnlitteratur:
Mot ei ny tid
Koloniherrane lykkast i å gjere afrikanarane stemmelause gjennom å stele språket deira. Den afrikanske romanen oppstod som eit forsøk på å løyse denne situasjonen. Men det som tidlegare forfattargenerasjonar var opptekne av, er ikkje like presserande for den nye generasjonen.
Av Helon Habila

Ei anna tid
Den første gongen eg såg Odia Ofeimun, var i eit selskap i Lagos. Vi kom for seint, Toni Kan og eg. Det var ein fredag, vi hadde gått frå kontoret og vore innom i fleire pubar på vegen, og då vi kom til selskapet i nitida, var vi pussa. Men vi var i godt selskap: nesten alle var rusa. Det var høg stemning i rommet, og slik var det over heile Nigeria.
Av Helon Habila

Ei perfekt bru
"Høyr folk, de kunne ha skapt ein nydeleg stad her, om de berre hadde snudd ryggen til dei som drap seks millionar av dykk, og aksepterte at dei som bur i denne regionen, aldri har gjort noko slikt."
Runo Isaksen i samtale med forfattaren Dorit Rabinyan, iransk jøde busett i Israel

Utdrag frå
Persiske bruder
Av Dorit Rabinyan
Persian Brides er Dorit Rabinyan sin første roman. Handlinga utspeler seg ut over to døgn i ein fiktiv iransk landsby, rundt 1920. To unge jødiske jenter er i fokus: Flora Ratoryan (15), som er gravid med ein kleshandlar, som forlet henne; og hennar kusine Nazie (11), som giftar seg med Flora sin bror Moussa. Det handlar om kvinna sin posisjon og rolle, og det handlar om ære, om korleis samfunnet forventar at ei kvinne skal te seg. Rabinyans romanar har hittil ikkje blitt omsette til norsk.

Å sjå eit menneske
Tre fotografar om å ta bilete av menneske i land i Sør.
Av Teresa Grøtan

Eit forsvar for universelle verdiar
Rettferd blir gjerne sett i lys av kva for rettar vi har. Den amerikanske
filosofen Martha C. Nussbaum meiner rettferd dreier seg om å
gi alle like sjansar til å duge som menneske. Og med alle meiner
ho alle, menn som kvinner, i vestlege og ikkje-vestlege kulturar,
uansett religion og tradisjon. Nussbaum er i dag ein av dei fremste
forsvararane av ein universell feminisme. Ho vitja Noreg i august.
Dette er eit utdrag frå boka ho forelas over medan ho var her,
Women and Human Development: The Capabailities Approach
(Cambridge University Press 2000). Boka er ein krass kritikk av
filosofiens og feminismens svik mot verdas fattige – dei som ikkje
får sjansen til å duge. Fleirtalet av desse er kvinner.
Av Martha C. Nussbaum

Kunnskapsimperialisme
Europas kamp for å utkonkurrere USA på utdanningsmarknaden
kan tappe den vesle afrikanske middelklassen
for inntekter og talent.
Av Tor Halvorsen

Fns Tusenårsmål:
Berre ein festtale?
FNs tusenårsmål skulle samle alle land i verda til kamp mot
fattigdom. For å sikre felles fokus frå internasjonale donorar
blei tidsfristen for å oppnå måla sett til 2015. Dei siste åra har
likevel tusenårsmåla tapt i kampen om merksemd frå verda, og
hamna i skuggen av mellom anna kampen mot terror.
Av Aina Holm

«Vi er der det skjer»
– vilkår for norsk utanriksjournalistikk
NRK og TV2 meiner dei ikkje har ressursar til å setje sin
eigen dagsorden innanfor utanriksjournalistikken. På den
måten blir det verdshendingane internasjonale aktørar som
CNN og Reuters ser som vesentlege, som vert dekte. Den
internasjonale agendaen vert også den norske.
Av Åse Johanne Roti Dahl

Dominans eller sjølvmarginalisering?
Afrikas manglande nærvær i dei globale media

Afrikanske medium er totalt dominerte av vestlege kjelder.
Sjølv nyheiter frå eige land kjem frå CNN eller BBC, og er tilpassa
ein vestleg marknad. Kor er Afrikas svar på Al-Jazeera?
Av Audrey Gadzekpo

Bli abonnent!

Tilbake
   Syn og Segn nr 4/2008


   Syn og Segn nr 3/2008


   Syn og Segn nr 2/2008


   Syn og Segn nr 1/2008



   Syn og Segn nr 4/2007







   Syn og Segn nr 3/2007



  
Syn og Segn nr 2/2007


  
Syn og Segn 1/07